Fredag vart den nye gravemaskina til Per E. Gjeldnes Maskin levert. Det er ein Volvo EW 140D, som er ein topp moderne hjulgravar. Den er levert med med roterande rototilt, som sammen med klype blir eit ypperleg utstyr for legging av steinmurar. Per Gjeldnes driv entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin saman med sonen Arne, og laurdag var dei i full aktivitet med montering av utstyr, og prøvekjøring ved verkstaden attmed Bordholmen.
Les heile saka
Etter at Eldrerådet i Surnadal sist onsdag var ferdig med sitt møte i Todalen og hadde fått omvisning på Gammelfabrikken, ble rådet invitert til høstsesongens første «eldremiddag» sammen ordfører Otnes og rådmann Haugen i kommunen. De dyktige kokkevertene våre hadde pyntet opp i Sanitetshuset med blomster og bordopp-dekking så det nesten minnet om en bryllupsfest, og serverte en førsteklasses «kjøtt og påsse» – middag fulgt av riskrem og kaffe.
Les heile saka
Om sommaren 2012 er den dårlegaste i manns minne er vi ikkje sikker på, men statistikken vi har fått frå Jon Bruset fortel oss iallfall at det har vore ein av dei dårlegaste somrane sia han starta med registrering av maksimum og minimumstemperaturar i 1990. Han har gjort ei oppteljing, og sommaren 2012 har berre 17 sommardagar i notatane hans. Ein sommardag er definert som ein dag der maksimumstemperaturen er 20 grader eller meir i løpet av døgnet.
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag melder at dei er så godt som im mål når det gjeld årets stamfiske etter laks. Dei har no 5 hofiskar og 2 hanfiskar som er i god kondisjon og som er gentesta, men det er enno ønskjeleg med 2-3 hannar for å få større breidde i genmaterialet.
Les heile saka
Stavganggruppa i pensjonistlaget la torsdag 6. september turen til alpinsenteret i Sæterlia. Lisbet Ranes og Tor Mogstad stilte som lokalkjende turleiarar der dei opplyste om namn og fortalde historier på turen. Først gjekk vi til Tømmerhaugen, det nye bustadfeltet straks nedfor alpinsenteret. Etterpå losa Lisbet oss til Ropar´n, ein plass rett opp for Trudvang med utsikt over det meste av nerbygda
Les heile saka
Fredag kveld opnar Ole Mauseth utstillinga «Marmor og bronse» i Finstuå på kulturhuset. Det blir ei jubileumsutstilling både for kulturhuset og for Ole Mauseth, for det er 10 år sia han hadde utstilling i kulturhuset og utstillinga er eit av jubileumsarrangementa for Surnadal kulturhus. Denne gongen er det altså skulpturar han stiller ut, og det er første gongen at det er ei utstilling med berre skulpturar i Finstuå.
Les heile saka
Det er nå klart for Trondhjem turistforenings planer for bygging av ny turisthytte i Naustådalen. Da verneområdestyret for trollheimen hadde møte i forige uke vart de to klagene på forrige møtes vedtak avvist med henvisning til Naturmangfoldloven. Det var Trollheimen Sitje (reindrift) og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal som hadde klaga på vedtaket.
Les heile saka
Onsdag hadde Eldrerådet i Surnadal kommune møte i Todalen. dei hadde mange saker på dagsorden, men av lokale saker som for Todalen vart det diskutert tomt til eldrebustader i Todalen. Eldrerådet konkuderte med at det er stor behov for fleire eldrebustader, og at det er ei viktig sak som kommunen må prioritere.
Les heile saka
Surnadal kulturhus arrangerer i dag kl.13.30 Onsdagstreff. Dei viser da filmen Kon -Tiki på Kammerset. Det som er nytt er at Svein Sæter vil komme for å prate om den opprinnelige Kon-Tiki ferda. Han har førstehånds kjennskap til dette, han har vore med å skreve bok sammen med ein av deltakerne, Knut Haugland. Han har til og med dagboken hans!! Dette blir etter at filmen er vist.
Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Les heile saka
Vi har tidlegare lest på nettet om at det er svindlarar som lokkar folk i fella med å tilby oppgradering av virusprogram. Måndag fekk vi e-post frå May Elisabeth Holten, som åtvarar mot slike telefonar. Ho skriv: «I helga vart vi oppringt frå telefonnummer 001256781425, og ein vennleg mannsstemme fortalde (på engelsk) at han ringde frå Microsoft Security. Datamaskina vår var ikkje lenger sikker mot virus, så han vllle hjelpe oss med oppgradering! Vi har lest og høyrt at det har vore fleire slike falske oppringingar.
Les heile saka