Todalen Idrettslag med Carina og Knut Jarle i spissen inviterer til sosialt samvær på sjøisen førstkommande laurdag kl 13. Dei har sjekka vêrmeldinga, og meiner at forholda skal vere stabile til eit slikt arrangement. Dei vil ta med ishockeykøller og mål utover slik at det kan bli litt fartsfylt leik utover dagen. Dei tek også med grillar, slik at den enkelte kan ta med høveleg mat til å legge på etter som svolten kjem sigande. Eller om nokon vil grille ein sjølvfiska fisk.
Inspirert av TV-reklamen til Netcom, inviterer de ansatte i hjemmesykepleien i Surnadal brukerne sine på kino – utenom sin egen arbeidstid! – Dette gjør vi i fritida vår, og vi gjør det med stor glede, sier Malin Eidsli og Mari Heggset i hjemmesykepleien. Kinosjef Pål Norman har bestilt storfilmen Kon-Tiki, og skal sørge for at alle får en fin opplevelse i kinosalen torsdag i neste uke. Dette skriv Trollheimsporten i dag.
Les heile saka
Laurdag er det klart for strikkekaffe i Sanitetshuset igjen for dei som kanskje har savna det. Der blir det som vanleg rom for sosialt samvær med litt enkel servering til seier initiativtakar og laurdagens vertinne Åse Ville Redalen. Her er det fleire prosjekt å delta på, om ein ikkje har noko garn på strikke- eller heklepinnane frå før. Gruppa stillermed garn om nokon vil strikke til prematre born, eller dokkekleder til Todalen barnehage.
Inge Skogheim ved Surnadal kommune melder no om at alle abonenntar med tilknytning til Bjøråa vassforsyning har fått vatnet tilbake. Han fortel at kommunen har ein viss kontroll over problemet, men at abonnentane lyt vise måtehold med vassforbruket om dette skal vedvare. Teknisk avdeling på kommunen har så langt strupa til utløpsventilen slik at vassmengda som kjem ut, ikkje er på maks. Dei vil etterkvart prøve å gjere fleire tiltak for å få betra dette, fortel Skogheim. Etter den lengre kuldeperioden vi har vore inne i er dette no eit problem fleire plassar i kommunen.
Les heile saka
Det er ikkje berre lokalpressa i vårt omland som hadde interesse for NM i randonne på Strengen for 14 dagar sidan. Redaksjonen fekk ein hevendelse frå nettstedet kondis.no om å få bruke nokre av bilda som vi hadde publisert, på vegne av våre «samarbeidspartnere» ute i løypene. Resultatet av det kan du sjå HER på kondis.no eit allsidigt nettstad som publiserer det meste innen trening og aktiv idrett. Sjølvsagt med link heimatt til oss igjen!
Les heile saka
Kveldens befalsvakt Tor Arne Moen i Surnadal kommune melder til todalen.no no i kveld at alle dei som har kommunalt vatn i Todalen, desverre er utan tilgang på vatn på noverande tidspunkt. Kommunalteknisk avdeling er ankommet Todalen og arbeider kontinuerlig med saka. Problemet er at det er for lite tilsig av vatn til brønnen ved Bjøråa. Dei arbeider derfor no med å forsøke å lede vatn frå andre vasskjelder inn i brønnen.
Les heile saka
Nok et sonerenn er avlyst på grunn av snømangel melder Jo Kvande Hansen til todalen.no. Det er rennet som skulle gå førstkommande søndag på Vang.
I vinter var det oppsatt 5 sonerenn i vår sone. Under er informasjon om når og kvar. Påmelding via sms eller epost inntil 30 minuttfør start.
Les heile saka
Arbeidet på lysløypa på Tjønnmyra er godt i gang, og prosjektet som er kostnadsrekna til nærare 900.000 skal være klart til bruk til neste skisesong, fortel ledar i anleggskomiteen Nils Ove Bruset. Laurdag var vi med anleggskomiteen på synfaring i anlegget, og det må kunne seiast at det såg imponerande ut. Det er entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og det fine vintervêret har gjort at det har vore fine arbeidtilhøve så langt i vinter.
Les heile saka
Tysdag kveld var jaktsimulatoren i «eldlinja» igjen i Ungdomshuset. Den var bruka i eit programinnslag på Hjortfesta, og medan den enno var i bygda vart det arrangert open kveld med jaktskyting for alle som hadde lyst. Simulatoren var basert på laserteknologi i kombinasjon med film, og fungerte egentleg som eit dataspel. Utstyret var lånt av Jeger og Fisk, og vart drifta av ei datamskin.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2012. No er det snart tre år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og tre og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 1200 bilete.
Les heile saka
I morgon tirsdag 22. januar inviterer Kvendset jaktlag til skyting med jaktsimulatoren som var benytta under hjortfesta i helga. Da blir det rå for revansje for dei som skaut laurdag, og fritt fram for alle andre som kunne tenkt seg å prøve.
Ungdomshuset kl 18:00.
Som antyda i går, vart det mykje folk som tok turen ut på sjøisen i dag. På det aller meste var det rekna vel 80 stykker mellom 13 og 14 i dag. Her var folk i alle aldrar, med både spark, skøyter og nokon til fots. Både todalingar, surndalingar og kvennalendingar benytta anledninga til ein oppplevelse i dagens fine vinterver med sol og rundt -5 grader. Somme var også ute etter å få seg ein fisk eller to. Og stort sett alle som fiska rundt om såg ut til at dei fikk noko på kroken.
Les heile saka