Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gunvor på tur med juleposten…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. desember 2013

Gunvor Fuglevåg er i gang med utkjøringa av juleposten. Ho har i snart 20 år kjørt ut post til todalingane, men har no gjorte 40 års tjeneste i Posten til saman. Nyleg var ho i Oslo for å ta i mot ei markering, saman med mange kolleger som hadde jobba i 25- eller 40 år i Posten.

Gunvor starta sin karrierer i Molde, og var innom både Ålesund, Kristiansun og Oslo før ho kom til Surnadal. Det var på 90-talet ho starta med postkjøringa på «todalsruta», og trives har trivdes godt med det. Ho har etter kvart vorte godt kjent med todalingane og har ingen problem med å finne fram til mottakarane.

Gunvor_Posten_7345

Gunvor har kjørt post til Todalen sia først på nittitalet, og fortel at ho trives saman med todalingane. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunvor fortel at det er stor forskjell på juleposten før og no. For det første har e-posten overteke mykje av julehelsingane. Men det har også vorte mykje meir julebrev og dei gamle og enkle julekorta som før vart sendt i hopetal er på det næraste bortkomne. Når det gjeld pakkar er det ei auke, og her kjem nok postordrehandelen inn. Mange nyttar i dag høvet til å kjøpe varer på postordre og da er det Gunvor som kjem med pakkane.

Gunvor reknar med at ho når toppen for juleposten i neste veke, så det blir nok ei travel veke før julefreden senkar seg over oss om ei stor veke.

Publisert: 14. desember 2013, 19:00