Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Båtforeninga med årsmøte – søker etter havnesjef

Båtforeninga med årsmøte – søker etter havnesjef

Jon Olav Ørsal Fredag 26. april 2013

Todalen Båtforening minner om årsmøte, som avholdes på Pakkhuset Pub på Todalsøra, Mandag 29. april kl 20:00.
Det er ordinære årsmøtesaker som skal behandles. Alle medlemmer skal ha mottatt skriftlig innkalling, som også er vedlagt.

Les heile saka

Stavgangtur til Ansnesgarden og Vorpneset

Stavgangtur til Ansnesgarden og Vorpneset

Vidar Sogge Fredag 26. april 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag starta sesongen torsdag 25. april. Første marsjen var lagt til Ansnesgarden og Vorpneset i Todalen. Vi parkerte bilane ved Ansnessaga, som ligg eit par km utafor Todalsøra. Herifrå kunne vi sjå Holmen, truleg eldste husmannsplassen i Todalen.

Les heile saka

Kjenner du disse?

Kjenner du disse?

Jon Olav Ørsal Fredag 26. april 2013

Det er Jenny (Kjølstad) Stensby som lurer på det. Det er eit bilete som er teke på Sandstadtroppa, og skriv seg frå sommaren 1966. Det er Jenny som sitt i midten, men dei to «drekern» på kvar side er det ingen som kjenner att! Dei har strikkajakke i same farge og mønster, noko som tyder på at dei er søsken. Det er Lisa Sæther som har teke biletet.

Les heile saka

Vårtegn som perler på ei snor

Vårtegn som perler på ei snor

Elinor Bolme Torsdag 25. april 2013

Ein snartur rundt bygda i kveldinga gav full uttelling for mange tradisjonelle vårtegn. Folk er i full gang med våroppussing rundt hus og i hage, og ungane syklar nogen lunde tørrskodde, i allefall etter vegen. Brannmanskapet var ute med slangane sine for den årlege spylinga av asfalten utanfor Matkroken og Talgø.

Les heile saka

Nominasjon til soknerådsvalet

Nominasjon til soknerådsvalet

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. april 2013

I samband med stortingsvalet 9. september, skal det og avviklast soknerådsval. Fristen for å nominere kandidatar til soknerådsvalet er 1. mai, og no hastar det dersom du har forslag til kandidatar som du vil nominere. Det er Sokneråda i Todalen og Stangvik som minner om dette.

Les heile saka

Butikkmann på prøve…

Butikkmann på prøve…

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. april 2013

Steinar Gjeldnes er denne veka på utplassering på Matkroken L. Hals i Todalen. Steinar går i 9. klasse på Surnadal ungdomsskule, og da høyrer det med i pensum å få prøve seg litt i yrkeslivet. Steinar fekk koma til Halsbua, og da vi trefte på han satt han i kassa og ekspederte kundar. Og Steinar var allereie ein rutinert kassaoperatør og heldt godt styr på vareflyten.

Les heile saka

Kvinnekraft

Kvinnekraft

Elinor Bolme Onsdag 24. april 2013

Surnadal kvinnekraftverk arrangerte tirsdag kveld ei av sine samlingar på Gammelfabrikken i Todalen. Surnadal kvinnekraftverk vart etablert i 2009, og har som formål å skape eit nettverk for kvinner i Surnadal. Nettverket satsar på kompetanseheving og synliggjering av dei mange ressurssterke kvinnene som bur i kommunen.

Les heile saka

Seier i første seriekamp

Seier i første seriekamp

Elinor Bolme Onsdag 24. april 2013

Da er fotballsesongen på det lokale plan i gang, og Søya/Todalen sitt 6. divisjonslag starta allerede med sin første seriekamp sist søndag. Laget spela da mot Frei, og vann heile 5-3.

Les heile saka

Heimevernet øver

Heimevernet øver

Ole Petter Talgø Tysdag 23. april 2013

I disse dagane har Nordmøre Heimevernsområde øving, med base på Angråmyra. HV-soldatar frå Surnadal, Halsa og Rindal øver for å forbedre den operative evnen til å løse pålagte oppdrag, samt auke den generelle beredskapsevnen.

Les heile saka

Bindalsbruket meldte oppbud måndag

Bindalsbruket meldte oppbud måndag

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2013

Talgø kaster korta på Bindalsbruket AS. Måndag ble det klart at styret i selskapet ikkje såg grunnlag for å drive vidare med dørproduksjon ved bindalsbedrifta, som produserer inner- og ytterdører. Det var i mai 2011 at Talgø Invest AS overtok aksjemajoriteten i Bindalsbruket frå Bindal kommune, og har sia lagt ned store ressursar for å redde bedrifta. Men måndag var det altså slutt.

Les heile saka

Klart til konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Måndag 22. april 2013

I kveldinga var deler av Todalen Sokneråd på kyrkjegarden og rydda litt til konfirmasjonsgudstjenesta som er no førstkommande søndag. Mannskapet var lette å be for ein liten fotorunde.

Les heile saka

Wok imponerte i kyrkja

Wok imponerte i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2013

Laurdag ettermiddag inviterte Wok – Sunndal kulturskoles vokalensemble – til jubileumskonsert i Todalen kyrkje. Wok kan ikkje skryte av størrelsen på koret, for dei er berre 9 medlemar medrekna korleiaren og dirigent Lone Eines. Men du verden kor dei imponerte med sin song og artige framføring av sitt program. Heile 18 musikalske nummer som stod på programmet, som dei køyrde gjennom på ein times tid.

Les heile saka