Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgangtur til Ansnesgarden og Vorpneset

Stavgangtur til Ansnesgarden og Vorpneset

Vidar Sogge Fredag 26. april 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag starta sesongen torsdag 25. april. Første marsjen var lagt til Ansnesgarden og Vorpneset i Todalen. Vi parkerte bilane ved Ansnessaga, som ligg eit par km utafor Todalsøra. Herifrå kunne vi sjå Holmen, truleg eldste husmannsplassen i Todalen.

Marsjen gjekk så gjennom gardsplassen i Ansneset og til Vorpneset, før vi følgde stranda attende til Ansneset. Her hadde Per og Bjørg Bruset med god hjelp av Nils Gjeldnes fått ein stor glohaug i bålpanna og spanderte pølser på alle deltakarane. Saman med Reidar Østvik si glimrande forteljing om stadene som vi hadde vore innom, hadde dette vore ein kjempeflott og minnerik dag for dei 30 deltakarane.  Takk for turen!

Neste torsdag kl. 13.00 møtest vi ved ”Bonhuset” i Stangvik. Derifrå køyrer vi samla til Grantrøinn (Bøkeskogen) der marsjen startar.  nedanfor finn du eit bildegalleri frå turen til Ansneset og Vorpneset. Alle foto: Vidar Sogge

Først publisert: 26. april 2013, 19:02 - Sist oppdatert: 30. april 2013, 21:37