Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen og Surnadal mot 2030

Todalen og Surnadal mot 2030

Elinor Bolme Tysdag 22. oktober 2013

Bortimot 70 mann møtte i kveld opp på Todalen Oppvekstsenter for å delta på Surnadal kommune sitt 1. orienteringsmøte  i grendene om kommuneplanen som omhandlar areal- og samfunnsdel. Frå kommunen møtte ordførar Mons Otnes, rådmann Knut Haugen, kommunalsjefane Karin Halle og Inge Skogheim, rådgjevar Råg Ranes og arealplanleggar Håvard Stensønes.

Råg Ranes orienterte aller først om rikets tilstand. Og konstaterte at befolkningsnedgangen er større enn ønska, med no i underkant av 6000 innbyggjarar totalt i Surnadal kommune. Her må det på eitt eller anna vis gjerast grep for å få opp att befolkningstalet, då med blandt auka tilflytting, som kommunen er godt inne i med vedtak på flyktningemottak og «nederlandsprosjektet».

Karin Halle orienterte om prosjektet «Surnadal mot 2030», eit scenario om korleis Surnadal kommune kan bli om 20 år, sett frå ulike ståsteder. Målet med dette prosjektet er kort fortalt; korleis skape endring og entusiasme i framtida for kommunen vår. For det er klare tall: befolkningsnedgangen er stor, der auka gjennomsnittsalder er dominerande.  Til å hjelpe seg med dette har kommunen leidd inn eksternhjelp i firmaet Faveo som driv med slike prosjekteringsoppdrag, og ikkje minst sett på kva andre kommunar rundt om i landet har gjort for å få snudd  slike negative trendar.

Til slutt tok Håvard Stensønes forsamlinga gjennom ei orientering rundt oppbygging og funksjon av kommuneplana sin arealdel. Ei plan som inneheld forvaltninga av kommunens areal og dets verdiar, eit styringsdokument for arealbruken rett og slett, med dei mulegheiter og begrensningar det fører med seg. Plana blir vedteke av kommunestyret med medvirkning frå både private og offentlege partar, samt med hjemmel i Plan og bygningslova §11. Her finn du eksisterande planer som no skal opp til revidering.

På bakgrunn av alt dette vart dei frammøtte sett til å skissere opp endringar, forbetringar og ikkje minst ønsker for kva todalingane ser for seg skal med i den nye kommuneplana. Og då vart det liv rundt borda, og kreativitet og engasjement fekk fritt utspel. Alle forslag vart behørig notert både på kart og kladdark og til slutt presentert i plenum. Kommunalledelsen tek desse vidare med seg for oppfølging i planarbeidet som skal vedtakast i kommunestyret våren 2014.

Ordførar Mons Otnes var godt fornøgd med det gode oppmøtet, og takka dei frammøtte for konstruktive og ikkje minst realistiske bidrag. Men presiserte at det var enno god tid til å komme med enda fleire innspel til planene, både som privatperson, næringsdrivande eller organisasjon.

Under er nokre bilder frå møtet, med hovedvekt på gruppearbeidet. Alle foto ElinorB

Resten av møta går på følgande tid og sted:

23.10 kl. 19.30-22.00:                     Bæverfjord skule

28.10 kl. 19.30-22.00:                     Bøfjorden grendahus

07.11 kl. 19.30-22.00:                     Stangvik skule

11.11 kl. 19.30-22.00:                      Mo skule

13.11 kl. 19.30-22.00 :                     Kommunehuset

Publisert: 22. oktober 2013, 23:17