Det har pågått ein leiteaksjon i området ved Gjevilvassdalen i Trollheimen. Det har vore leita etter ein person som i går vart meldt sakna i området ved Gjevilvasskamman. Vêrtilhøva hindra leiting med helikopter i natt, men i morgontimane vart meir mannskap og fleire helikopter sett inn. Eit helikopter fann den sakna etter kort tid, og vedkomane er no frakta til St. Olav Hospital for undersøking. Les meir på nettsida til NRK Trøndelag.
TK.TV har sist helg laga fleire innslag frå Todalen, både med tanke på ras, kvardag og litt turisme. Fin omtale av bygda, samfunnet og kvardagen i Todalen etter raset. Reporter er Trond Hasselø, og sjåfør og guide kan muligens være Ragnar Halle. Alle innslaga anbefalast på det sterkaste.
Les heile saka
Torsdag 22. august er Karen Johanne Talgø på plass i biblioteket igjen. Da startar eit nytt bibliotekår, og vidare utover hausten blir det ope kvar torsdag mellom kl 18 og 20. Karen Johanne ønskjer både gamle og nye boklånarar velkomne til biblioteket, der ho kan by på både bøker, lydbøker og videoar.
Les heile saka
Denne månaden kan vi gratulere Eirin Torheim Rendal med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Solnedgang på Svinvikhammranj», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Nedanfor ser du […]
Les heile saka
Ukens kupp for den som er på utkikk etter å fornye kjøkkenet sitt, kommer fra feriehuseiere og todalspatriotene Per og Elisabeth Marie Aas som har tilholdssted i Sissibu. Elisabeth håper noen i Todalen eller omegn kan hjelpe dem med å bli kvitt et kjøkken i løpet av helga.
Les heile saka
Som tidlegare annonsert kjem no nye rutetider for både bilferga MF Førdefjord og skyssbåten MS Tollesund, ettersom ferga no har permanent liggetid på Ansnessaga nattestid. Endringane gjeld frå og med i morgon tidleg melder rådmann Knut Haugen.
Les heile saka
Det er framleis problem med å få reisande med skyssbåten til å parkere lovlig ved Svinvika, fortel kommunalsjef Inge Skogheim. Han presiserer at det er parkeringsforbud frå postkassestativet/melkerampen ved fylkesvegen inn til Todalen, og heile vegen nedover til hurtigbåtkaia. Det er parkeringsplassane ved hovudvegen som skal brukast til parkering. I tillegg kan du bruke gammelvegen frå arboretet og oppover Sommarfjøsbakkan (Tulipansvingen).
Seks musikkglade damer besøkjer Todalen med tonar av Henning Sommerro førstkomande søndag ettermiddag. Sigrid Vetleseter Bøe er songsolist med blåseensemblet Henning Qvintetten. Namnet Qvintetten har kanskje dobbel botn: Det er utelukkande «quinder» som trakterer dei fem instrumenta i blåse-kvintetten: Marthe Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Berglind Haldorsdottir (klarinett), Magnhild Tafjord (horn) og Ingunn Fjellang Sæther (fagott). Dei kom saman som som Møre-musikarar.
Les heile saka
BF Førdefjord skal få sitt nattlosji ved kai på Ansnessaga. Frå tysdag kveld vil ferja slippe å gå til Halsa for å legge til kai om natta. Dermed får ferja frigjort til bruk i sambandet mellom Todalen og Kvanne, og kan både starte og avslutte rutetilbodet i Todalen. Tysdag vil det kome nye rutetider som blir gjort gjeldande frå onsdag morgon, fortel kommunalsjef Inge Skogheim i Surnadal kommune.
Les heile saka
Måndag starta skulen på igjen, og da er det berre å konstatere at sommarferien er over for den yngre garde. Kl 8.30 i dag tidleg var heile gjengen samla på skuleplassen og klare til å ta fatt på eit nytt skuleår. Trur faktisk alle var glade for å treffast på skulen igjen, men spesielt var det nok for dei 4 som skulle starte i førsteklassen. Men dei finn nok tonen ganske fort, og det såg ut som klassekontakt Britt Mossing fikk god kontakt.
Les heile saka
Surnadal trenings- og velværesenter er nå i full gang med høstens aktiviteter på treningssenteret på Skei. De aktive damene melder om både Qigong/Mindfulness, GM (rumpe), funksjonell trening – Høgpuls, sirkeltrening, step-timer, styrketimer og dogdeball (kanonball) i tillegg til alle gruppetimene de har fra før.
Les heile saka
Ei klokke er i dag funne i området ved Talgøsetra. Ta kontakt med Matkroken L. Hals, telefon 71 66 38 00 dersom det er klokka di!