Surnadal kvinnekraftverk arrangerte tirsdag kveld ei av sine samlingar på Gammelfabrikken i Todalen. Surnadal kvinnekraftverk vart etablert i 2009, og har som formål å skape eit nettverk for kvinner i Surnadal. Nettverket satsar på kompetanseheving og synliggjering av dei mange ressurssterke kvinnene som bur i kommunen.
Les heile saka
Da er fotballsesongen på det lokale plan i gang, og Søya/Todalen sitt 6. divisjonslag starta allerede med sin første seriekamp sist søndag. Laget spela da mot Frei, og vann heile 5-3.
Les heile saka
I disse dagane har Nordmøre Heimevernsområde øving, med base på Angråmyra. HV-soldatar frå Surnadal, Halsa og Rindal øver for å forbedre den operative evnen til å løse pålagte oppdrag, samt auke den generelle beredskapsevnen.
Les heile saka
Talgø kaster korta på Bindalsbruket AS. Måndag ble det klart at styret i selskapet ikkje såg grunnlag for å drive vidare med dørproduksjon ved bindalsbedrifta, som produserer inner- og ytterdører. Det var i mai 2011 at Talgø Invest AS overtok aksjemajoriteten i Bindalsbruket frå Bindal kommune, og har sia lagt ned store ressursar for å redde bedrifta. Men måndag var det altså slutt.
Les heile saka
I kveldinga var deler av Todalen Sokneråd på kyrkjegarden og rydda litt til konfirmasjonsgudstjenesta som er no førstkommande søndag. Mannskapet var lette å be for ein liten fotorunde.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag inviterte Wok – Sunndal kulturskoles vokalensemble – til jubileumskonsert i Todalen kyrkje. Wok kan ikkje skryte av størrelsen på koret, for dei er berre 9 medlemar medrekna korleiaren og dirigent Lone Eines. Men du verden kor dei imponerte med sin song og artige framføring av sitt program. Heile 18 musikalske nummer som stod på programmet, som dei køyrde gjennom på ein times tid.
Les heile saka
Prest og organist trer til side når konfirmantane «kuppar» gudstenesta i Stangvik kyrkje søndag kveld kl. 19.30. Dei sørgjer sjøl for både liturgi, musikk, tekster og nylaga symbolhandlingar. Den tradisjonelle «overhøringsgudstenesta» før konfirmasjonen har lenge vore erstatta med aktivisering der alle har si rolle. Dei unge sjøl står for det meste – frå klokkeringing og lydteknikk til tekster, bøner og musikk. Alt dette i tråd med ny gudstenesteforståing, der «liturgi» blir ordrett forstått – som «folket i handling».
Les heile saka
Rundt bygda er det mange som er i gang med vedarbeid. Lars kvendset er ikkje noko unntak, og laurdag var han i full gang med produksjon av vedforsyning til neste vinter. Etter ein kald og lang vinter er det nok mange som har tomme skott, og da er det berre å ta motorsaga fatt og dra til skogs
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har denne laurdagen hatt ope for kle-innsamling i Sanitetshuset. Det er no 6. året dei helg på med dette prosjektet, og det blir nye innsamlingsrekordar kvart år. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp.
Les heile saka
Hageland har vore veldig bra besøkt dei tre første dagane, fortel Ingeborg Langan Børset, som er butikksjef. Ho reknar også med at det blir bra tilstrømming på søndag, når butikken er open frå 12 til 17 på ettermiddagen. Vi var veldig spente på responsen frå publikum før vi opna, men mottakinga har vore storarta, seier ho og […]
Les heile saka
Wok er Sunndal kulturskules vokalensemble. Dei er 9 medlemar og markerte sitt 5-årsjubileum med konsert i Hov kyrkje i mars. Jubileumskonserten vil dei gjerne dele med fleire, så difor kjem dei til Todalen kyrkje i dag. Vi får da høyre heile jubileumsprogrammet som tek ein times tid. Dei er flike og fortener eit stor oppmøte, skriv Ildri S. Øyen i en e-post til Todalen.no, og vi sender anbefalinga vidare!
Endeleg er det vår – og opning av Hageland, sa ordførar Mons Otnes, da han kløpte snora. Dette har vi venta på så lenge, og folk har hatt store forventningar til at Hageland skulle opne dørene og sleppe inn publikum. Tidlegare har folk dratt til Kristiansund, Fannrem eller Trondheim for å kjøpe mykje av disse varene, så Hageland blir nok godt motteke i Surnadal.
Les heile saka