Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Månadens bilete: Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet

Månadens bilete: Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet

Ole Petter Talgø Tysdag 17. september 2013

Denne månaden kan vi gratulere Michal Heimlund med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Akkurat […]

Les heile saka

Haust i fjellet

Haust i fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 15. september 2013

Hausten er i ferd med å innta fjellet, med brune myrar og startande lauvfall i fjellskogen. Men vegetasjonen ventar nok på den første skikkelege frostnatta for vi får dei sterke haustfargene. Den første frostnatta kjem nok i tide, så vi får berre nyte den finaste tida i fjellet etter kvart som vegetasjonen blir endra. Innhaustinga frå naturen har pågått ei tid, med sanking av bær og sopp. No er det jakta på småvilt og storvilt som sividt er kome i gang. Storviltjakta starta 1. september i år, medan rypejakta starta den 10. september.

Les heile saka

Starta jakta med elgfall

Starta jakta med elgfall

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. september 2013

Jaktlaget på sørsida av bygda starta årets hjort- og elgjakt i dag. Dei fekk utteljing alt på første jaginga, da det fall ein liten elgokse for posten på Raudåhjellå. Vi har fått bilde tilsendt og kan her vise stolte jegrar med årets første elg. Tidlegare er det berre Talgø og Kårvatn jaktlag som har vore i aksjon, og dei har felt fleire hjortar som vi har vist på Todalen.no.

Les heile saka

Apparatveiledning

Apparatveiledning

Elinor Bolme Laurdag 14. september 2013

Tirsdag 17. september og torsdag 19. september har Todalen Idrettslag leidd inn Ola Einar Øyen til å vise bruken og funksjonane av dei ulike treningsapperata på Hett & Svett. Han vil også komme med treningsråd for den som kunne tenkt seg det. Etter ein halv mannsalder med fotballspelling, deriblandt også  i trenarfunksjon har Ola Einar mykje kunnskap å dele.

Ola Einar vil være der frå 18.30 utover.


Kompensasjon for straumbrot

Kompensasjon for straumbrot

Jon Olav Ørsal Fredag 13. september 2013

Svorka Energi skriv i ei pressemelding til Todalen.no at dei vil betale kmpensasjon for manglande straumleveranse i forbindelse med raset 31. juli. Abonnentar i Todalen var utan straum mellom 24 og 48 timar, og har derfor krav på kr 1400 i kompensasjon for dette. Dette rakk ikkje Svorka å få med på avrekninga som var gjort pr 1. september, og vil derfor ta det med på neste avrekning som blir gjort 1. november.

Les heile saka

Eldreråd og eldremiddag på onsdag

Eldreråd og eldremiddag på onsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. september 2013

Førstkomande onsdag (18. september) vil det kommunale Eldrerådet avvikla møtet sitt i Sanitetshuset. Møtet tek til klokka 11.15. Etter møtet, frå klokka 13.00, vil Eldrerådet eta «Kjøtt og påsse» saman med deltakarane på Eldremiddagen. Ordføraren Mons Otnes og kommunalsjef Inge Skogheim er blant gjestane.

Les heile saka

Nytta finvêret til skuletur til Kårvatn

Nytta finvêret til skuletur til Kårvatn

Britt Mossing Torsdag 12. september 2013

I dag har skulen hatt utedag på Kårvatn i flott haustver. Vi starta opp med besøk på Stabburet der Gudmund fortalte og viste film frå dyrelivet og naturen i Trollheimen. Etterpå gjekk turen til Nauståfossen og gapahuken på Sommarfjøsvollen. Der hadde vi det fint med fiske, natursti og pølsegrilling.

Les heile saka

Nye åpningstider forbi rasstaden

Nye åpningstider forbi rasstaden

Elinor Bolme Torsdag 12. september 2013

5. september mottok vi ei pressemelding frå Statens Vegvesen med gladnyheita «åpning av veg 6. september». Her vart det i tillegg orientert om når vegen periodevis skulle væra open for ordinær trafikk. Dette lova vi at vi skulle komme tilbake til, når vi hadde noko nytt å melde. Vi har no fått bekrefta frå prosjektleiar Erna Varhaugvik at tidene i pressemelding av 5. september er endra.

Les heile saka

Godt rypeår, så langt

Godt rypeår, så langt

Elinor Bolme Onsdag 11. september 2013

Terje Nordvik og resten av gjengen tilhørende det tradisjonelle «Høstblotet» på Skihytta melder om særdeles god fangst av ryper så langt. 1. dag resulterte i hele 6 ryper , der 5 skutt av Kristoffer Nordvik. Karane fortel også at dei har sett bra med ryper på Sørfjellet.

Les heile saka

Elias og Epos besøker Bøfjorden

Elias og Epos besøker Bøfjorden

Elinor Bolme Tysdag 10. september 2013

Ilabukta på Bølandet er arena for familievennleg fellesprogram søndag føremiddag:Her blir det både kjøring av den populære barnebåten «Elias», jubileumsbesøk av bokbåten «Epos» og servering av ymse slag.

Les heile saka

Gjer di borgarplikt!

Gjer di borgarplikt!

Jon Olav Ørsal Måndag 9. september 2013

Vi var på plass da vallokalet i Todalen skule opna kl 12, for å ta i mot stemmesetlar for stortingsvalget. presis kl 12 slapp den første veljaren inn i stemmelokalet, og sidan gikk det slag i slag. I Skulstuå (Gammelskulen) var dei også klare til å sette i gang soknerådsvalet, og begge vallokala held ope til måndag kveld kl 20.00.

Les heile saka

Runda av sykkeltrimmen for i år

Runda av sykkeltrimmen for i år

Jon Olav Ørsal Måndag 9. september 2013

En sommer er over…. heter det i sangen, og det samme kan vel sies om sykkeltrimmen på Nordvik som hadde avslutning 8. september. Nå er det kanskje ikke riktig å si at sommeren er over på slike fine dager som i dag med temperaturen noe over 20-tallet. Vi får nyte det så lenge det varer, men vi må nok regne med at høsten gjør sitt inntog etter hvert.

Les heile saka