Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget: Siste korrektur på årsskriftet

Historielaget: Siste korrektur på årsskriftet

Jon Olav Ørsal Fredag 18. oktober 2013

Historielagets årsskrift er klart til trykkjing. Det er nr 12 i rekkja, og dersom alt går etter plana skal det være klart for salg den 24. november når Todalen historielag inviterer til bokbad og premiere i ungdomshuset. Årsskriftet er nummer 12 i rekkja med presentasjon av mykje interessant og artig Todalshistorie mellom permane.

Torsdag kveld var Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe i fyll gang med korrekturen. Heftet inneheld mykje informasjon, og det er viktig å sjekke at alle fakta er rett og at ein klarer å luke ut flest muleg skrivefeil før heftet sendes til trykkjing. Med salgspremiere i slutten av november er nok årsskriftet ei aktuell og populær julegåve for både «innfødte» og utflytta todalingar. For medlemane i Todalen historielag er eit årsskrift inkludert i medlemsskapet, fortel ledar Maren Ansnes.

Publisert: 18. oktober 2013, 08:48