Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj. Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag. Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen godt nøgd med.
Les heile sakaRomjulsmarsjen – bra deltaking
Det var nok ei fornuftig avgjerd å utsette Romjulsmarsjen til 4. juledag, for gårdagens snøfokk hadde nok gjort dørstokkmila lang for mange. 4. juledag var det prima forhold for den 6 km lange turen rundt bygda og trimgruppa er godt nøgd med at 124 registrerte seg for rundturen og vart servert varm gløgg eller kakao som varma godt i det kalde vêret. Det blir tross alt litt kald når gradstokken kryp under null, sjølv om det berre var 4-5 kuldegrader i lufta. Todalen.no tok turen rundt bygda med kamera, og resultat finn du i eit galleri nedafor.
Les heile sakaTelefonforbindelsen er tilbake
Da er telefonforbindelsen kommet tilbake til Todalen igjen. Kvar feilen har vorte retta har vi ikkje fått orientering om, men i følge ein epost fra informasjonssjef Anders Kroken i Telenor, skal dei angiveleg ha sendt folk til Strengen for å sjekke ut forholda der på føremiddagen i dag.
«Vassækte jul» med full trøkk
Todalingane hadde store forventningar da dei 3. juledagskveld benka seg i Todalen ungdomshus for å oppleve julerevyen «Vassækte jul». Og dei vart jammen ikkje ikkje skuffa, for på scena var det full trøkk frå første stund. Første akt var nærast dedikert det stor butikkjubileet i haust, og vi fekk oppleve livet i kaffekroken på nært hold og til stor fornøyelse for publikum. Og publikum likte det dei fekk sjå, og var rause med applausen. God og lun humor som etter kvart appelerte til mosjon av lattermusklane og mykje fin song og musikk gikk rett heim hos publikum.
Les heile sakaKlar for «Vassækte jul»!
Første framsyninga for julerevyen «Vassækte jul» er ferdig. Det var flott framsyning, der latteren satt laust hos dei 50-tals publikum som møtte til første framsyninga som starta kl 15. Det var ein god forestilling med variert og lun humor, og sjølvsagt mykje song og musikk. Gode og sjølvskrevne songtekster, som sjølvsagt også hadde ein liten brodd innimellom. Aktørane gjorde ein god jobb på scena, og ikkje minst årets gjesteartist Johnse Settem som hausta stor applaus for sin sagaforteljing.
Les heile sakaVedvarende telefontrøbbel
Todalen.no har no dei siste timane prøvd å komme i kontakt med rette vedkommande i Telenor for å få ein uttalelse på kva estimat selskapet har for å rette opp feilen med telefonforbindelsen som manglar i bygda. Etter ei rekkje vidaresendingar, blandt anna til og frå dekningssjef Bjørn Andersen, fekk vi til slutt vakthavende pressetalsmann Anders Krokan på tråden. Han forsikra at dei no har kraftmannskap ute for å sjekke om det er strømtilførselen det er noko i vegen med. Desverre kunne han ikkje love noko eksakt tidspunk for når feilen kan bli retta, men han lova å halde redaksjonen oppdatert på vidare framgang i saka.
Les heile sakaRomjulsmarsjen er utsett til 4. juledag
På grunn av snøstorm og uvêr er Romsjulsmarsjen utsett til 4. juledag (28.12). Starten skjer til same tid, mellom kl 12 og 15. Det er trimgruppa i Todalen I.L. som melder dette til Todalen.no. Det er no sterk vind og snøfokk, og etter vêrmeldinga på yr.no vil det vedvare utover dagen. Vermeldinga til 4. juledag er imidlertid bra, med opphaldsvêr og vinden vil også løye.
Les heile sakaTelefonberedskap aktivert i Todalen
Dagens befalsvakt i Surnadal kommune, Tor Arne Moen har no i kveld vore i Todalen og levert ein av Surnadal komune sine satelitt-telefonar til utrykningsleiar Ivar Bolme i Todalen brannnkorps. Ivar vil til bygda får tilbake telefonforbindelsen vere mellomleddet for den som treng øyeblikkeleg hjelp av politi, brann eller ambulanse.
Les heile sakaUtan dekning, igjen…
Todalssamfunnet en nok ein gong utan mobildekning. Både Telenor og Netcom har sidan 13 tida i dag vore utan forbindelse i bygda. Fleire har i løpet av ettermiddagen vore i kontakt med Telenor, og dei kan melde om brudd på nokre basestasjoner i vårt område. Det er satt ei foreløbig rettetid til i morgon. Etter […]
Les heile sakaNy lysløype – prosjektet er godt i gang
Todalen Idrettslag er godt i gang med arbeidet med den nye lysløypa på Tjønnmyran. Traseen er forlengst rydda, og no er gravearbeidet kome i gang. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og arbeidet vil nok foregå utover vinteren etter kvart som det er gode arbeidstilhøve i området.
Les heile sakaI natt: Jupiter kryssa månen
Natt til 2. juledag «kryssa» Jupiter månen! I natt kunne du sjå sylsystemets største planet, da han nærast slo lag med månen over himmelen. Alt frå det vart mørkt kunne ein sjå at Jupiter nærma seg månen, og den var på det næraste ca kl 02.00. Bildet er teke rundt midnatt, og da var det skyfritt rundt månnen, og du såg jupiter med det «blotte øye».
Les heile sakaJulehelsing frå barnehagen
Styrar i Todalen barnehage, Jorunn Nordvik har sendt oss ei lita julehelsing der ho skriv: Barnehagen benytter anledninga til å takke Sanitetsforeninga i Todalen for tursekkar og små refleksvestar, Amfi Drift AS for sitteunderlag og Surnadal Sparebank for tursekkar til ungane som vi fikk i haust!
Les heile saka