Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skjærtorsdag: Tradisjonelt seterrenn

Skjærtorsdag: Tradisjonelt seterrenn

Sverre Kjølstad Fredag 30. mars 2012

Påsken nærmer seg med stormskritt, og på Nordvik er man i full gang med å planlegge det tradisjonelle seterrennet på skjærtorsdag som i år arrangeres for 84. gang. Det har sett dårlig ut med skiføret på setra i år, men i dag har snøen lavet ned, og vi krysser fingrene og håper på mere snø fram til skjærtorsdag. Imidlertid har vi en alternativ løsning for arrangementet hvis det ikke blir nok snø. I 2003 var det også snømangel på setra, og da ble det gjennomført konkurranse med natursti, snøballkasting og kringelhauking.

Les heile saka

Gjorde stas på jubilanten…

Gjorde stas på jubilanten…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Torsdag kveld vart Sigrun Ørsal gjort stas på av Dametrimmen. Forleden feira ho 75-årsdag, og da tykte medlemane i Dametrimmen at det var ei høveleg anledning til å feire litt på siste trimkvelden før påske. Denne kvelden var det 11 spreke damer som møtte opp, men May Elisabeth Holten fortalte at dei kan vere opptil 17-18 på trimkveldane i Todalen oppvekstsenter. Og dei er ikkje akkurat nybegynnarar, for dametrimmen har halde på sia 60-talet ein gong. Men Sigrun har vore med heile tida, og er med for fullt enno!

Les heile saka

Dalavegen – pressemelding frå Surnadal kommune

Dalavegen – pressemelding frå Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Frå konstituert rådmann Gunnhild Eidsli har vi fått ei pressemelding vedrørande Dalavegen: «Dalavegen opp til Kårvatn i Todalen er stengt, ved Falla oppi Brusetmarka, på grunn av jord-/leirras.  Arbeidet med reparasjon kan ikkje startast før værtilhøva betrar seg og området er trygt for anleggsmaskiner. Ut i frå værmeldingane kan ikkje dette arbeidet ta til før tidlegast etter påske. For fastbuande er det arrangert moglegheit for omkjøring over privat eigedom. Det same gjeld for transport i nødsfall.
For nærare informasjon kan Surnadal kommune sitt sørviskontor kontaktast på tlf. nr. 71 65 58 00».


Dugnad i båthavna

Dugnad i båthavna

Elinor Bolme Fredag 30. mars 2012

Styret i Todalen Båtforening minner om at det er dugnad i båthavna førstkommande laurdag kl 11:00. Da blir det opprydding etter Dagmar sine herjingar og klargjering for vårens båtaktiviteter. Dei oppfordrar til å ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er store mengder av tang og rekved som må samlas i haugar for bortfrakting seinare.

Les heile saka

Vegen i Falla er fortsatt stengt

Vegen i Falla er fortsatt stengt

Jon Olav Ørsal Fredag 30. mars 2012

Dalavegen er stengt i Falla i Brusetmarka, der det er gått eit ras torsdag kveld. Gammelvegen, som er privat veg, er også vurdert som rasfarleg område, og vegen der er også stengt for trafikk. Surnadal kommune skal i dag vurdere kva som skal gjerast for å sikre atkomsten til Kårvatn og til oppsittarane ovafor Falla. Vegstenginga skaper problem for Kårvatn Fjellutstyr og deira verksemd som i dag har 3-4 arbeidsplassar på «butikken på låven».

Les heile saka

Falla er stengt på grunn av ras!

Falla er stengt på grunn av ras!

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Vi har fått melding om at vegen opp Falla er stengt på grunn av ras. Vegen har enno ikkje rasa ut, men det er gått ras på nersida av vegen, og utover ekra ved Falløya. Det er no folk på veg frå Surnadal kommune for å avklare situasjonen og sikre området. Det har vært mykje regn dei siste dagane, og dette er nok årsaka til at massane er ustabile.  Vegen opp Gammelfalla er også stengt på grunn av rasfare. Vi kjem att med meir informasjon når sistuasjonen er avklart.


Påskepub på Pakkhuset

Påskepub på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Det blir to pubkveldar på Pakkhuset Kro på Todalsøra denne påska, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no.  Dei opnar første kvelden laurdag 31. mars, og så blir det ope onsdag 4. april. Begge kveldane frå kl 21.00 og utover.  Synnøve ønskjer både bygdefolk og tilreisande velkomne på pubkveldane.  Ho fortel vidare at det brukar å bli ekstra triveleg på slike kveldar, når du kan få gjensyn med utflytta todalingar og andre kjente i uformelt og triveleg lag.  Ta turen på Pakkhuset i påska til ein triveleg pubkveld!


Meir utbredd enn vi trur?

Meir utbredd enn vi trur?

Elinor Bolme Torsdag 29. mars 2012

Onsdag kveld var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldreog andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011.

Les heile saka

Lørdag: Dugnad i båthavna

Lørdag: Dugnad i båthavna

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. mars 2012

Todalen Båtforening vil minne om at det er dugnad i båthavna førstkommende lørdag kl 11:00. Da skal vi fjerne sporene etter Dagmar og klargjøre for vårens båtaktiviteter. Ta med familie og venner, hansker, trillebår og rive. Det er mengder av tang og rekved som må samles i hauger for å kjøres bort senere, melder styret i en e-post til Todalen.no


Eldremiddagen: Potetball på «Vestrumvis»

Eldremiddagen: Potetball på «Vestrumvis»

Reidar Østvik Torsdag 29. mars 2012

Onsdag var det ny møtedag igjen hos Eldremiddagen, og vi kan vel bortimot garantere at ingen av de til sammen 22 gjestene gikk sultne fra bordet! Denne dagen var det potetball på «Vestrum Vis», med ball fylt med kjøttbiter, servert sammen kålrabi, poteter og stekt flesk, og, for ikke å glemme, med ekte sirup til, så mye en bare ville! Vi kunne tydelig registrere en trøndersk inspirasjon, som i alle fall fikk mitt godmat-hjerte til å banke vel og gjenkjennende. Dagens kokker, som nå er å betrakte som ekte todalinger som noen andre, har i sin tid hatt med seg ekte mattradisjoner fra Tondheim og Gjøvik inn i bygda, og det gir gode blandinger.

Les heile saka

Storsalg hos Kårvatn Fjellutstyr

Storsalg hos Kårvatn Fjellutstyr

Elinor Bolme Onsdag 28. mars 2012

Kårvatn Fjellutstyr AS melder om storsalg no før påskehøgtida sett inn for fullt. Dei har ope til og med laurdag denne veka, pluss mandag, tirdag og onsdag i neste. Dei har da ope til 17 mandag og onsdag, medan det er ordinær langope på tirsdag til 19.

Les heile saka

Nedbør og snøsmelting skapte flaum

Nedbør og snøsmelting skapte flaum

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mars 2012

Det siste døgnet har det vore stor vassføring i Toåa. Mykje regn og rundt 10 varmegrader skapte tendes til flaum i morgontimane og utover føremiddagen. Vidare utover dagen var det stort sett opphaldsver, og vassføringa gikk noko attende utover ettermiddagen og kvelden. Til onsdag melder yr.no om tildels store nedbørsmengder i Møre og Romsdal, men melder samtidig lågare temperatur. Men ein kan nok rekne med at det blir stor vassføring også onsdag utpå dagen og utover kvelden.

Les heile saka