Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttur til Storhaugen i Torvik

Vidar Sogge Fredag 3. oktober 2014

Torsdag den 2. oktober besøkte Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag Randi Lysø i Nestua Torvik. Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik.

Da vi kom ned, bad Randi alle 32 deltakarane inn i den store og fine stova si på sjølvbaka eplekake, men i det fine haustvêret valde dei fleste å ta matpausen ute.

Neste veke, torsdag 9. oktober, møtest vi til vanleg tid ved skisenteret på Vang i Røgrenda. Dette blir haustsesongens og årets siste stavgangtur. Etter turen vil Guri og Lars underhalda oss med trekkspel og felemusikk. Graut og bakels blir spandert. Alle tek med drikke.  Vel møtt!

Bilder frå turen til Torvika og Storhaugen i galleriet nedafor.  Alle foto: Randi og Vidar Sogge

Publisert: 3. oktober 2014, 09:51