Dei mest oppmerksame såg ganskje at innhaldet på forsida var noko ustabilt dei fyrste dagane av veka. Dette var forårsaka av at databaseserveren som Todalen.no gjekk ned på måndag kveld, og den blei gjenoppretta litt for langt tilbake i tid. Vi ba om å få den siste versjonen oppretta slik at sakene frå måndag blei med, men ynskja fortsatt å leggje ut nye saker. Når korrekt database blei oppretta, gjorde det at det nye vi hadde lagt inn forsvann.
No skal dette vera i orden, og vi har forhåpentlegvis fått lagt ut alt innhaldet som skulle vore der. Har du gått glipp av nokre av dagens bilete, kan du sjekke ut tidlegare bilete i arkivet.
Våren er emning, med opp i mot 10 grader på dagtid og tidvis lauvsprett i følge hovedbildet. Dette gjer at nokon allereie har teke første vårpuss i hagen, medan andre faktisk har begynt å ha ut husdyrgjødsel. Fleire todalen.no har snakka med har stussa på dette, og etter ein henvendelse til jordbrukssjefen i Surnadal kommune fekk vi ei oppklaring.
Les heile saka
Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.
Les heile saka
Surnadal Sparebank inviterer alle interesserte til ein temakveld med fokus på pensjon og de ulike ordningene som berører emnet i banken på Skei onsdag 26. mars kl. 19.00. Bør jeg spare selv? ved Gunnar Birkevold, Eika Kapitalforvaltning.
Det står mykje i media om Folketrygden, at den er vorte dårlegere og dårligere, og at folk må være obs på dette. Alle arbeidstakere har krav på pensjonsordninger gjennom jobben, som skal spes på det de får fra det offentlige. Det vi ser, er at desse ordningane vil gi eit heller beskjedent tillegg når den tid kjem.
Les heile saka
Bruk av fullt verneutstyr var nok avgjørende da en vedhoggar i Todalen skadet seg stygt ved bruk av motorsag onsdag i kveldinga. Ambulansetjenesten var raskt på pletten, men med skader i ansiktet og stort blodtap var det nødvendig med hjelp av helikoptertransport på veg til sjukehuset. Vedkomande vart operert ved ankomst til sjukehuset og tilstander er no etter forholda bra.
Kvar mondag og onsdag er det arrangert norskkurs ved Todalen Skule. Dette etter initiativ frå Folkeakademiet i Surnadal, da det har vore stor etterspørsel blandt ganske mange framandspråklege innbyggjarar i Todalen. Olaug Roaldset er undervisningsansvarleg og tilsett som lærar av Folkeakademiet. Ho er for tida busett i Trondheim og pendlar til Todalen for å undervise tre timar to kveldar i veka.
Les heile saka
Turid Hals Sæther melder at dametrimmen går ut både førstkomande og neste torsdag. Det blir torsdag 13. mars, og neste torsdag 20. mars, slik at neste trimkveld for damene blir 27. mars kl 20.00
Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.
Les heile saka
Fra arrangørene av Stangvikfestivalen meldes det at årets festival er godt i rute. Fisken er fiska, filetert og tilberedt til dei beste fiskeburgarar ein kan tenkje seg. Stangvikfestivalen er ein klassisk kammermusikkfestival, der stikkorda er kvalitet, intimitet og stor spennvidde, som inneheld alt frå klassisk moderne musikk til fotballturnering. Dugndasgjenegen var første helga i mars […]
Les heile saka
Søndags kveld var det ny sosial kveld med sjakk i Kaffekroken på butikken. Eit titals sjakkinteresserte møttes på kveldstid for å friske opp kunskapane med nokre omgangar på sjakkbrettet. Det er såpass interesse for dette at sjakkgjengen med Terje Nordvik og Trygve Halle vil prøve å å arrangere sjakktreff annakvar søndagskveld ei stund framover.
Les heile saka
Vi må nok vente til måndag før vi får noko vesentlig nedbør, men da blir det heile dagen vest- og nordvestleg vindretning og litt nedbør frå morgonen av. Først som regn og sludd, som går over til snø. Frå ettermiddagen vil det bli meir og vil vare fram til tysdag morgon. Vidare meldes det om opphald, før det blir regn igjen mot helga, skal vi tru vêrmeldinga på yr.no.
Les heile saka
På årsmøtet til Todalen historielag var det premiere for videofilmen Todalsfjorden minutt for minutt. Filmopptaka vart gjort i byrjinga av september 2013, på ein av dei siste turane som ferja Førdefjord gjorde mellom Todalen og Kvanne. Det var daverande ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, som hadde ideen til filmen og Svein åge Saksen som gjorde filmopptaka. No er DVD’n på marknaden med eit redigert opptak på rundt 30 minutt.
Les heile saka