Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hallarampen vart offisielt innvidd

Hallarampen vart offisielt innvidd

Frode Grønmyr Tysdag 22. oktober 2013

Måndag 21/10 vart det nye postkassestativet på Halla offisielt opna. Sidan det gamle stativet bles ned for eit par år sidan, har eit nytt stått øvst på sentrumsplana for Hallagrenda. Tidlegare stod det ein mjølkeramp på andre sida av vegen. Dette var eit samlingspunkt i grenda, og gav ideen til å bygge eit postkassestativ i same stil. Det er kårkallane Eivind og Trygve som har stått for bygginga. Oppdragsgjevarane Olav og Frode er svært godt fornøgd, og tykkjer resultatet vart over all forventning. Dei vil også nemne at finansieringa av prosjektet har vore svært gunstig.

I tillegg til å arbeide gratis og halde maten sjølv, har kårkallane betalt material, sement og spikar. Handelsmann Terje Nordvik kasta også glans over opninga. Han skrytte av den nye mjølkerampen og ser fram til å bli ein flittig gjest i postkassane med store regningar.

Først publisert: 22. oktober 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 21. oktober 2013, 23:34