I Trollheimen finns det eit nettverk med ruter mellom hyttene som Trondhjems Turistforening (TT) og Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) har. Merkinga av rutene skal gjera det trygt å ferdast i fjellet, sjølv om det blir litt ruskvêr og tåke. Sondre Halset har teke på seg merkinga på ruta mellom Kårvatn i Todalen og Trollheimshytta. No er han igang med merkinga av denne ruta, og har sendt oss nokre bilde og litt informasjon om korleis dette arbeidet blir utført.
Les heile sakaHenning-tonar på ein anna måte
Henning Quintetten har våre på ein seinsommarleg miniturne, med førestilling i Tingvoll kyrkje laurdag og todalen kyrkje søndag ettermiddag. Mellom førti og femti let seg lokke på konsert i Todalen kyrkje for å høre «Henning-tonar». Nokre var kanskje førebudd på at dei fekk høre tradisjonelle Vårsøg-tonar på denne konserten, men dei fikk i tilfelle ei heilt anna musikalsk oppleving enn dei forventa.
Les heile sakaNok ein stordag på Søyabanen
Vel 60 lag, langt over 90 kamper, 600 unge lovende fotballspillere, store mengder publikummere og ei knall strålende sol over Kveinnalandet. Rammene rundt årets Søyacup kunne ikkje vore bedre. Arrangørklubben IL Søya med sine vel 80 frivillige, landa også i år med ein særdeles vellykka cupdag.
Les heile sakaTakk til Todalssamfunnet!
Redaksjonen har i dag mottatt ei fin helsing frå Surnadal Røde Kors, som dei ber oss publisere her på todalen.no. Vi publiseres det i si heilhet, og ønsker organisasjonen lykke til videre i si satsing på økt medlemsmasse og økt beredskap.
Les heile sakaFinvêrstur til Solåsen
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet. Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen. Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.
Les heile sakaSprengning – men arbeidet tek tid
Arbeidet på rasstaden er kome igang, men det vil nok ta litt tid før vegarbeidet kan starte. Første må store steinblokker oppe i rasområdet fjernast, slik at det blir trygt å starte vegarbeidet. Tidens Krav skriv i dag at det kan ta nye veker før vegarbeidet kan kome i gang, og Ivar Hol i Statens vegvesen er usikker på kor lang tid det vil ta.
Les heile sakaGruppelevering – nytt for Nortura
Stengt veg og ferjetrafikk skapaer mange utfordringar i kvardagen. Torsdag skulle Nortura hente slaktdyr hos fleire levarandørar i Todalen. Problemet var berre at det var litt knapp tid til ferjeavgang, og tilsvarande lang tid til neste avgang. Løysinga vart at Nordtura kjørte til Viastua, og at dei andre bøndene kom det med sine slaktdyr.
Les heile sakaFunnet! – Leiteaksjon i Oppdalsfjella avslutta
Det har pågått ein leiteaksjon i området ved Gjevilvassdalen i Trollheimen. Det har vore leita etter ein person som i går vart meldt sakna i området ved Gjevilvasskamman. Vêrtilhøva hindra leiting med helikopter i natt, men i morgontimane vart meir mannskap og fleire helikopter sett inn. Eit helikopter fann den sakna etter kort tid, og vedkomane er no frakta til St. Olav Hospital for undersøking. Les meir på nettsida til NRK Trøndelag.
Det unike samfunnet- Todalen
TK.TV har sist helg laga fleire innslag frå Todalen, både med tanke på ras, kvardag og litt turisme. Fin omtale av bygda, samfunnet og kvardagen i Todalen etter raset. Reporter er Trond Hasselø, og sjåfør og guide kan muligens være Ragnar Halle. Alle innslaga anbefalast på det sterkaste.
Les heile sakaTorsdag: Biblioteket opnar igjen
Torsdag 22. august er Karen Johanne Talgø på plass i biblioteket igjen. Da startar eit nytt bibliotekår, og vidare utover hausten blir det ope kvar torsdag mellom kl 18 og 20. Karen Johanne ønskjer både gamle og nye boklånarar velkomne til biblioteket, der ho kan by på både bøker, lydbøker og videoar.
Les heile sakaMånadens bilete: Strålende utsikt fra Ljosheim
Denne månaden kan vi gratulere Eirin Torheim Rendal med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Solnedgang på Svinvikhammranj», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Nedanfor ser du […]
Les heile sakaUkens kupp!!!
Ukens kupp for den som er på utkikk etter å fornye kjøkkenet sitt, kommer fra feriehuseiere og todalspatriotene Per og Elisabeth Marie Aas som har tilholdssted i Sissibu. Elisabeth håper noen i Todalen eller omegn kan hjelpe dem med å bli kvitt et kjøkken i løpet av helga.
Les heile saka