Todalen/Søya G19 slo i kveld Molde G19 3-1 i ein kamp på gamle Molde stadion, fortel manager Terje Nordvik på telefon. Molde kom best i gang frå starten, og leda med eit mål allereie etter 1 minutt. Etter 40 minutt utligna TSKU med Erik Vådal, og det vart pauseresultatet. Etter pausen fortsette kampen i jamnt spel, men etter 65 minutt la Kristoffer Nordvik på til 2-1. 4 minutt før slutt auka Marcus Lundquist til 1-3 som vart sluttresultatet. Nordvik fortel at det er god stemning i troppa, og dei har etter kampen feira med hamburger og cola før dei tok på heimveg.
I dag kl 16: Velkomen til fabrikkonserten!
Laurdag 26. mai kl 16 er det klart for fabrikkonsert på Gammelfabrikken. Det skjer i regi av Vårsøghelga, og er eit samarbeidsprosjekt med Talgø. Det blir ein flott vandrekonsert på tradisjonsrik grunn, og blir nok musikalske opplevingar i ei innpakking du aldri har sett før. Da kjem nemleg Pelbo, Shavian og Hanne Kjersti Yndestad til Gammelfabrikken for å opptre for oss.
Les heile sakaÅpen dag og «Nato Tiger Air Show 2012» på Ørland
Lørdag 2. juni åpner hoveflystasjonen portene for publikum. Flyshowet «Nato Tiger Air Show» markerer 100-årsjubileet for norsk militær luftmakt, med oppvisning av både moderne fly og veteranfly. Mange nasjoner deltar i oppvisningen, og vil nok bli litt av et skue, forteller Olav Jostein Holten i indre Nordmøre forsvarsforening. I tillegg vil mange historiske militære kjøretøyer delta og det blir litt av hvert å sjå på Ørlandet denne dagen. Indre nordmøre forsvarsforening setter opp buss til Ørland lørdag 2. jni, og den starter fra Surnadal kulturhus på Skei kl 07.15.
Les heile sakaKlare for energikamp
Energikampen er eit fast innslag under Laksfestivalen, og elevane ved Todalen Skulle har dei siste dagane trena iherdig med tilgjengeleg utstyr frakta på eigen Energikamphengar frå arrangør Svorka. Elevene deles inn i lag der laget består av 3 elevar, og begge kjønn må være representert frå 6. klasse(dvs. to guter og ei jente eller to jenter og ein gut). Postene skal gjennomføres slik de er beskrevet, før regnmakervimpelen som står ved kvar post kan bringes med vidare.
Les heile sakaSykkeltrimmen startar onsdag
Onsdag kveld 23. mai startar årets sykkeltrim. Oppmøte på Bordholmen frå kl 18 og utover, der du blir registrert som deltakar. Det er T.I.L.s trimgruppe som er arrangør, og dei lokkar med loddalg i lotteriet og salg av bakels, kaffe og andre kioskvarer. Finn fram sykkelen og bli med på årets sykkeltrim! Denne veka er også yr.no i storform, og melder finver og sommartemperatur så langt fram dei ser!
Syng med oss – ondag kveld
Todalskoret inviterer til Syng-med-oss i Todalen Ungdomshus onsdag kveld 23.mai kl 19. Dei lovar mykje og variert song. Allsongen står sentralt – med nytt og godt, gammalt stoff. Saman med Åsskard Kyrkjekor vil vertskapet også by på lett og vakker kormusikk. Det blir soloinnslag ved Øystein Moe, dikt og stubbar mellom songane og utlodning. Koret lovar veldekte kaffebord. Her finn du plakaten for nedlasting!
Rv 70 nattstengt på Ålvundeidet denne veka
Rv 70 Ålvundfossen – Ålvundeid er midlertidig stengt om natta frå måndag – torsdag denne veka.
Vegen er stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag til torsdag frå kl 21:00 til 06:00 (neste dag). Utrykningskjørety og rutegåande trafikk kan passere. Gjeld frå måndag 21.05.2012 til torsdag 24.05.2012. Her kan du lesa kva Vegvesnet skriv om dette.
Stavgang ved Storfossen
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag er aktive som aldri før, og denne veka skal dei til Gammelfabrikken og området rundt Storfossen, fortel Martinus Torvik i ein e-post til Todalen.no. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møtest førstkomande torsdag ved Talgø sin Gammelfabrikk i Todalen. Marsjen vil gå i fabrikken og fossen sitt nærområde. Etter marsjen blir gruppa beden inn i fabrikklakalene. Vanleg niste og utrustning. Vel møtt til gamle og nye stavgjengarar.»
Overraskande besøk på spelplassen
Storfuglleiken vart litt annleis enn han reka med for Ola Halle. Ola er frå Hjellnes i Todalen, men bor no i Trondheim. I helga var han heime i Todalen på besøk, og skulle laurdag kveld ta ein tur til skogs til hytta til bror sin. I nærleiken av hytta ligg det ei myr der det er laga eit kamuflasjeskjul som blir bruka til å oppleve spelet til storfuglen. Da det leid mot kveld tok han plass i skjulet for å vente på at det skulle bli aktivitet, og gjorde seg klar med kamera for å prøve å få eit bilde i løpet av kvelden eller i morgontimane.
Les heile sakaTorsdagsgolf
Surnadal Golfklubb inviterer til torsdagstrening på Surnadal Golfpark på Mo, Kvanne. Her blir det gratis drivingrange (slagtrenining) med instruksjon og gratis runde på banen. Golfklubben ønsker velkommen til eit hyggeleg og uformelt golfmiljø på ein spennende og utfordrende bane. Surnadal Golfpark ble åpnet som 6-hulls bane 19. august 2006, og utvidet til 9-hulls sommeren 2008. Torsdagane dette […]
Les heile sakaRosenborg ute
Sunndal G16, med Brage Hauglann Talgø og Ørjan Haugen har i dag slått Rosenborg 2-1 i 3. runde i cupen. Laget er nå klare for 8. delsfinale, skriver Tidens Krav på sine nettsider.
Det stod 2-1 til pause, der Sunndal hadde føringen i første omgang, men guttene klarte å bevare ledelsen selv om trønderne skjerpet seg i andre omgang.
Les heile sakaVassanlegg på dugnad (med bildegalleri)
Ved Lauvåa på Husby bygges det nytt anlegg for vassforsyning til dei rundt 50 abonnentane fra Bruvollen og Andersstua på Kvennset heilt opp til Skogstad i Hallagrenda. Anleggsarbeidet skjer på dugnad, og det har vore dugnad kvar onsdagkveld og laurdag ein månads tid no, og anleggsledar Svein Åge Saksen trur at det meste skal vera gjort om eit par veker. Denne veka har byggjing av ny driftssentral stått på programmet, og den er delvis basert på ferdige element som Kristian Gjeldnes har laga heime i garasjen.
Les heile saka