5. september mottok vi ei pressemelding frå Statens Vegvesen med gladnyheita «åpning av veg 6. september». Her vart det i tillegg orientert om når vegen periodevis skulle væra open for ordinær trafikk. Dette lova vi at vi skulle komme tilbake til, når vi hadde noko nytt å melde. Vi har no fått bekrefta frå prosjektleiar Erna Varhaugvik at tidene i pressemelding av 5. september er endra.
Les heile saka
Terje Nordvik og resten av gjengen tilhørende det tradisjonelle «Høstblotet» på Skihytta melder om særdeles god fangst av ryper så langt. 1. dag resulterte i hele 6 ryper , der 5 skutt av Kristoffer Nordvik. Karane fortel også at dei har sett bra med ryper på Sørfjellet.
Les heile saka
Ilabukta på Bølandet er arena for familievennleg fellesprogram søndag føremiddag:Her blir det både kjøring av den populære barnebåten «Elias», jubileumsbesøk av bokbåten «Epos» og servering av ymse slag.
Les heile saka
Vi var på plass da vallokalet i Todalen skule opna kl 12, for å ta i mot stemmesetlar for stortingsvalget. presis kl 12 slapp den første veljaren inn i stemmelokalet, og sidan gikk det slag i slag. I Skulstuå (Gammelskulen) var dei også klare til å sette i gang soknerådsvalet, og begge vallokala held ope til måndag kveld kl 20.00.
Les heile saka
En sommer er over…. heter det i sangen, og det samme kan vel sies om sykkeltrimmen på Nordvik som hadde avslutning 8. september. Nå er det kanskje ikke riktig å si at sommeren er over på slike fine dager som i dag med temperaturen noe over 20-tallet. Vi får nyte det så lenge det varer, men vi må nok regne med at høsten gjør sitt inntog etter hvert.
Les heile saka
Hett & svett vart det endelege navnet på Todalens nye trimavdeling på gammelposthuset. Å kalle det treningssenter er vel kanskje å dra det litt langt, men eit veldig fint og stort trimrom har det i alle fall vorte etter månader med oppussing. Hovedsakleg av ungdomane i bygda. Knut Bergli har vore ein viktig pådrivar saman med ungdomane, og han var stolt av å endeleg få vise fram den nye trimavdelinga til bygdafolket.
Les heile saka
August har vore ein spesiell månad for alle knytta til Todalen, men vi har fortsatt fått inn mange fine bilete som vi har kunne lagt ut kvar dag. No er det klart for å kåre ein av desse som vinnar av månadens bilete for august.
Les heile saka
Med nyopna veg måtte det berre bli ein tur ut i den store verden på søndag. Turen gikk til Vågland, der lag, organisajonar og bedrifter i Halsa viste fram det dei hadde å by på. Der samlast det etter kvart utruleg mykje folk, og det var eit imponerande arrangement med mykje fint handverk og god underhaldning dei hadde å by på. Og eit yrande liv med både store og små.
Les heile saka
1963-årgangen konfirmantar ved Todalen kyrkje var laurdag kveld invitert til jubileumsfest i Todalen kyrkje. 10 av dei 11 jubileumskonfirmantane deltok på jubileumsfesten, saman med neste års konfirmantar og godt med frammøtte bygdefolk. Tilsaman nærare 60 deltakarar som vart traktert med velsmakande biffgryte og undehaldning frå lokale krefter.
Les heile saka
Nytt hjortfall på Talgø & Kårvatn jaktlag. Det var Even Langli som fikk inn ein fulltreffar på denne kronhjorten da han satt på post ved Møttskrøå i Gammelseterdalen. I same jaget passerte fleire dyr i same kaliber forbi posten. Her er resten av jaktlaget samla rundt den stolte jegeren frå Rindal.
Fredag ettermiddag tok både BF Førdefjord og MS Tollesund av skjed med rutetrafikken på Todalsfjorden. Bilferja Førdefjord gikk siste tur frå kaia ved oppdrettsanlegget kl 13.45, medan hurtigbåten Tollesund gikk siste turen i ruta frå Todalen kl 17.00. Shuttle-bussruta til og frå hurtigbåtkaia på Todalsøra køyrde også sin siste tur. Dermed er ein epoke over, og kommunikasjonen inn- og ut av bygda går no etter FV 671. I første omgang med eit kjørefelt og lysregulering, og med kollonnekjøring på dagtid.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag var torsdag 5. september på tur til Mausetsetrene. Vi møttest på Holtamoå, og køyrde samla til Rabbañ. Herifrå losa Grete Mauset oss sikkert til dei to Mausetsetrene. Grete fortalde at Mausetsetrene truleg har vore i drift i fleire hundre år, men tok slutt i 1935. Austistua på Mauset tok opp att setringa i åra 1943 – 1946, men da var det slutt.
Les heile saka