Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, skal vere til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Vekas kamper er i følge banekalenderen som følgende:
Les heile saka
I kveld er det ny episode om «Landsfareren» på TV3, og kvelden episode er frå Surnadal. Zahid og kompisen Mudasser prøver seg på forskjellige aktivitetar gjennom programmet, og muligens får vi sjå at han prøvar seg som møbelsnekkar på Talgø.
Les heile saka
Lisbet Halle er bygdas eldste, og i deg fyller ho 97. Ho starta feiringa i går, og da Todalen.no var innom for å gratulere kom vi sjølvsagt midt oppi eit kaffelag. Lisbet følgjer med på kva som skjer ute i verden, og nyheitene på Todalen.no er ikkje noko unntak. Vi i Todalen.no gratulerer med dagen!
Les heile saka
I helgen hadde May-Elisabeth Holten besøk av tre damer. Disse hadde hun som elever fra 1. til og med 4. klasse på Ramnes skole (nå Re kommune) i Vestfold i perioden fra 1969 til 1973. En av dem hadde fått sporet opp May-Elisabeth, og nå i helga kom de på besøk: – to fra Tønsberg og en fra Lillehammer, for å få et gjensyn!
Les heile saka
50 år er gått sidan dei åtte todalingane stod som konfirmantar ved Todalen kyrkje. Laurdag kveld hadde soknerådet invitert 62-konfirmantane til jubileumsfest i Ungdomshuset og til hausttakkefest i Todalen kyrkje på søndag. Alle dei 8 jubilantane kom på festa, der også bygdafolket og neste års konfirmantar var invitert. Eit førtitals gjestar vart servert middag og kaffe, og det var fleire underhaldningsinnslag på festa i Todalen Ungdomshus.
Les heile saka
Surnadal demenforening og helselag melder om kjempegodt resultat for årets demensaksjon. Ledar i foreninga, Liv Botten, melder at det kom inn kr 89 109 på innsamlingsaksjonen, og det er tangering av tidlegare rekord. Botten fortel at laget har hatt god hjelp frå årets russekull ved Surnadal vidaregåande skule, Åsskard helselag og nokre frivillige til innsamlingsaksjonen. Ho rettar ei kjempetakk til både innsamlarar og givarar for det gode resultatet. Dersom du ikkje var heime når innsamlarane var på døra, kan du framleis gi via SMS ved å sende DEMENS til tlfnr 2160. Da gir du kr 30 til demensforsning!
Surnadal museum informerer om at det i perioden 13.august 2012 -15.februar 2013 blir nokre personellendringar ved Nordmøre museum si avdeling i Surnadal. Avdelingsleiar Dordi Kjersti Mogstad har permisjon frå stillinga som avdelingsleiar grunna eit halvårig engasjement ved Direktoratet for naturforvaltning. Museumskonsulent Maja Frønes vikarierer i same periode full tid som avdelingsleiar.
Les heile saka
Stavganggruppa møttest torsdag 20. september på Kvennbø og gjekk nedover på sørsida av elva heilt til brua nedanfor Lia. Her vart vi møtt av Lars Polden, som fortalde om arbeidet med senkinga av Søya. Lars kunne fortelja at elva før hadde vore ei problematisk flaumelv der ho slynga seg frå dalside til dalside, og som gjorde stor skade sidan ho fløymde over store område kvart år. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sette under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar.
Les heile saka
Nytt blogginnlegg er i anmarsj etter eit lite, langt opphald. Denne gongen var det Birger Todalshaug som vart utfordra, og han tok den på strak arm.
Les heile saka
Det er igjen mørke og etter kvart kalde haustkveldar, og da er det tid for å starte trimaktivitetane i gymsalen. Dametrimmen startar på igjen førstkomande torsdag, og held det gåande kvar torsdag fram til jul – unnateke torsdag 18. oktober. Det er i år som i fjor Turid Todalshaug Sæther som er instruktør, og ho håpar at både nye og gamle trimmarar finn vegen til gymsalen på torsdagkveldar.
I morgen er det duket for klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb. Rittet starter kl 18 på Nordvik og går opp til Kårvatn. Oppmøte og påmelding fra kl 17:30 på Nordvik. I følge klubbens si nettside er ikkje dette akkurat noko terrengritt, men terrengsykkel er “påkrevd”.
Alle kan stille opp, sjølv om ein ikkje er medlem i klubben. Ta gjerne med familien! Det blir ogsp eigen trimklasse som startar rett bak konkurranseklassen.
Todalen Barnehage var i dag på utflukt til Surnadal og brannstasjonen der, i anledning at det er brannverveke denne veka. Kristin Grønnes frå barnehagen har sendt oss ei lita oppdatering:
I dag har 10 barn og 3 voksne fra Todalen barnehage vært på besøk til brannstasjonen i Surnadal. Vi dro med minibuss innover, noe som var veldig stas.
Les heile saka