Med stor margin vart det biletet «Nordlys over Gjeldnes» av Frode Grønmyr som vann avstemninga om månadens bilete for oktober. Av dei 190 stemmene som kom inn, fikk vinnarbiletet 104 av stemmene.
Les heile saka
Med stor margin vart det biletet «Nordlys over Gjeldnes» av Frode Grønmyr som vann avstemninga om månadens bilete for oktober. Av dei 190 stemmene som kom inn, fikk vinnarbiletet 104 av stemmene.
Les heile sakaPå mandager mellom 18 og 19 arrangerer Todalen I.L. barnelek i gymsalen på Todalen oppvekstsenter. Apparatene settes ut rundt i gymsalen og barna løper rundt en hinderløype. Denne gangen starter barna med å drible ballen gjennom kjegler, så er det balansering bort til mattene som de stuper kråke på bort til ringene. Der gjelder det å slenge seg bort til neste matte uten å være nedi gulvet.
Les heile sakaMange har den siste tida antageleg registrert den omtale som skulesamanslåinga i Bøfjorden og Bæverfjord har fått i både Tidens Krav og Driva. Seinast i går, var dette eit av hovedoppslaga på Driva.no. Mange todalingar følgjer denne saka frå sidelinja no, då det frå kommunalledelsen har vorte varsla ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen. Og med ein flunkande ny skule på Evenshaugen frå hausten 2013 er det fort gjort å endre skulestrukturen for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter òg. Men til mange si overrasking har ikkje dette vore eit tema enda, men ein ser no i Bøfjord/Bæverfjord kor fort slike ting kan snu.
Les heile sakaTodalen historielag er klare med nytt årsskrift, og arrangerer tradisjonell lansering i Todalen ungdomshus søndag 25. november kl 13-16. I samband med lanseringa er det og laga ei kunstutstilling, der den allsidige Todals-kunstnaren Reidar Østvik vil stille ut ein del av sine arbeid. Etter lanseringa vil han kl 14 orientere om utstillinga. Historielaget byr sjølvsag på ettermiddagskaffe, bakels og kaker, og ønskjer alle velkomne til ei triveleg ettermiddagsstund i Todalen ungdomshus. Her kan du laste ned plakaten!
Den siste tida har det ved minst to anledningar vore stein i vegbanen rett utanfor tunnelopninga på Svinviksida. Den siste no sist torsdags morgon. Begge tilfella har vore i tider når det har vore nedbør i form av regn. Skråninga på øverkant av tunellen har vore sikra ved tidlegare anledning, men som de ser av bilda i galleriet er ikkje sikringa dekkjande nok lenger.
Les heile sakaSom kjent brukar den årlege hjortfesta å arrangerast sist i november kvart år. I år har det vorte kollisjon med andre arrangement i bygda, som gjer at Kvendset jaktlag ser seg nødt til til å utsetta festa og utdeling av Den gyldne patron til over nyttår, seier Lars Sæther til todalen.no i ettermiddag.
Redaksjonen i todalen.no nyttar derfor nok ein gong anledninga til å oppfordre lag og organisasjonar til å melde inn ulike arrangement dei veit dei skal i nær framtid til vår aktivitetskalender, når dette er stadfesta.
I kjellaren på Skogtun, hos Lovise og Bernt Jørgensen, er det jul mesta heile året. Bernt har snekkarverkstaden sin i kjellaren, og der er det aktivitet frå mongon til kveld heile veka i gjennom, unnateke når han er ute på salgsrunde. No før jul er det ekstra travelt, for da skal han effektuere bestillingar frå kundar som skal ha heimsløydprodukt, samtidig som han skal væra med på forskjellige messer rundt omkring. Bernt har okkupert peisestua i kjellaren til utstillingslokale, og der er «alltid ope», gliser 81-åringen. Iallafall frå kl 06, til kl 23 modererer han seg etterpå. Når det er travle tider er også kona Lovise med på salgsarbeidet.
Les heile sakaDet var bra med besøk på førsjulsmessa i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Dei hadde ope frå kl 12 og utover ettermiddagen, og hadde litt av kvart av ting og tang å by på, i tilleg til kaffeservering og sosialt samvær. Her var det nissar i mange variantar, strikketøy, lefse og mølsgraut, kjøkkenutstyr frå Tuppervare, prospektkort og bilder, samt karameller, drops, hekletøy, golvmatter, reingjeringsutstyr og kosmetikk.
Les heile sakaFredagens happening på Skogly var besøk frå Svein Stenberg frå Comfort Surnadal, og etteryn og reingjering av varmepumpeutstyret. Det er no 3 år sia utstyret vart montert, og det er lurt å ta eit ettersyn med 2-3 års mellomrom. Det var ein god del støv og smuss i innedelen, og det gjorde nok godt å få renset opp for å få full effekt på utstyret.
Les heile sakaFredag var det full aktivitet med førebuing til legging av fast dekke i Pilskaret. Både gravemaskin og veihøvel var på plass, og retta opp og jamna til slik at det er klart til måndag når asfaltleggaren dukkar opp. Det var litt tele på kantane, med det var ikkje verre enn at veihøvelen bokstaveleg fortalt gjorde «vei i vellinga».
Les heile sakaSurnadal Hagesenter As er det rette namnet på det nye hagesentret som blir bygd ved sia av Byggmakkerbutikken på Syltøran. I forrige veke kom stålkonstruksjonane til bygget, og før helga starta arbeidet med montering av det 2600 m2 bygget som skal bli eit fullverdig hagesenter i Hageland-kjeda.
Les heile sakaLaurdag er det dagen for å besøke førjulsmarkedet i Sanitetshuset. det startar kl 12 og varer til kl 16. Det er Ingrid, Elinor, Wenche, Solvor og Kristine som har gått saman om å lage julemarked, og dei satsar på å få til ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset, der du kan kjøpe forskjellige ting og tang. Der blir det og kaffesalg, med noko å bite i.
Les heile saka