Fotballgruppa og anleggsgruppa i Todalen IL inviterer til dugnad i forkant av årets Todalsdag dei to neste tirsdagane kl 18.00, den 19. og 26.
Ta med høvelig utstyr som for eksempel kantklippar, rive, gaffel, slegge, spett og anna motorisert kjøretøy, skriv dei i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
Stangvik historielag melder om kulturvandirng til Nordviksetra og Svinviksetra søndag 10. juni. Start frå Nordvik forsamlingshus kl. 1000. Vi kjører bil etter bomvegen til parkeringsplassen ved Sørbrua. Vidare vandrar vi i roleg tempo langs vegen til inntaksdammen for Nordvik Kraft, og etter myrane innover til Svinvikseterstølen. Svein Olav Svinvik er med som kjentmann og kan fortelje om både nysetra og gammerlsetra i Svinvika.
Les heile saka
Mandag var komikeren Zahid Ali og kompisen Mudasser på Todalsbesøk med et kamerateam på slep. Teamet er nemlig i Surnadal for å gjøre opptak til en TV-serie som kommer til høsten. I Todalen var det Talgø som fikk besøk, og anledningen var at Zahid Ali og kompisen Mudasser skulle prøve seg som møbelarbeidere for en dag. På Talgø vart de kledd opp i uniform, og entret produksjonslokalene full av optimisme og pågangsmot. De gjennomgikk en intensiv opplæring sammen med daglig leder Ola Magne Nordvik og produksjonsleder John Moe, før tok fatt på første oppgaven som var fresing av gardrobedører under kynding veiledning av fresoperatør Dan Roger Pedersen.
Les heile saka
Ann Kristin Bruset på Bakkå, Nordvik fekk seg ein liten støkk i går kveld etter ho kom heim frå arbeid. Ho hadde følelsen av ikkje vera heilt åleine, og fekk ganske så rett da ho sette eg ned attmed ovnen for å tenne opp. Då såg ho rett inn i augene på ei ugle.
Les heile saka
Måndag var skydekket såpass høgt at det gikk an å fotografere «Hønhalsen». Vi trudde at den var seint ute i år. Men dersom ein studerer detaljbilde, kan ein sjå at det kanskje ikkje går så lang tid før den går av. Før var det sagt at når Hønhalsen går av er det lov å starte badesesongen. Det har nok sterke tilknyting til kor mykje snø det er i fjellet og kor mykje kaldt smeltevatn det er i elvane.
Les heile saka
Det var stor interesse for den historiske vandringa som Todalen historielag la opp til i Brusetmarka. Værgudane sørga for at det vart ei vandring på lerretet på Gammelfabrikken for eit stort 60-tal, og det var eit godt alternativ i regnvêret. Finn Talgø var hyra inn som kjentmann og formidlar av historia til Brusetmarka. Han starta med historia om Bjørås og da han og foreldra Erling og Aslaug bodde der. Da han var 15 år, flytta til nybygd bolig på Brekkvoll. Finn tok for seg hus for hus innover grenda, og fortalte om kven som har bodd der og litt om livet i grenda i gamle dagar. Det var også mange publikum som supplerte med opplysningar, og krydra førestillinga med muntre historier frå gamle dagar.
Les heile saka
Dei to FAU ved henholdsvis Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har etter ei vurdering i dag bestemt å avlysa bli-kjent arrangementet ved Todalen Skule i morgon. Etter vermeldingane å døme er det meldt rett og slett dårleg nordmørsver med mykje nedbør i tidsrommet arrangementet var planlagt.
Les heile saka
Energiske Ingvild Kårvatn har fått med seg Todalen Idrettslag til å arrangere mosjonsløpet «Ræta opp» under årets Todalsdag. Bakgrunnen for løpet kjem seg av at ho etter lengre tids kreftsjukdom deltok på halvmaraton for å «teste formen» for eit par år sia. Ho deltok også på ulike motbakkeløp og mosjonsløp her i distriktet, men fekk liksom ikkje frå seg ideen om at dette kunne vel også Todalen IL arrangere. Og som sagt som gjort, Todalen IL beit på ideen og arrangerer dermed «Ræta opp» for aller første gong no i år under Todalsdagen 30.juni.
Les heile saka
I dag var siste dagen for fødeavdelinga ved Orkdal Sjukehus. 4. januar i år vart vedtaket fatta om at fødeavdelinga skulle nedleggast etter mykje om og men. Dette inneber at alle fødande tilhøyrande Orkdalsregionen no må benytta seg av St Olav Trondheim, om dei rekk det…
Les heile saka
Trollheim Vekst og Talgø Invest melder i ei felles pressemelding at det er inngått avtale om leie av rundt 1800 m2 av produksjonslokal i industribygget til Trollheim Vekst ved Syltøran. Det er stor produksjonsauke ved MøreTre som gjer dette aktuelt, samtidig som Trollheim Vekst har fått ledige plass i sine produksjonlokaler. MøreTre vil flytte heile elementavdelinga over til lokala i dette bygget for å frigjere plass for å auke produksjonkapasiteten for MøreRoyal-produkta. Her kan du lesa heile pressemeldinga.
Grunnet plenklipparhavari hos Todalen IL må opprinnelige oppsatte kamp laurdag 2. juni kl 14.00 på Bordholmen mellom Søya/Todalen og Smøla flyttes til Søyabanen samme tid. Smøla er eit av topplaga i divisjonen, men på ein god dag kan det kanskje vere på sin plass med ei overrasking?
Les heile saka
Førstkomande søndag mellom kl 13 og 17 inviterer Todalen historielag til historisk vandring i Brusetmarka. Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag fortel at dei har fått Finn Talgø som kjentmann og omvisar. Det blir oppmøte på Gammelfabrikken og omvisning frå Bjørås, der Finn er født, og vidare innover til Gammelfabrikken. Der blir det omvisning i ustillingslokala til Talgø, samt rundt omkring i parkanlegget utafor fabrikken.
Les heile saka