Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Friluftsgudteneste og dåp runda av påska

Friluftsgudteneste og dåp runda av påska

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2013

Vêrgudane var rause 2. påskedag da Todalen sokneråd og Todalen Idrettslag i fellesskap arrangerte friluftgudsteneste på Haugligardane. Den siste veka har vêrmeldingane bydd på alle variasjonar frå snøvêr med kuldegrader og sol frå blå himmel. Dei heldt sågar arrangøren i ånde heilt ut i morgontimane, men så glimta dei til med både solgøtt og god temperatur. Ein riktig fin dag vart det på Haugligardane, og det viste eit 80-tals publikum å sette pris på.  Ein ekstra spiss på dagen sette nok dåpsbarnet, da lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset vart båret til dåpen av sine foreldre Anna Bruset og Mattias Virtanen.

Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta, og han hadde nok hjelp av ein ekstra stor stab til dagens friluftsgudsteneste. Klokkar Ildri S. Øyen og organist Bernt G. Bøe var på plass frå den faste staben, men John Moe sørga for å ringe med den improviserte kyrkjeklokka. I tillegg var årets konfirmantar engasjerte til å samle inn kollekt, som på denne dagen skulle gå til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Med seg på laget hadde dei og trimgruppa i Todalen idrettslag. Dei hadde sørga for utplassering av benkar til publikum, laga alter og hadde fyrt opp storgrillen for å servere varme pølser og kaffe til publikum etter gudstenesta.

Sola var nok litt ustabil, men innimellom var det da skikkeleg sølgløtt og god temperatur til publikum som kosa seg på denne fine avslutningsdagen for årets påskehelg. Og fornøyd, det var også organisten, for på mobiltelefon på tur heim til Bøfjorden var han raus med superlativa når han rosa innsatsen til både soknerådet og trimgruppa. Han var rett og slett imponert over kor fint denne gjengen hadde lagt det til rette for å halde friluftsgudteneste. Todalingane har ei imponerande dugnadsånd, og har sansen for å gjere det lille ekstra for å få til eit vellukka arrangement, sa han. Og det er nok sikker godt at ting er i orden, for både organisten og presten har sjølvsagt hatt det travelt i påska, med både gudstenester og andre arrangement i dei tre sokna i Stangvik prestegjeld.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå frilufstsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. april 2013, 15:36