laurdag 16. mars kl 12-15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» ved skiskyttaranlegget på Nordmarka skisenter. Det er merkeprøver utan tidtaking. Arrangøren som er Indre Nordmøre Forsvarsforening held både våpen og ammunisjon (kal. 22). Merker kan kjøpast etter endt prøve. Dette er en uformell aktivitet, og alle kan delta, melder Indre Nordmøre Forsvarsforening.
Gammelfabrikken i Brusetmarka har denne veka vore filmstudio for ein dag. Det er filmklassen ved Nordmøre Folkehøgskule som no jobbar for fullt med sitt filmprosjekt som har bruka 3-4 lokasjoner på Gammelfabrikken til nokre av opptaka til spelefilmen dei jobbar med. Dei har den siste tida gjort filmopptak fleire plassar rundt i området, mellom anna i Stangvik, i Rindal, på Surnadalsøra og på folkehøgskulen. Desse opptaka skal etterpå klippast saman til ein kortfilm, som dei håpar skal bli ferdig ein gong i mai og som da vil få verdspremiere i Surnadal kulturhus.
Les heile saka
55 5.klassingar, 4 møremusikarar og ein lettare forvirra konferansier gjorde kveldens Give me 5 konsert til ein musikals opplevelse for dei mange frammøtte i Storstuå som spent skulle sjå sine håpefulle opptre på ei stor scene kanskje for aller første gong.
Les heile saka
Det er uvant at det er så langvarig kaldt i mars, for gradstokken har vist meir enn – 10 fleire netter på rad. Nei da, det er faktisk ikkje så uvant! Jon Bruset har vore i temperaturarkivet, der han har notater frå 1990 og til dags dato. Der finn han at temperaturer under – 10 […]
Les heile saka
Nordmørstreffet på Dokkhuset i Trondheim vart ein suksess, og det var bra oppmøte og god stemning. Sjølv om det var flest sunndalingar som kom på treffet, var det også mange med tilhørigheit i Surnadal som kom for å sjå kva samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal hadde å by på. Det var mange kjente næringslivsfjes som har sett stor prioritet på dette arrangementet. Mange var på jakt etter ingeniørar, men dette er generelt ein viktig plass for for nettverksbyggjing, fortel marketingsjef Heid Snekvik, som representere Talgø.
Les heile saka
Det blir årsmøte i Todalen historielag i Todalen ungdomhus søndag 17. mars kl. 14.00. i tillegg til vanlege årsmøtesaker vil Janne Carina Strand, som er prosjektkoordinator for kulturminner i Surnadal kommune kome for å orientere om kulturminneregistreringa i kommunen. Og sjølvsagt blir det kaffe og servering på tradisjonelt vis, skriv ledar Maren Ansnes i ein e-post til redaksjonen.
Les heile saka
Leder i skigruppan, Jorid Haugen Ansnes melder om supre forhold i lysløypetrasseen i Ørsalbukta etter eit par dagar med brukbart snøfall. Skigruppa arrangerer derfor i kveld barn i løypa frå kl 18.
Mange har nok venta på denne beskjeden i vinter, og endeleg kjem den frå Surnadal Alpinsenter AS: Bakken opnar i kveld kl 17.30-21.00. Dei lokkar med reduserte prisar på årskortet sidan sesongstarten er ein god del forsinka.
Les heile saka
Frode Grønmyr trekte det lengste strået i konkurransen om årets bilete på Todalen.no for 2012. På årsmøtet fikk Frode premien som var ei innrama forstørring av sitt eige bilete med motivet frå nordlyset på nordhimmelen over Hjellnes. 15 personar møtte opp for å ta del i årsmøtet i Todalen ungdomshus, og vart fort avvikla.
Les heile saka
Da har vi vore så heldige å fått eit langt reisebrev frå Astrid Longva Kvendset, som sidan august har oppheldt seg i USA på skule. Under er heile brevet i sin helhet, med mange fine bilder til. Litt heimlengsel er å spore, men alle opplevingane ser ut til at veg opp att for den.
Les heile saka
Redaksjonen kan bekrefte til innbyggerne i Todalen og til de utenfor som kanskje ikke får tak i noen i området, om at Telenornettet i bygda for tida er nede. Mannen på kundeservice hos Telenor kunne fortelle at en feil ved Ørsal var innmeldt i dag tidlig. Her var forventet rettetid satt til kl 16.00 i dag. Om dette overholdes gjenstår å se.
Måndag kveld var det selebert besøk på Gammelfabrikken. OL-vinnaren Egil Søby var på ein kort visitt, der han lærte eit 50-tal Byggmakker- og Hagelandtilsett å bli vinnarar. Men det var ikkje kajakkpadling han slulle lære frå seg, men han skulle lære dei å lukkast. Og det skulle han ha gode forutsetnader for å lukkast med, for den som hugsar attende til 60-talet hugsar vel at han var vinnartypen, som i løpet av nokre år tok 55 NM-gull, 15 Nordiske gull, 8 kongepokalar og ikkje minst EM- og VM- og OL-gull. OL-gullet tok han i OL i Mexico City i 1968.
Les heile saka