Måndag 13. mai inviterer Stangvik historielag til kulturvandring til Åsbøhagen og besøk i smia hos Ola Polden. Han er litt av ein tusenkunstner, og det blir nok eit interessant og artig besøk, for han har både mykje å vise fram og mykje å fortelje. Dette er den første av 4 kulturvandringar som Stangvik historielag skal ha i løpet av sommaren 2013. Historielaget ønskjer alle velkomne til å delta på lagets kulturvandringer.
Les heile saka
Til tider kraftig vind på Bordholmen hindret ikke A-laget til Søya/Todalen i å spille fin og underholdende fotball torsdag kveld. Mål av Sondre, Kenneth og 1 selvmål ga seier 3-0 i sesongens første hjemmekamp. Over femti tilskuere fikk se et hjemmelag gå hardt ut og kom til mange sjanser før de fikk sitt første mål midt i første omgang. Et skudd i stolpen og et par sjanser på corner, men ingen flere mål før pause.
Les heile saka
Tradisjon tru, er elevane i 7 klasse ved alle skulane i kommunen på skuletur til Bjørnsund i løpet av våren. Elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har sidan måndag vore der saman med skulane Mo, Bæverfjord og Bøfjorden. Etter rapportar til ulike heimar er opphaldet vellykka så langt. Veret har vore bra, men litt mykje vind gjorde ei utflukt der havfisket sto på programmet til ei lita utfordring. Ikkje alle var like gode på 2 meter høge bølger.
Les heile saka
Forrige veke gjennomførte Nordmøre heimevernsområde årets trening i Surnadal. Dette foregjekk hovedsakleg på Angråmyre skytebane, men med ein feltdel ute blant publikum. Både ved Surnadal Kommunehus, Kvanne fergekai og industrikaia i Surnadal var det aktivitet.
Les heile saka
1. mai vart det utrykning til ein pipebrann i Todalen. Rask reaksjon frå frå huseigaren og brannvesenet i Todalen hindra at brannen fikk utvikle seg. Litt salt i pipa dempa nok brannen, men feiaren måtte tilkallast før ein fikk sløkt pipebrannen heilt. Det er farleg dersom pipebrannen får utvikle seg, for da kan det føre til sterk oppvarming av pipa og kan antenne treverk i nærleiken av pipa.
Les heile saka
I månadsskiftet april/mai er det 60 år sia Tysklandsbrigaden var avvikla, og soldatane kunne dimmitere og reise heim. Tysklandsbrigaden vart oppretta i 1947 og Norge deltok saman med ein brigade i arbeidet med å gjenreise Tyskland og skape det om til eit fredeleg medlem av verdssamfunnet. Tilsaman var 12 brigadar i Tyskland på tjeneste fram til 1953, da dei kunne reise heim.
Les heile saka
Laurdag arrangeres siste strikkekaffe denne våren. I den anledning kjem Torill Gjeldnes for å vise fram garn spunne av ull frå eigne sauer. Ulla er spunne på spinneri, og Torill har dermed fått tilbake mykje fint garn i 4-5ulike nyansar.
Les heile saka
Nordvik grendalag har planane klare for våraktivitetane. Dei startar med å rydde etter vinteren, og arrangerer vårdugnad onsdag 8. mai kl 18.30. Det skjer på Øygarden, leikeplassen og inne i forsamlingshuset. Der blir du oppfordra til å ta med høveleg redskap eller vaskebøtte. Vidare arrangerer laget befaring til setra for å finne plass til ny høyløe og for å finne trase til ny tursti. Det skjer torsdag 23. mai, med start kl 18.30
Les heile saka
I Hageland Surnadal er det travle dager, og no er sommarblomstrande på veg inn, fortel Ingeborg Langan Børset som er butikksjef i hagesentret. Det er nok enno litt tidleg å plante ut enkelte typar sommarblomster, men stemor og fiolar tåler faktisk litt kulde, seier ho. Det nye hagesentret er ope kvar dag, også 1. mai og 9. mai, som er raude dagar på kalenderen. Da er det opningstida for søndagar som gjelder, altså frå kl 12-17.
Les heile saka
Når det står att ei natt i april kan vi sjå av statistikken frå Småhjellan at det har vore 16 frostnetter så langt i april. Yr.no spår minimumstemperatur på 4 grader komande natt, så vi kan forhåpentleg vis slå strek der for april. Men etter meldingane vil den kalde våren fortsette, og det blir kanskje frostnatt alt natt til 1. mai. Frå 1990 er det 7 år der april har hatt fleire frostnetter enn i år. Flest i 1995 og 1997 med 20. Færrest frostnetter i 2003 og 2011 med 3 stk.
Les heile saka
Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, og 4 gutar tok denne dagen steget inn i dei vaksnes rekkjer. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt konfirmasjonsgudstenesta, og konfirmantane fikk i beste meining med seg nokre formaningar inn i framtida gjennom preika.
Les heile saka
Kan du tenkje deg 17. mai uten musikkorps? Dei siste åra har eit lite, men entusiastisk korps spela marsjar i 17. mai-toget i Todalen. I år er det mange som nyttar langhelga til å reise bort, og korpset har per dags dato ikkje nok folk til å spela i toget! Vi håpar difor du som tidlegare korpsmedlem, eller som har spela i korps, stiller opp for å bli med og hjelpe oss?
Les heile saka