Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hett & svett – fint og flott!

Hett & svett – fint og flott!

Elinor Bolme Måndag 9. september 2013

Hett & svett vart det endelege navnet på Todalens nye trimavdeling på gammelposthuset. Å kalle det treningssenter er vel kanskje å dra det litt langt, men eit veldig fint og stort trimrom har det i alle fall vorte etter månader med oppussing. Hovedsakleg av ungdomane i bygda. Knut Bergli har vore ein viktig pådrivar saman med ungdomane, og han var stolt av å endeleg få vise fram den nye trimavdelinga til bygdafolket.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for august

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Måndag 9. september 2013

August har vore ein spesiell månad for alle knytta til Todalen, men vi har fortsatt fått inn mange fine bilete som vi har kunne lagt ut kvar dag. No er det klart for å kåre ein av desse som vinnar av månadens bilete for august.

Les heile saka

Halsadag med mykje folk

Halsadag med mykje folk

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2013

Med nyopna veg måtte det berre bli ein tur ut i den store verden på søndag. Turen gikk til Vågland, der lag, organisajonar og bedrifter i Halsa viste fram det dei hadde å by på. Der samlast det etter kvart utruleg mykje folk, og det var eit imponerande arrangement med mykje fint handverk og god underhaldning dei hadde å by på. Og eit yrande liv med både store og små.

Les heile saka

Jubilerte med 63-konfirmantane

Jubilerte med 63-konfirmantane

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2013

1963-årgangen konfirmantar ved Todalen kyrkje var laurdag kveld invitert til jubileumsfest i Todalen kyrkje. 10 av dei 11 jubileumskonfirmantane deltok på jubileumsfesten, saman med neste års konfirmantar og godt med frammøtte bygdefolk. Tilsaman nærare 60 deltakarar som vart traktert med velsmakande biffgryte og undehaldning frå lokale krefter.

Les heile saka

Ny kronhjort i Gammelseterdalen

Ny kronhjort i Gammelseterdalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. september 2013

Nytt hjortfall på Talgø & Kårvatn jaktlag. Det var Even Langli som fikk inn ein fulltreffar på denne kronhjorten da han satt på post ved Møttskrøå i Gammelseterdalen. I same jaget passerte fleire dyr i same kaliber forbi posten. Her er resten av jaktlaget samla rundt den stolte jegeren frå Rindal.


Tok avskjed med fjordtrafikken

Tok avskjed med fjordtrafikken

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. september 2013

Fredag ettermiddag tok både BF Førdefjord og MS Tollesund av skjed med rutetrafikken på Todalsfjorden. Bilferja Førdefjord gikk siste tur frå kaia ved oppdrettsanlegget kl 13.45, medan hurtigbåten Tollesund gikk siste turen i ruta frå Todalen kl 17.00. Shuttle-bussruta til og frå hurtigbåtkaia på Todalsøra køyrde også sin siste tur. Dermed er ein epoke over, og kommunikasjonen inn- og ut av bygda går no etter FV 671. I første omgang med eit kjørefelt og lysregulering, og med kollonnekjøring på dagtid.

Les heile saka

Tur til Mausetsetrene.

Tur til Mausetsetrene.

Vidar Sogge Laurdag 7. september 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag var torsdag 5. september på tur til Mausetsetrene. Vi møttest på Holtamoå, og køyrde samla til Rabbañ. Herifrå losa Grete Mauset oss sikkert til dei to Mausetsetrene. Grete fortalde at Mausetsetrene truleg har vore i drift i fleire hundre år, men tok slutt i 1935. Austistua på Mauset tok opp att setringa i åra 1943 – 1946, men da var det slutt.

Les heile saka

Haustsesong på Hageland

Haustsesong på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Hageland i Surnadal rundar av sommarsesongen, og er alt godt i gang med haustsesongen. Det betyr at busker, trær og utekrukker går til halv pris, medan butikken er prega av eit stor utval i blomsterlaukar og mange nye og spanande inneplanter, fortel butikksjef Ingeborg Langan. Det er slutt på søndagsope for i år, men laurdag er butikken open til kl 16, medan det andre dagar er ope til kl 18.

Les heile saka

Vegen til Todalen er open!

Vegen til Todalen er open!

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2013

Opninga av riksveg 671 vart opna etter plana idag. Faktisk skjedde det så snart vegen var klar i 13.30-tida, og dei første bilane var alt passert da Todalen.no’s kom dit. No blir vegen open gjennom heile helga, til måndag morgon i 8-tida og skulebussane har passert.

Les heile saka

Ordinær skuleskyss frå mandag 9. september

Ordinær skuleskyss frå mandag 9. september

Elinor Bolme Fredag 6. september 2013

Surnadal kommune melder no om at skuleskyssen frå Todalen går som normalt frå måndag 09.09. Det vil seie avgang frå Hals-brua kl. 07.50 og vidare rundt opp på sørsida som vanleg. Dette gjeld både elevar på Surnadal ungdomsskule og elevar ved Stangvik skule.

Tidlegbussen går som vanleg kl 07.15 frå Halset bru og køyrer som vanleg IKKJE om Brusetmarka.


Felte 13-spiring i ettermiddag

Felte 13-spiring i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. september 2013

Odd Arne Vikavoll fikk full utteljing i ettemiddag, da han felte ein fin 13-spiring under ettermiddagsjakt på terrenget til Talgø- og Kårvatn jaktlag. I tillegg fikk han også ein kalv på posten, som vart felt.

Les heile saka

Klart for vegopning i morgon kl 15.00 – oppdatert

Klart for vegopning i morgon kl 15.00 – oppdatert

Elinor Bolme Torsdag 5. september 2013

Vegen inn til Todalen åpner allerede i morgon kl 15 melder sjefsingeniør Ivar Hol i Statens Vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet har gått så bra unna dei siste dagane så Vegvesnet er glade for å kunne åpne vegen tre dagar før først antatt etter siste anslag. Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar og får lysregulering når den er åpen.

Les heile saka