Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortfest med prisutdeling

Hjortfest med prisutdeling

Jon Olav Ørsal Sundag 20. januar 2013

Hjortfesta i Todalen blir tradisjonelt arrangert i slutten av november, men av ymse årsaker vart Hjortfesta 2012 utsett til januar. Laurdag kveld var et 70-tals todalingar og andre gjestar samla til fest i Todalen ungdomshus. Denne gongen var turen komen for Kvennset jaktlag for å være vertskap, og dei kunne by på velsmakande viltgryte, simulatorjakt og kveldens høgdepunkt som var utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron».

Les heile saka

Magiske forhold på isen

Magiske forhold på isen

Elinor Bolme Laurdag 19. januar 2013

I dag har redaksjonen vore på utflukt, og kan stadfeste at forholda på sjøisen er topp! Det var ikkje så alt for stor trafikk etter forholda, men fleire dristar seg kanskje utpå i morgon, for det er absolutt å anbefale. Georg Mossing var også ute i dag for å gjere frå seg hola til å sette garn i. Og her snakkar vi storarbeid. Han hadde skore opp rundt 25 hol med motorsag som han skulle bruke til å føre garnet under. Slikt tek tid, men skal ein få ferskfisk til middags lyt ein berre rekne med det, humra Georg. Og om nokon vil vere med å sjå på når han skal dra inn garna i morgon, er han å finne innafor Holmen rundt 11 tida i morgon.

Les heile saka

Gudsteneste søndag

Gudsteneste søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2013

Vi minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. januar.  Det er 3. søndag i openberringstida, og prekenteksta er henta frå Joh 1, 15-18. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar.


Neste laurdag: Idrettens festkveld

Neste laurdag: Idrettens festkveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2013

Neste laurdag, den 26. januar , står idrettens festkveld på programmet i Surnadal kulturhus. Det er Surnadal Idrettsråd som er arrangør, og dei reknar med fullt hus i Storstua denne kvelden. På idrettens festkveld skal det delast ut 3 prisar: årets prestasjon, «Årets ildsjel» og «Publikums ærespris». Når det gjeld «Publikums hederspris» kan du væra med og bestemme kven som er fortjent mottakar. Slik kan du røyste på din kandidat:

Les heile saka

Todalsabend – kulturkveld i Köln

Todalsabend – kulturkveld i Köln

Jon Olav Ørsal Fredag 18. januar 2013

Like sikkert som det er møbelmesse i Köln i Tyskland kvart år, så er det Todalsabend – Todalskveld – der todalingar og todalsvener treffes. Det skjer på ein restaurant, både for å nyte god mat og drikke, og for ha det triveleg i lag. Det er Terje Nordvik som er intiativtakar til dette arrangementet, og i tillegg til andre todalingar så var det folk frå heile landet, samt frå Sverige, Danmark, Tyskland og kanskje fleire. Litt spesielt var det i år, for i år har dette arrangementet 20-årsjubileum, men Todalsabend er nok godt etablert som tradisjon.

Les heile saka

Fredag kveld: TrondheimSolistene i kulturhuset

Fredag kveld: TrondheimSolistene i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 18. januar 2013

Fredag kveld kjem TrondheimSolistene til kulturhuset for å halde konsert. Det er 10. gongen, og det er stort og ærefylt for oss å få besøk av dem, seier kulturhussjef karstein Telstad.  Det er kvalitet over det dei framfører, men samtidig har dei ein lett tone med mykje lun humor. Konserten startar kl 19.00, og billettar kan du kjøpe ved å gå inn på linken for Billettluka.


19 cm tjukk is

19 cm tjukk is

Elinor Bolme Torsdag 17. januar 2013

Georg Mossing var i dag ein tur ute på sjøisen på isfiske. Han hogg seg gjennom isen utanfor Ansneset, og som ein kan sjå på biletet er isen 19 cm tjukk.
Som oftast er isen enda tjukkare innanfor Holmen så han meinte det skulle være greit å driste seg utpå ein tur eller to i helga.

Det er no kanskje rundt 6-7 år sidan sist Todalsfjorden hadde ein så fin og tjukk sjøis, om underteikna ikkje minnst heilt feil. Og då var det knappsett med folk på isen i helgene, både fiskarar, sparkarar og skøytarar. For å komma seg utpå kan det nok anbefalast å starte i båthavna, men unngå utløpet ved settefiskanlegget, der det er eit parti ope vatn.

Les heile saka

Sonerenn på Nordmarka

Sonerenn på Nordmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2013

Surnadal I.L. arrangerer  KM klassisk og sonerenn for klassane 8-10 år. Det skjer søndag 20. januar kl 12 på Norsdmarka skisenter, og påmeldingsfristen er torsdag 17. januar, og påmelding skjer på Klubben online, men du kan også melde deg på via telefon eller e-post til Surnadal I.L. v/Eivind Sponås.  Finn fram langrennskiene og meld deg på!


Forsvarsforeninga: Aktivitetsplan for første halvår

Forsvarsforeninga: Aktivitetsplan for første halvår

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2013

Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer laurdag 26. januar prøve til skiskyttarmerket. Det foregår denne gongen på Toresetra i Bæverdalen, med start kl 13. Det blir militært program med militært utstyr, og du går 10 km langrenn og skyter 10 skot med AG3. men dei har også flerire aktivitetar på lur utover våren:

Les heile saka

Månadens bilete: Lys over dalen

Månadens bilete: Lys over dalen

Ole Petter Talgø Onsdag 16. januar 2013

Det siste kruset for månadens bilete i 2012 går til Arne Kjær for biletet Lys over dalen. Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og lovar at premien blir overbragt snart. I det siste har vi hatt underskot på bidrag til dagens bilete, så vi oppfordrar alle til å sende inn bilete til oss.

Les heile saka

To buksestørrelsar ned….

To buksestørrelsar ned….

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. januar 2013

Er du lei magefettet, har vi løysinga for deg: Velværesentret kan styre treningsprogrammet ditt utover vinteren, der du gjennom 6 vekers program ffår trening, veging og måling, samt kosthaldråd. Med dette programmet har du god mulegheiter for å lykkast. Velværesentret har kjørt 2 omgangar med slike kurs i 2012, og har oppnådd gode resultat, fortel dagleg leiar Ann Kristin Bruset.

Les heile saka

Talgø: Premiere for nye websider

Talgø: Premiere for nye websider

Jon Olav Ørsal Måndag 14. januar 2013

Måndag hadde Talgø premiere for sine nye websider på www.talgo.no. Dei nye websidene er heilt nyutvikla, og den største endringa er nok at fokus er skifta frå produksjonsstad til produkt. Alle produkta kjem no frå Talgø, og er samla i produktgrupper. Enkelt og oversiktleg, og med låg brukarterskel for å finne fram, seier marketingsjef Heid Snekvik.

Les heile saka