Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990. tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.
Les heile saka
Eldremiddagen samlast kvar onsdag i Sanitetshuset til middag. I går hadde dei samling, der det stod omnsstekt laks og fruktsuppe på menyen, og sjølvsagt kaffe og kaker etterpå. Det serveres god og heimlaga mat, og dette tiltaket sett deltakarane stor pris på. For det er ikkje berre mat, det er sosialt også. Enkelte gong er det også anna program på arrangementa. Slik som forrige onsdag, da feiarane Jon Arne Nordvik og Hans Kristian Haarstad troppa opp for å informere om «Brannvern for eldre».
Les heile saka
Pakkhuset Kro har laurdag åpen pub melder eigar Erling Halle. Her vil det bli feiring av ny sponsor til vegstubben som ingen vil ha på Todalsøra.
«Asfaltpuben» opnar kl 21.00.
Klubben i mitt hjerte 2012 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet. Her er det muligheter til å stemme fram sin favorittklubb, og Todalen IL er naturligvis meldt inn som en kandidat. Stemmelokalet på Dagbladet.no åpnet 17. november fra kl.00.01, og er åpent frem til kl.12.00 fredag 30.november.
Les heile saka
På formiddagen i dag har Todalen.no vore nede etter trøbbel med programvareoppgradering på serveren (kl 07.58 – 12.13). Vi beklagar det inntrufne.
Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.
Les heile saka
Med stor margin vart det biletet «Nordlys over Gjeldnes» av Frode Grønmyr som vann avstemninga om månadens bilete for oktober. Av dei 190 stemmene som kom inn, fikk vinnarbiletet 104 av stemmene.
Les heile saka
På mandager mellom 18 og 19 arrangerer Todalen I.L. barnelek i gymsalen på Todalen oppvekstsenter. Apparatene settes ut rundt i gymsalen og barna løper rundt en hinderløype. Denne gangen starter barna med å drible ballen gjennom kjegler, så er det balansering bort til mattene som de stuper kråke på bort til ringene. Der gjelder det å slenge seg bort til neste matte uten å være nedi gulvet.
Les heile saka
Mange har den siste tida antageleg registrert den omtale som skulesamanslåinga i Bøfjorden og Bæverfjord har fått i både Tidens Krav og Driva. Seinast i går, var dette eit av hovedoppslaga på Driva.no. Mange todalingar følgjer denne saka frå sidelinja no, då det frå kommunalledelsen har vorte varsla ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen. Og med ein flunkande ny skule på Evenshaugen frå hausten 2013 er det fort gjort å endre skulestrukturen for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter òg. Men til mange si overrasking har ikkje dette vore eit tema enda, men ein ser no i Bøfjord/Bæverfjord kor fort slike ting kan snu.
Les heile saka
Todalen historielag er klare med nytt årsskrift, og arrangerer tradisjonell lansering i Todalen ungdomshus søndag 25. november kl 13-16. I samband med lanseringa er det og laga ei kunstutstilling, der den allsidige Todals-kunstnaren Reidar Østvik vil stille ut ein del av sine arbeid. Etter lanseringa vil han kl 14 orientere om utstillinga. Historielaget byr sjølvsag på ettermiddagskaffe, bakels og kaker, og ønskjer alle velkomne til ei triveleg ettermiddagsstund i Todalen ungdomshus. Her kan du laste ned plakaten!
Den siste tida har det ved minst to anledningar vore stein i vegbanen rett utanfor tunnelopninga på Svinviksida. Den siste no sist torsdags morgon. Begge tilfella har vore i tider når det har vore nedbør i form av regn. Skråninga på øverkant av tunellen har vore sikra ved tidlegare anledning, men som de ser av bilda i galleriet er ikkje sikringa dekkjande nok lenger.
Les heile saka
Som kjent brukar den årlege hjortfesta å arrangerast sist i november kvart år. I år har det vorte kollisjon med andre arrangement i bygda, som gjer at Kvendset jaktlag ser seg nødt til til å utsetta festa og utdeling av Den gyldne patron til over nyttår, seier Lars Sæther til todalen.no i ettermiddag.
Redaksjonen i todalen.no nyttar derfor nok ein gong anledninga til å oppfordre lag og organisasjonar til å melde inn ulike arrangement dei veit dei skal i nær framtid til vår aktivitetskalender, når dette er stadfesta.