Førstkommande tysdag blir Sjekk Nordmøre arrangert i Trondheim. Det er næringsliv og offentleg sektor i Surnadal og Sunndal som inviterer til rekrutteringstreff på Dokkhuset på Nedre Elvehavn. Der har mange bedrifter frå Surnadal og Sunndal stands, og vil mellom anna lansere Trainee Indre Nordmøre som ein del av programmet.
Les heile sakaDrømmedag i fjellet
Laurdag var det ein drømmedag i fjellet, med gnistrande føre og sol frå blå himmel. På Innerdalsmerket og på Kårvatn var det tilsaman eit 20-tal bilar som tilhøyrde folk som hadde drege til fjells. Frå Innerdalsmerket var det køyrd opp løype mot Tristeinan og Midtryggen, og det var fleire som fortsette til Bjøråskaret. Jo Gjeldnes tok turen til Bjøråskaret, saman med kameratane Øystein Wiig og Bjørnar Brøske. Dei kunne rapportere om god temperatur i sola, og heilt vindstille på toppen.
Les heile sakaKjempefint føre og løyper
Arnt Ivar Brøndbo melder om nyeoppkjørte løyper og kjempefint føre. Det er køyrt opp løyper frå Innerdalsmerket til Skihytta, via Talgøsetra og Tristeinan og ned i Øyalia. Det er no skare med ca 5 cm nysnø oppå. Men vær forsiktig, for det meldes om moderat snøskredfare for Trollheimen, og vêrmelding for turen finn du på denne linken til yr.no, der det meldes om finvêr og rundt 4-5 minus laurdag.
Todalen.no – tid for årsmøte
Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 12. mars kl 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saklista står vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaOla Nordvik ny ledar i Nordvik grendalag
Et 20-talls personer hadde møtt fram da Nordvik grendalag avviklet sitt årsmøte i onsdag kveld. Lagets leder ble valgt til ordstyrer, og sekretæren til referent. Deretter gjekk enover til innkallingen og saklisten som ble godkjent uten anmerkninger. Årsmeldingen ble opplest og godkjent, og det samme med regnskapet.
Les heile sakaSøndag er det husbasar
Søndag 10. mars er det stor husbasar i Ungdomshuset. Det er husstyret i Todalen i.L. som er arrangør, og dei har den siste tida vore i full aktivitet med førehandssalg av lodd, både på felleslista og på dei to hovudgevinstane som er med på basaren. Husbasaren har fått ei hagemøbelgruppe, med bord og 4 stolar frå OutLiving-kolleksjonen på Talgø, og i tillegg loddar dei ut eit fint måleri som dei har fått med kunstnaren Elisabeth Aas.
Les heile sakaJohan er klar for Birken, igjen…
Laurdag 16. mars er Johan Kvendset på plass på Tingstadjordet på Rena, der startområdet for Birkebeinerrennet er. Det er 23 gong han stiller til start i år, og no finpusser han forma for å førebu seg best muleg til den 54 km lange turen fram til skistadion på Lillehammer. Kl 07.30 må han være på plass og klar til start saman med resten av klasse M75, som er Menn 75 – 79 år. I år har han startnummer 820 på turen over fjellet. Han har til no gått Birkebeinerrennet 22 gonger, og har klart merket kvar gong. Det står det respekt av.
Les heile sakaLaurdag blir livleg i kulturhuset
Laurdag 9. mars, mellom kl 13 og 16, er det barnas kulturdag i kulturhuset. Og vi gler oss til at huset skal bli fullt av blide og spente småtassa, skriv kulturhussjef Karstein Telstad i ein e-post til Todalen.no. Det blir som vanleg tegning, ansiktsmåling, lesestund, dans og teater. I år skal vi ha ein lokal vri på teatret, da det er spesialbestilt fra Nordmøre Folkehøgskule.
Les heile sakaFeirer 1-årsdag på kvinnedagen
Fredag 8. mars er det eit år sia Surnadal trenings- og velværesenter flytta inn i nye lokaler og utvida verksemda. Det vil dei markere skikkeleg, og slår til med open dag (og kveld) med mange gruppetimar og instruksjon i styrkesalen og bootscampen. Og denne dagen er det gratis, og dersom du blir medlem den 8. mars får du gratis innmelding og ein månad gratis trening der klatreveggen er med i abonnementet.
Les heile sakaFeira seg sjølv!
IL Søya feira seg sjølv med stor bravour i kveld i kantina ved Surnadal Ungdomsskule. Her var dei fleste fotballinteresserte i eigen klubb, og samarbeidsklubbane Todalen og Kvass/ulvungen frammøtte for å overværa at sjølvaste Per Ravn Omdal overrekte Fair Play prisen som klubben vart tildelt hausten 2012.
Les heile sakaCecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…
Cecilie Skog blir nok det store trekkplasteret når Norsk Vandrefestival blir arrangert i perioden 2.-4.- august i år. Norsk Vandrefestival skal ha base i Svinviks arboret i år, skriv Driva på sine nettsider Driva.no. Norsk Vandrefestival arbeider no med å få på plass resten av programmet til årets vandrefestival, og dei oppmodar om å sette av dagane fra fredag 2. august til og med søndag 4. august.
Stordrift i Brusetmarka
Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.
Les heile saka