Tysdag kveld var siste stordugnad på Bordholmen før Todalsdagen som arrangerast førstkomande laurdag. Eit trettitals deltakarar på dugnaden monna godt, og det meste av førebuingane er no gjort unna. No rykkjer dei forskjellige komitèane inn og etablerer seg med utstyr for grilling, utplassering av mål og merking av dei 5 banane som skal i bruk laurdag. Det er nemleg rundt tretti lag som kjem for å ta del i fotballcupen, og tilsaman er det over 300 spelarar som skal bryne seg mot tøffe konkurrentar. Her blir det fotball frå tidleg morgon til langt utpå laurdag ettermiddag.
Les heile saka
Program for Todalsdagen er klart til distribusjon. For første gong distribueres programmet «World wide» og lokalt samtidig. Bor du på strekninga mellom Kårvatn og Hauahyllån vil du finne programheftet i postkassen i løpet av kvelden. Bor du andre plassar kan du berre klikke på linken nedafor, så får du opp det digitale programheftet og kan bla deg gjennom heftet i ro og mak. Her får du presentert programmet for Todalsdagen, med kampoppsett for fotballen og informasjon om mosjonsløpet Ræta Opp og mykje meir.
Les heile saka
Laurdag er det klart for ny pubkveld på Pakkhuset Kro. Pubkvelden har lenge vore annonsert til fredag kveld i aktivitetskalenderen, men det er altså laurdag kveld som er rett, og pubkvelden startar kl 21.00. Pakkhuset Kro trør denne kvelden til casino online med matservering, og har gratinerte kamskjel og kvalgryte på menyen. Vi oppfordrar til å ta turen på puben, det kan være ein grei måte å runde av Todalsdagen på!
Frå Todalen idrettslag har vi fått kampoppsett for knøtter og miniputter. Dei skal gjennom eit hardt program med 30 kampar i løpet av Todalsdagen 30. juni. Første kamp startar kl 10.00, og da går det slag i slag utover dagen til siste kamp startar kl 15.00.
Les heile saka
Dersom du ikkje har sørga for å plante ut sommarblomstrane, så er det på tide no. Sjølv om det var frostnetter langt utover våren, så er det nok trygt å plante ut no. Dersom du er i markedet for å kjøpe sommarblomster, så treng du ikkje dra lenger enn til Ingunn Kjølstad i boligfeltet på Kvennset. Ho har dyrka fram mange sortar blomster, og her kan du kjøpa fine planter som er klare til å plante ut.
Les heile saka
I kveld er det dugnad på Bordholmen for å ta siste innspurt på anlegget til Todalsdagen. Ta med deg høveleg utstyr og kom på dugnad. Dugnadskomiteen sørger for traktering.
Juniorlaget til Todalen/Kvass-Ulv/Søya hadde måndag kveld besøk av KFK G19 fra Kristiansund. Manager Terje Nordvik hadde store forhåpningar om å følgje opp suksessen frå Moldekampen og dermed ta 3 poeng. Og laget innfridde forhåpningane og vann 3-1. Det var ein velfortjent seier, seier manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det var scoringar ved Jon Kjetil Gagnat, Kristoffer Nordvik og Marcus Lundquist.
Etter denne kampen tek laget treningsferie fram til 17. juli. Da tek oppkjøringa til Norway Cup til. Vi gratulerer med seieren, og ønskjer laget god ferie!
Fødenamnet er Brit Ansnes, men dei aller fleste av oss kjenner ho som Bitte, eller for oss yngre; «tante Bitte». Brit er mellomste av dei tre Øya-søstrene og innehar den fine tittelen «Ullevålsøster» i Hans Hyldbakk sine heimar og ætter. Og er det ikkje då heilt naturleg at ho skriv til oss i vers-form? Velbekåmme!!
Les heile saka
Stort sett alle på Nordvik var samlet i Rø-fjæra til St. Hans-feiring, hvor yngste deltaker låg i barnevogn, og den eldste fyller 80 neste år! Så her kan en trygt si at det var stor spredning på alderen. Hyggelig var det også at nære slektninger fra Aure hadde funnet veien til Nordvik denne kvelden. Værgudene […]
Les heile saka
Loddsalget er alt i gang for det tradisjonelle «Superlotteriet», der det er trekning under Todalsdagen. Søndag var Frikk H. Talgø og Jens Olav Moe på plass framfor Matkroken L.Hals for å drive førehandssalg av loddar. Dei var godt nøgd med salget, for dei aller fleste som passerte på tur inn eller ut av butikken, stoppa for å kjøpe lodd.
Les heile saka
I morgontimane i dag vart det oppdaga at det har vore kalving i beita ovafor Husby. Det er Olav Halle som leiger beite her, og det går 5-6 kyr her som etter kvart skal kalve. Men ein av kalvane hadde det litt travelt med å kome til verden, og det har nok skjedd i løpet av det siste døgnet. Det var Jon Husby som oppdaga den nye krabaten, og kva er vel meir naturleg enn at den nye oksekalven da får namnet "Jobus"? Det er iallfal vårt forslag.
Les heile saka
Vi i loppekomiteen vil først få takke for alle lopper vi har fått tidlegare år. No er vi i gang igjen med førebuing til loppemarknaden under Todalsdagen 2012 som blir arrangert laurdag 30. juni. Og da treng vi nye lopper. V er interessert i det meste; bøker, barnebøker, blader, leiker, småtre, koppar og kar og ting og tang. Loppene må væra heile og i orden. ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614 når som helst, og vvi kan ordne avtale om levering og eventuelt hjelp til henting.
Les heile saka