Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Halsadag med mykje folk

Halsadag med mykje folk

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2013

Med nyopna veg måtte det berre bli ein tur ut i den store verden på søndag. Turen gikk til Vågland, der lag, organisajonar og bedrifter i Halsa viste fram det dei hadde å by på. Der samlast det etter kvart utruleg mykje folk, og det var eit imponerande arrangement med mykje fint handverk og god underhaldning dei hadde å by på. Og eit yrande liv med både store og små.

Det står i brosjyra for Bygdadagen i Halsa at arrangementet har trekt 1200-1400 personar til arrangementet, men søndag var det iallfall det dobbelte. Trefte faktisk folk både frå fjern og nær, og det osa trivsel av arrangementet. Eit 70-tals utstillarar både frå Halsa og andre plassar hadde mykje interessant å by fram på sine stands, og i tillegg var det mange kulturinnslag gjennom heile dagen. Kan berre nemne korpsmusikk, korsong, song- og musikkinnslag, auksjonar, brukttorg, bueskyting, studiofotografering, husflid og handverk, tevlingar og mykje meir.

Det var til og med to ustillarar frå Todalen/Nordvik. Wenche Kvendset frå Viastua Gardsprodukt var der med lefser, mølsgraut, tova strikkevarer, samt tresløyd. Ho hadde stand saman med Torunn Nordvik frå Nistua, som kunne by på husflid og mykje anna.

Slike dagar er eit bevis for at det er behov for ein marknadsdag for dei som driv med husflid av ymseslag, slik at dei får vist fram produkta sine. Sjølv om dei ikkje oppnår dei heilt store salskontraktane, så får dei vist kva dei har å by på. Dei fleste som driv med husflid er heller ikkje ute etter dei store inntektene, men dei lyt få ut produkta sine på marknaden, slik at dei får frigjort plass for å forsette med hobbyen sin og får litt pengar til å kjøpe inn att nye materialar.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå Halsadagen 2013 – bla deg gjennom og sjå om du «treffer» kjentfolk!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. september 2013, 18:12