Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.
Les heile saka
I dag debuterte Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø på Sunndals A-lag, i 3-divisjonskampen kampen mot Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Sunndal vann kampen 2-1, og det meldes at dei to debutantane fekk gode skussmål for jobben dei gjorde på banen.
Les heile saka
I.L. Søya ønsker igjen velkommen til en fartsfylte fotballturnering for knøtter , miniputter og lillegutt/lillejente. Det skjer på Søyabanen lørdag 25. august. I.L. Søya arrangerer i år Søyacupen for 12. gang.
Les heile saka
Her er bilder fra en dugnad som var arrangert for å renske ned tre, stein og løs masse i Svinvikhamran på vegen inn til Todalen. Dette her var heilt på slutten av 1980-talet, så vidt jeg minnes. I alle fall etter at jeg slutta i Tidens Krav og arbeidet litt som frilanser. Minnes at jeg ble oppringt av Adresseavisen og bedt om
å dekke denne «vegdugnaden» i Todalen, skriv Edgar Kattem på Trollheimsporten, i serien «Fra Edgar Kattems fotoarkiv».
Les heile saka
Surnadal kulturhus er ute med ny kalender for september. Der kan dei by på fleire gode filmar i kammerset, der mellom anna Kon-Tiki blir vist frå søndag 2. og onsdag 5. september, men filmen har premiere alt 24. august. Elles er det opning av Ole Mauseth si jubileumsutstilling «Marmor og bronse» i Finstuå fredag 7. september. Onsdag 5. september er det «Onsdagstreff» i Kammerset, der Kin Tiki er tema.
Les heile saka
Dei som deltek i Trollheimsmarsjen får flotte pins for innsatsen. Det vil seie at dei som deltek første eller tredje gongen blir belønna med ein flott pins. Arrangøren har også pins for 5 års deltaking på klar, men den blir først aktuell neste år. Trollheimsmarsjen blir i år arrangert for fjerde gong, da fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av dårleg vær og skodde langt nedover liene. Arrangøren håpar at vêrgudane spelar på lag i år, slik at årets trollheimsmarsj kan gå som planlagt.
Les heile saka
NRK Nordland har vore på besøk i hagen til Erna Kari Bruset og ektemannen Steinar Skaar i Bodø. Dei har laga ein fin reportasje på nettsida si, der det og er lagt ut ein video frå hagen deira, der dei fortel om si erfaring med hagearbeid og blomster så langt nord. Det er vel verdt å bruke nokre minutt å ta ein kikk innom NRK Nordland.
Les heile saka
Det blir «Kvartett og song» i Todalen kyrkje laurdag 25 august kl 17. Da gjestar TrondheimSolistenes far, fiolinisten Bjarne Fiskum, Todalen kyrkje med sin strykekvartett. Med seg i kvartetten har Fiskum mellom anna Surnadals eigen Anders Larsen. Dei spelar musikk av Haydn og Shostakovich. Sopranen Sigrid Bøe frå Bøfjorden deltek også – med utdrag frå Pergolesis «Stabat mater» og Handels «Julius Cesar».
Les heile saka
Første skuldag er nok ein skikkelg milepæl for mange 6-åringar denne veka. Ved Todalen og Sytangvik Oppvekstsenter er det i år fleire førsteklassinga enn det har vore på lange tider. I år er dei nemleg 10 i talet, og det har nok si forklaring i at elevane frå Stangvik Oppvekstsenter skal ha sin skulegang i Todalen i vinter, medan Stangvik Oppvekssenter blir bygd om og renovert. På første skuledag var det sjølvsagt stor stas og fotografering av førsteklassingane.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande tirsdag opp att med sanitetsmøte i Todalen Sanitetshus. Dei er ei aktiv forening som engasjerer seg i det meste innan kvinnehelserelatert arbeide. I tillegg eig dei sitt eige hus, som dei har vedlikehald på.
Les heile saka
Astrid Longva Kvendset (17) er i full gang med å pakke kofferten, og ho må tenkje seg god om kva ho skal ha med i kofferten. Ho skal nemleg på langtur, og skal være borte til langt uti juni i 2013. Astrid skal væra utvekslingsstudent i USA i vinter, og tek dermed ein pause frå skulegangen heime i Norge for å kome seg ut i verden for å sjå og lære korleis det er andre plassar. Ho skal i vinter bo hos ein vertsfamilie i Lansing i Michigan, og skal være student der.
Les heile saka
Søndag var det sesongslutt på Todalshytta for i år. Da er turistsesongen over for i år, og hytta er ikkje lenger opa for publikum bare for å stikke innom og kjøpe seg ein kaffekopp eller ein is. Men sesongen er langt frå slutt for Åse, for ho har bestillinga for kvar helg til langt ut i september. Ho legg også til at terskelen er ikkje høg for å opne døra igjen, dersom det er nokon som har behov for overnatting eller eit eller anna arrangement.
Les heile saka