Stabile vêrtilhøve har gjort at det etter kvart har vorte fin is på asfaltplassen på Bordholmen. Idrettslaget har dagleg sprøyta på vatn for å få isen jamn og fin, og no er det mange som brukar isen kvar dag og utover kvelden. På Bordholmen er det også ein del utstyr som er lagt ut til utlån, slik at du får prøve isen uten å kjøpe nytt utstyr. Alt tyder på at det blir fint også i dagane framover, da vêrmeldinga spår opphald og litt kaldare vêr utover veka.
Les heile saka
Statistikken for elvefisket etter laks vart frigjeve i fredag. Den viser på landsbasis ein nedgang på 19% i 2013, samanlikna med 2012. Dersom ein samenliknar 2013 med gjennomsnittsfantane sida 2000 er nedgangen på 18% i 2013. Nedgangen er gjeldande for det meste av landet, med unntak av nokre elvar på sørlandet og nokre i Troms. For Toåa er det også stor nedgang, og dersom ein samanliknar laksefisket i 2013 mot 2012 er nedgangen på heile 63,5%. Her må ein imidlertid ta omsyn til at fiskesesongen var nedkorta med 2 veker i starten av sesongen og 2 veker i slutten av sesongen. Fisket i Toåa starta 15. juni og slutta 15. august, mot tidlegare 1. juni til 31. august!
Les heile saka
Vi går no inn i siste uka i januar, og kan glede oss over at sola er på veg tilbake. I Todalen er det nok i første omgang i Sissigrenda og på Kvennsetørå at vi hittil har kunna nytt dei første solstrålane, men neste veke vil nok både Smålandsgrenda og Husbygrenda få føling med sola igjen. Og resten av bygda følgjer nok etter kvart….
Les heile saka
I neste veke arrangerer Surnadal Sparebank og Surnadal kommune Landbrukskonferansen 2014, saman med Todalen bondelag og Surnadal bondelag. Det skjer på Surnadal kulturhus fredag 7. februar, og har eit rikhaldig og aktuelt program. Konferansen startar kl 9.30 og går fram til kl 15.30. Dei kan by på mange interessante foredraghaldarar gjennom dagen, berre avbote av ein lunchpause under vegs.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2013. No er det snart fire år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i sommar er det fem år sidan Todalen.no starta opp, med dagens bilete som ei viktig brikke.
Les heile saka
Laurdag 1. februar inviterer Tingvoll IL til innandørs kretsmesterskap i friidrett i Tingvollhallen. Ski- og friidrettgruppa i Todalen håpar at nokon frå vårt idrettslag også kunne tenkt seg å delta. Leiar Ole Martin Øyen lokkar både med fri reise og deltakaravgift.
Les heile saka
Det er ikkje første gongen det er tømmerdrift med helikopter i Todalen, men det er kanskje første gongen at det fraktar ned furu som skal brukast til takspon på stavkyrkjer. Tysdag var det full fokus med både helikopter og mykje pressefolk i Øyalia i ein av skogteigane til Ståle Ansnes.
Les heile saka
Ola Polden, seniorkonsulent ved industrimekanikklnja på Surnadal vidaregåande skule, er fortsatt engasjert med ungdommane som går på den mekaniske linja. Og som seg hør og bør var det storveies kakelag når han fylte heile 89 år. Og jubilanten sett pris på både den sosiale og faglege biten med sitt engasjent på skulen.
Les heile saka
Trollheimsporten.no fekk i løpet av mandag føremiddag nytt og oppdatert design på nettsida si. Forvandlinga er umiddelbart ganske stor, då framsida er vorte ein god del ryddigare å sjå til. Ellers er stort sett dei samme infoknappane på plass med den informasjonen som alltid har vore der.
Les heile saka
Svorka melder om nok ei strømutkobling, i morgon 21. januar. Da er det strekninga Falløya-Kårvatn som blir berørt i tidsrommet 9.30-15.30.
Les heile saka
Etter at kiosken var stengt søndag kveld vart Kaffekroken på butikken rigga om til sjakkparty. I kjølvatnet etter Sjakk-VM og Carlsens triumf har sjakk vorte på moten igjen, og no altså i Kaffekroken. Da Todalen.no var innom var det 3 party i full aktivitet, og 5. mann Trygve Halle var ivrig turneringsleiar og rådgjevar da han mangla makker.
Les heile saka
Senioruniversitetet for Indre Nordmøre startar nytt halvår med eit møte på Surnadal kulturhus onsdag 22.januar kl 11:00, med tittelen ”Ikkje tru på alt vi ser!” Det er cand.real Einar Oterholm, Halsa som vil gjere oss betre kjent med auga, syn og optiske bedrag.
Les heile saka