Like sikkert som det er møbelmesse i Köln i Tyskland kvart år, så er det Todalsabend – Todalskveld – der todalingar og todalsvener treffes. Det skjer på ein restaurant, både for å nyte god mat og drikke, og for ha det triveleg i lag. Det er Terje Nordvik som er intiativtakar til dette arrangementet, og i tillegg til andre todalingar så var det folk frå heile landet, samt frå Sverige, Danmark, Tyskland og kanskje fleire. Litt spesielt var det i år, for i år har dette arrangementet 20-årsjubileum, men Todalsabend er nok godt etablert som tradisjon.
Les heile saka
Fredag kveld kjem TrondheimSolistene til kulturhuset for å halde konsert. Det er 10. gongen, og det er stort og ærefylt for oss å få besøk av dem, seier kulturhussjef karstein Telstad. Det er kvalitet over det dei framfører, men samtidig har dei ein lett tone med mykje lun humor. Konserten startar kl 19.00, og billettar kan du kjøpe ved å gå inn på linken for Billettluka.
Georg Mossing var i dag ein tur ute på sjøisen på isfiske. Han hogg seg gjennom isen utanfor Ansneset, og som ein kan sjå på biletet er isen 19 cm tjukk.
Som oftast er isen enda tjukkare innanfor Holmen så han meinte det skulle være greit å driste seg utpå ein tur eller to i helga.
Det er no kanskje rundt 6-7 år sidan sist Todalsfjorden hadde ein så fin og tjukk sjøis, om underteikna ikkje minnst heilt feil. Og då var det knappsett med folk på isen i helgene, både fiskarar, sparkarar og skøytarar. For å komma seg utpå kan det nok anbefalast å starte i båthavna, men unngå utløpet ved settefiskanlegget, der det er eit parti ope vatn.
Les heile saka
Surnadal I.L. arrangerer KM klassisk og sonerenn for klassane 8-10 år. Det skjer søndag 20. januar kl 12 på Norsdmarka skisenter, og påmeldingsfristen er torsdag 17. januar, og påmelding skjer på Klubben online, men du kan også melde deg på via telefon eller e-post til Surnadal I.L. v/Eivind Sponås. Finn fram langrennskiene og meld deg på!
Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer laurdag 26. januar prøve til skiskyttarmerket. Det foregår denne gongen på Toresetra i Bæverdalen, med start kl 13. Det blir militært program med militært utstyr, og du går 10 km langrenn og skyter 10 skot med AG3. men dei har også flerire aktivitetar på lur utover våren:
Les heile saka
Det siste kruset for månadens bilete i 2012 går til Arne Kjær for biletet Lys over dalen. Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og lovar at premien blir overbragt snart. I det siste har vi hatt underskot på bidrag til dagens bilete, så vi oppfordrar alle til å sende inn bilete til oss.
Les heile saka
Er du lei magefettet, har vi løysinga for deg: Velværesentret kan styre treningsprogrammet ditt utover vinteren, der du gjennom 6 vekers program ffår trening, veging og måling, samt kosthaldråd. Med dette programmet har du god mulegheiter for å lykkast. Velværesentret har kjørt 2 omgangar med slike kurs i 2012, og har oppnådd gode resultat, fortel dagleg leiar Ann Kristin Bruset.
Les heile saka
Måndag hadde Talgø premiere for sine nye websider på www.talgo.no. Dei nye websidene er heilt nyutvikla, og den største endringa er nok at fokus er skifta frå produksjonsstad til produkt. Alle produkta kjem no frå Talgø, og er samla i produktgrupper. Enkelt og oversiktleg, og med låg brukarterskel for å finne fram, seier marketingsjef Heid Snekvik.
Les heile saka
Årets hjortfestkomite er snart klare for å be inn til Hjortfesta 2012. Laurdag brakar det laus med utdeling av «Den gyldne patron», servering av viltmat (?) og nytt av året; kåring av årets jaktlag med jaktsimulator. Her skal dei fire jaktlaga i bygda møtast til dyst i presisjonsskyting med bruk av skytesimulator. I den anledning opnar arrangørane dørene til Todalen Ungdomshus onsdag 16. januar kl 18 og utover for prøveskyting. – Dei andre jaktlaga skal i allefall ikkje få skulde på at dei ikkje har fått prøve før dei tapar, seier Lars Sæther i Kvendset jaktlag til todalen.no. Så da er det berre å møte for dei aktuelle jegarane på Halle/Husby, Bruset/Øya/Halset, Talgøy/Kårvatn og Kvendset jaktlag for å ta en runde med prøveskyting.
Les heile saka
Skøyteisne på Bordholmen er flittig bruka på helg. Den er i topp stand etter den lengre kuldeperioden vi er inne i, og idrettslaget har no kjøpt inn litt meir køller og puckar. Ikkje så alt for mange var der i går søndag, men ein real ishockeykamp vart det fordi. På kveldstid er det muligheiter for […]
Les heile saka
Sist fredag arrangerte vi ved skulen i Todalen Ti-kaffe. Elevane hadde invitert familie og andre interesserte til kaffelag. Det kom riktig mange gjester, og det vart ei riktig triveleg føremiddagsstund. Elevane hadde øvd inn program – litt nytt, og noko var reprise frå førjulskvelden. Aktørane på scena var entusiastiske, og gjestene i salen kosa seg med det dei såg og høyrde!
Les heile saka
Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy.
Les heile saka