Vi veit ikkje om den er i ekte sølv, men den nye vandrepokalen får i alle fall premiere under årets Kjerringdilt, som blir arrangert på Skihytta langfredag. Vêrmeldinga for langfredag byr i skrivande stund på sol frå blå himmel, og alt ligg til rette for eit vellyukka arrangement. Trimsjef Ivar Helge Kvendset har ordna seg med 100 startnummer, men med både ny vandrepokal og kjempefint påskevêr bør han kanskje utvide serien med startnummer?
Les heile saka
I går kveld var ein heil del ungdomar samla i ungdomshuset for Start 4H sitt årvise LAN- arrangement. Her treffest ungdomane for å kople seg opp på eit felles, lokalt datanett begrensa kun for dei oppmøtte i Ungdomshuset. Spredninga av deltakarane varierte frå 4. klasse og heilt opp i 17-18 alderen, og over halvparten av deltakarane var faktisk utabygdes ungdomar. Og nettbruken varierte dertil. Dei yngste kjøyrde lastebil og traktorspel, medan dei litt eldre ((gutane) spela krigsspel mot kvarandre.
Les heile saka
På årsmøtet til Todalen I.L. sist torsdag, vart Karin Helen Halle valgt til ny ledar. Ho tek over ledar klubba etter Kari Kvendset som no takkar av etter sin andre periode som ledar. Eit 20-tals medlemar var tilstades på årsmøtet i Todalen ungdomshus. Todalen idrettslag har rundt 210 medlemar, og det vil seie at 2 av 3 todalingar er medlem i laget.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr kjøyrer kjempesalg i påskeveka, med sterkt redusert pris på ein mengde varer. Ellers melder Gudmund Kårvatn om topp skiføre for dei som har planer om ein tur i helga eller seinare i påska: Det er nok, og fin snø, sjølv om det enkelte plassar er vindpakka, spesielt rundt toppane.
Les heile saka
Dette månaden var det Ola Halle med «Silkeføre» som gjekk av med seieren i avstemninga av månadens bilete. Biletet kapra 69 av dei 203 stemmane som kom inn.
Les heile saka
Det gamle postkontoret kjemt til heder og verdighet igjen. Ein gjeng ungdomar er i full gang med oppussing av lokala for å lage treningsstudio, og dei satsar på å ha alt klart til ferien, eller der omkring. Arbeidet skjer i regi av Todalen idrettslag, og det er Knut Jarle Bergli som er styret mann i dette prosjektet. I tillegg til det gamle postkontoret skal garasjen på baksida bli ein del av det nye treningsstudioet som blir på mellom 50 og 60 m2.
Les heile saka
Langfredag er det bare å sette av til skiaktivitetar på Skihytta på Ørsalfjellet. Da arrangerast Kjerringdilten, der det enno er muleg å sikre seg vandrepokalen som den gjevaste premien. Ivar helge Kvendset i TILs trimgruppe fortel at dei har rusta seg med 100 startnummer, og han håpar at det blir folk til å fylle alle. Kjerringdilten startar kl 13.00, og sjølvsagt blir det premiering.
Les heile saka
Litt spesialforpleining skal man ha, når man er 77 år og går Birkebeinerrennet i klasse M75. Johan kvendset hadde privat suppestasjon oppe i fjellet ved Lillehammer. Johan er nemleg heldig og har søstra Inger i desse traktene, og når ho og søster Anne Marit frå Trondheim stiller opp med familiar blir det litt ekstra service å få både for skirennarar og nettredaksjonar. Johan fikk nysila havregrynssuppe med søstra, medan vi fikk bilder frå seansen med Gisle Haugen.
Les heile saka
Start 4H har nyleg hatt styremøte, og i etterkant ønsker styret med leiar Tore Talgø Roaldset i spissen å komme med litt informasjon. Fredag 22. mars til laurdag 23. mars vil det bli arrangert LAN i Todalen Ungdomshus. Start kl. 18:00. Slutt kl. 10:00 neste dag. Aldersgrense for å overnatte er 12 år, der medlemene har […]
Les heile saka
Det er slett ikkje eineståande at det er eit hol i asfalten, for etter vinteren vil vi nok få sjå at telen har fått skade mange plassar. Litt spesielt er nok holet ved Sissiå, for det er djupt og fylt med vatn, slik at det er vanskeleg å sjå kor stor skaden er. Vi oppfordrar til å køyre forsiktig, for her er det lett å skade forstillinga på bilen dersom du ikkje er oppmerksam.
Søndag ettermiddag hadde Todalen historielag sitt årsmøte i Todalen ungdomshus. Det var seks saker på dagsorden, og alle gikk raskt unna uten debatt. Årsmeldinga gjenspeila at det er stor aktivitet i laget, og rekneskapen viste at aktivitetane hadde gjeve eit greit overskot som sikrar økonomien i laget. Medlemskontingenten i laget blir uendra , med kr 200 for enekltmedlemar og kr 250 for familiemedlemskap. Laget har i dag 166 medlemar, som er mest bygdefolk og utflytta todalingar.
Les heile saka
Todalen Idrettslag arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 21. mars kl 19.00. No kan du laste ned komplett sakliste for årsmøtet her!