Frå vårt nedslagsfelt er det fleire deltakarar som hevdar seg utruleg bra på Landsskytterstevne som arrangeres på Voss i denne stund. Særleg rekruttane i Surnadal skytterlag Ivar Waag, Jorun Snekvik, Karen Snekvik og Tor Fredrik Mikkelsen gjer det godt i følge både Driva og Trollheimsporten.
Les heile saka
Denne helga er det siste sjangse for å besøke Svinviks arboret for i år. Det betyr at sommaren er på hell, men du kan enno ta turen til arboretet laurdag og søndag som er dei to siste opningsadagane. Begge dagar er det ope mellom kl 12-17. Søndag 12. august arrangeres også «1000 opne hagar» i regi av hagelaga, og Surnadal hagelag melder at det her i kommunen er to private hagar som blir opne for publikum denne dagen – nemleg i Todalshaugen hos Dordi og Johan Hals og i Bøfjorden hos Marta og Oddmund Gravvold.
Les heile saka
Pakkhuset Kro på Todalsøra melder at det blir open pub laurdag 18. august frå kl 21.00 og utover. Derimot er det ikkje ope i kveld laurdag 11. august, melder vertskapet Erling og Synnøve.
Sist onsdag var Per Åke Jakobsson på Gjeldnes ein tur opp til Sulvatnet på ettermiddagen, for å sjå etter eigne sauer. Veret var retteleg dårleg, med skodde og regn. Da såg han at nokre av sauene sto på same plass som sist han var oppover der, ein 5-6 dagar sidan, fortel Torill Gjeldnes i ein epost til redaksjonen. Sauene sto oppi sida ovanfor vatnet , nedanfor inner Sulå. Per Åke gjekk nærare , og skjønte at sauene ikkje kom seg verken opp eller ned frå hylla dei befann seg på .
Les heile saka
Da er mysteriet oppklart ved hjelp av John Moe. Han skriv:
Dette var engasjerende. Hadde i dag besøk av en Rodaling og han kunne bekrefte at sagbruket i reportasjen heter Anders Rodal & Sønner. Han mener at bruket ble nedlagt ca.1985 (rett etter at dette bildet ble tatt) og det var plassert i fjæresteinene rett innafor fergeleiet som var i Rodalen
Les heile saka
6 år gammle Kristian Boge Tveit frå Vaksdal i Hordaland fekk i dag sin første laks på heile 8,2 kg i Toåa. Her ser du ein stolt liten kar med fangsten. Litt arbeid vart det å hale den i land og i følge fiskaren så hoppa laksen 5 gonger og raste ut att minst ein gong, så litt hjelp frå pappa Ørjan måtte til på slutten.
Les heile saka
Jon Bruset fortel i ein oppklarande epost til redaksjonen at den tidlegare omtala stien over Øvre Geitabrua ikkje går til Gråknollen. Den fører «berre» opp til Lauvåfjellet, for det meste langs Lauvåa. Både merkinga og stien sluttar når det flatar ut innover Lauvåfjellet. Denne var før i tida brukt til høydraging, da den ikkje er fullt så […]
Les heile saka
I morgon kveld er det annonsert med tapasaften på Pakkhuset Kro. Då kjem gjestekokkar frå Spania og inviterer til storstilt tapasbuffet, som dei har gjort dei to siste åra. Tapas betyr som kjent smårettar, og desse blir laga av den spanske kokken Francesc Perez Baldo og kona Siri Lund, fra Kristiansund.
Les heile saka
IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsettet for Søya-cupen no er klart. Dei har i 60 påmelte lag og inntaksstopp for fleire og kan difor være ein av få cuparrangører som er ute i så god tid med dette.
Les heile saka
Førstkommende fredag, den 10.08, blir det arrangert sjøfiske for barn og unge på Nordvik. Dette er eit arrangement i regi av Surnadal Jeger og fiskeforening, der Ola Røe sammen med fiskeestell- og Kårvatnutvalgene inviterer til båtfiske på Todalsfjorden. Foreninga lokkar med gratis grillmat til alle som kjem.
Les heile saka
Vaulens venner inviterer til deltaking i slåttaarbeid på markagarden Vaulen på Nordmarka førstkomande helg. Det skjer ei helg i august kvart år, og er med på å halde slåttemarka rundt husa i hevd og tek vare på kulturlandskapet. Det er anledning å møte opp både lørdag og søndag. Båtskyss kan ordnes frå Solåsvatnet og Krokvatnet kl 08.30 begge dager. Det er fint om dei som eventuelt møter opp tar kontakt med Even Sande tlf 90035895.
Les heile saka
Fellesferien har komme og gått, og mange har nok no starta på jobb etter sommarferien. Sjølv om vi har hatt begrensa sommarvêr, har det våre mange fine bilete også i juli, og no skal vi kåre månadens bilete.
Les heile saka