I neste veke arrangerer Surnadal Sparebank og Surnadal kommune Landbrukskonferansen 2014, saman med Todalen bondelag og Surnadal bondelag. Det skjer på Surnadal kulturhus fredag 7. februar, og har eit rikhaldig og aktuelt program. Konferansen startar kl 9.30 og går fram til kl 15.30. Dei kan by på mange interessante foredraghaldarar gjennom dagen, berre avbote av ein lunchpause under vegs.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2013. No er det snart fire år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i sommar er det fem år sidan Todalen.no starta opp, med dagens bilete som ei viktig brikke.
Les heile saka
Laurdag 1. februar inviterer Tingvoll IL til innandørs kretsmesterskap i friidrett i Tingvollhallen. Ski- og friidrettgruppa i Todalen håpar at nokon frå vårt idrettslag også kunne tenkt seg å delta. Leiar Ole Martin Øyen lokkar både med fri reise og deltakaravgift.
Les heile saka
Det er ikkje første gongen det er tømmerdrift med helikopter i Todalen, men det er kanskje første gongen at det fraktar ned furu som skal brukast til takspon på stavkyrkjer. Tysdag var det full fokus med både helikopter og mykje pressefolk i Øyalia i ein av skogteigane til Ståle Ansnes.
Les heile saka
Ola Polden, seniorkonsulent ved industrimekanikklnja på Surnadal vidaregåande skule, er fortsatt engasjert med ungdommane som går på den mekaniske linja. Og som seg hør og bør var det storveies kakelag når han fylte heile 89 år. Og jubilanten sett pris på både den sosiale og faglege biten med sitt engasjent på skulen.
Les heile saka
Trollheimsporten.no fekk i løpet av mandag føremiddag nytt og oppdatert design på nettsida si. Forvandlinga er umiddelbart ganske stor, då framsida er vorte ein god del ryddigare å sjå til. Ellers er stort sett dei samme infoknappane på plass med den informasjonen som alltid har vore der.
Les heile saka
Svorka melder om nok ei strømutkobling, i morgon 21. januar. Da er det strekninga Falløya-Kårvatn som blir berørt i tidsrommet 9.30-15.30.
Les heile saka
Etter at kiosken var stengt søndag kveld vart Kaffekroken på butikken rigga om til sjakkparty. I kjølvatnet etter Sjakk-VM og Carlsens triumf har sjakk vorte på moten igjen, og no altså i Kaffekroken. Da Todalen.no var innom var det 3 party i full aktivitet, og 5. mann Trygve Halle var ivrig turneringsleiar og rådgjevar da han mangla makker.
Les heile saka
Senioruniversitetet for Indre Nordmøre startar nytt halvår med eit møte på Surnadal kulturhus onsdag 22.januar kl 11:00, med tittelen ”Ikkje tru på alt vi ser!” Det er cand.real Einar Oterholm, Halsa som vil gjere oss betre kjent med auga, syn og optiske bedrag.
Les heile saka
Det er no fin forhold på isen på Bordholmen, rapporterer Knut Bergli i Todalen I.L. Heile asfaltplassen er no islagt, og her er det berre å «hive seg utpå glattisen og bli med på isleik for både store og små.
Les heile saka
Da er tiden inne for å delta på kurs i Qigong og mindfulness på Surnadal Trenings- og velværesenter, som startar kurs til neste helg, nærmere bestemt lørdag 25. og søndag 26. januar. Hva er så Oigong og Mindfulness for noe?
Les heile saka
Det har på nyåret vore stor byggeaktivitet i Steinarstua. Det vises ikkje så mykje frå vegen, men Frode Grønmyr fortel at det blir bygd til ein ny seksjon til våningshuset. Tilbygget er på knappe 30 m2 i to etasjar, og skal gi plass til nytt boareal.
Les heile saka