Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagen vart ikkje som planlagt!

Jon Olav Ørsal Fredag 25. april 2014

Kvelden 30. mars er det mange som ikkje kjem til å gløyme. Da skjedde det som kom til å forandre livet til Eirik Halle og familien hans. Eirik (22) hadde invitert ein gjeng med studievener til Todalen, for at han ville vise fram heimbygda og for at dei skulle ha ei frihelg saman.

Denne dagen hadde venegjengen vore ute i naturen på Kårvatn – og dei hadde sett på ”butikken på låven”.  Vidare fortsette programmet på Todalsøra med litt historikk om Todalsøra som handelsstad, og om verksemda til familien – trehistorie, krigshistorie og handelshistorie. Etter middag var det tid for samling i badstua. Etter ei oppvarming der vart det behov for avkjøling før kvelden og praten kunne halde fram. Det skulle bli ein dukkert frå kaia i kveldsmørket. Da skjer det fatale. Like ved brygga der ungdomane budde låg ei liten lekter som blei brukt til fôrtransport da Todalen var isolert etter raset sist sommar. Eirik som stuper uti først la ikkje merke til lekteren som låg i mørket utafor kaia, og han stuper rett i ståldekket på lekteren. Faren Erling fortel at han høyrde smellen heilt inn i stua, og han skjønte at noko hadde skjedd.

EirikHalle_intensivavd_0846_L

Eirik på intensivavdelinga på St. Olav Hospital i Trondheim. Foto: Privat

Da vart det full alarm, for Eirik låg hardt skadd på lekteren og var medvitslaus. Etter kvart fekk dei kontakt med Eirik, og mellom studievenene var det ein legestudent og ein med førstehjelpserfaring frå forsvarets sanitet. Dei skjønte alvoret når dei oppdaga at Eirik hadde lammingar, og at det var viktig å handtere situasjonen rett. Alarm til AMK-sentralen skjedde raskt. Dei vurderte meldinga om skadesymptoma og skjønte umiddelbart kor alvorleg dette var. Da begynte ting å skje fort, og på 7-8 minutt var første mannskap frå Todalen brannlag på pletten. Ambulansetenesta kom på 20 minutt og legehelikopter var på plass etter 35 minutt. Eigentleg heilt optimalt, kommenterer Erling Halle når han omtalar hendinga og det som skjedde denne skjebnesvangre kvelden.

Om bord i helikopteret tok dei vegen direkte til St. Olav Hospital i Trondheim, der Eirik kom direkte på operasjonsbordet, for at dei skulle prøve å avgrense skaden og følgjerisikoen. Det vart konstatert at ein nakkevirvel var knust og ei stor blodansamling rundt hjernen. Blødinga let seg kontrollere og den store varige skaden ligg i den mest alvorlege type skade på ryggmergen  seier faren Erling. Men oppe i det tragiske forløpet skjønte vi at det ikkje var skade på hjernen – Eirik er den same positive guten. Dei par første vekene var kritiske med tanke på komplikasjonar, men etter kvart er tilstanden stabilisert, og det er da konstatert at Eirik er lam opp til brystet. Han kan bevege hendene litt, men han har førebels liten styrke og finmotorikk.

Ein kan bli slått ut av mindre, men Erling fortel vidare at Eirik alltid har vore ein glad og aktiv gut som har dreve mykje med mange slags aktivitetar. Den gode fysikken kjem nok til god hjelp når han skal starte på opptreninga. Det første spørsmålet han hadde til legen då han vakna frå operasjonsnarkosen var om det gikk an å fullføre ingeniørstudiet ved NTNU frå rullestol!  Realist og med pågangsmotet i behald kan ein vel seia?  Med ein slik alvorleg ryggmergskade slit mange i vekevis med å tole å bli heist opp i sittande stilling, men Eirik klarte det fjerde dagen etter ulukka. Etter to veker på intensivavdelinga er han no komen over på opptreningsavdelinga ,der han vil bli følgd opp av ulike typar helsepersonell som vil hjelpe han med å trene og oppnå det maksimale av dei skadde kroppsfunksjonane.

Det vil bli ein lang og seig kamp for å oppnå små framskritt. Men Eirik fekk ei oppmuntring da personalet på opptreningsavdelinga kunne fortelje at han viste uventa styrke og var den einaste pasienten dei har hatt som forlanga ei økt i treningssalen same dagen som han kom ut frå nevrologisk intensivavdeling! Eirik har eit klart mål om å fortsette utdanninga på NTNU, men må nok i første omgang prioritere opptrening og tilpassing til ein ny kvardag som funksjonshemma. Deretter vil han kunne fullføre utdanning, med tanke på å kome i arbeid. Utdanning og jobb må nok tilpassast den fysiske tilstanden han klarer å trene seg opp til.

Både Eirik og resten av familien er utruleg takknemleg for den effektive beredskapen dei opplevde denne vinterkvelden, og nemner spesielt Todalen brannlag, ambulansetenesta og helikoptermannskapet. Alle var raskt på pletten og gjorde alle ting rett. Stor takk også for all omsorg og omtanke frå bygdefolket, og spesielt ungdomane i Todalen og på Tustna som i den turbulente og vanskelige perioden også har teke godt vare på broren Kolbjørn (21).

Eirik&KolbjornHalle_0360

Eirik (22) og Kolbjørn (21) på segleferie i Kroatia. Dei to brørne har vore nærast som «Knoll og Tott» i oppveksten, fortel faren Erling. Foto: Privat

Vi har fått sett at Helse-Noreg fungerer, og ingen skal få høre det minste spørsmål frå oss at helsevesenet får for store budsjettrammer, sluttar Erling før han dreg vidare til Sunnmøre på jobb. Erling er byggjeleiar for to offshore konstruksjonsskip som er under bygging. Eitt skal leverast om ein månad og eitt i juli månad.

Først publisert: 25. april 2014, 19:12 - Sist oppdatert: 26. april 2014, 15:50