Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To rette og en vrang med julestemning

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. desember 2013

Laurdag ettermiddag arrangerte Todalen sanitetsforeing årets siste strikkekafe i Sanitetshuset. Vår utsendte passa på å stikke innom akkurat da det var kaffeservering, da vi har gode relasjoner til trakteringa som sanitetskvinnene byr på.

Rundt borda var det handarbeid av alle salg, og vi fekk inntrykk av handarbeidet gjekk sin gang i samhandling med både kaffedrikking og kaffeprat. Det er vel det som blir kalla multitasking på dataspråket, og som det blir hevda at mannfolka ikkje er i stand til.

Kan iallfall konkludere med at damene som var på strikkekafe denne dagen var i alle aldre, og dei såg ut til å trivast i kvarandres selskap. Og formålet med strikkekafeen er vel å treffast og å ha det triveleg saman.

DSC_7363

Julestjerner montert saman som ei uro – flott og heimlaga juklepynt med Dordi H. Fedje som instruktør. Foto: Jon Olav Ørsal

Litt fagleg input skulle det også bli i løpet av ettermiddagsstunda. Dordi Fedje skulle vise fram korleis det går an å lage fine julestjerner, for så å montere dei saman til ei flott «uro».

DSC_7359

Triveleg førjulstreff i Sanitetshuset. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_7358

Det var full fart på strikkepinnene rundt alle bord. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. desember 2013, 17:01