Ja, det er oppfordringa til alle som har lyst til å bli med. kvar måndagskveld er det volleyballtrening i gymnastikksalen i Todalen oppvekstsenter, og treninga startar kl 19.00 og varer utover til kl 20.30. Sist måndag kveld var vi innom ein tur for å ta pulsen på opplegget, og da var det 16 ungdommar som kjempa om ballen.
Les heile saka100 år med fotballhistorie
I forbindelse med at Nordmøre og Romsdal Fotballkrets er 100 år i år, så har det vært detektivarbeid i gamle protokoller for å lage stoff til eit jubileumshefte. Knut Haugen har i helga vore med på dette arbeidet i Molde, og kom over gamle artiklar om både IL Søya og gamle Todalen Idrottslag.
Les heile sakaMykje aktivitet på isen….
Stabile vêrtilhøve har gjort at det etter kvart har vorte fin is på asfaltplassen på Bordholmen. Idrettslaget har dagleg sprøyta på vatn for å få isen jamn og fin, og no er det mange som brukar isen kvar dag og utover kvelden. På Bordholmen er det også ein del utstyr som er lagt ut til utlån, slik at du får prøve isen uten å kjøpe nytt utstyr. Alt tyder på at det blir fint også i dagane framover, da vêrmeldinga spår opphald og litt kaldare vêr utover veka.
Les heile sakaKraftig nedgang i laksefisket i 2013
Statistikken for elvefisket etter laks vart frigjeve i fredag. Den viser på landsbasis ein nedgang på 19% i 2013, samanlikna med 2012. Dersom ein samenliknar 2013 med gjennomsnittsfantane sida 2000 er nedgangen på 18% i 2013. Nedgangen er gjeldande for det meste av landet, med unntak av nokre elvar på sørlandet og nokre i Troms. For Toåa er det også stor nedgang, og dersom ein samanliknar laksefisket i 2013 mot 2012 er nedgangen på heile 63,5%. Her må ein imidlertid ta omsyn til at fiskesesongen var nedkorta med 2 veker i starten av sesongen og 2 veker i slutten av sesongen. Fisket i Toåa starta 15. juni og slutta 15. august, mot tidlegare 1. juni til 31. august!
Les heile sakaSola er tilbake på «prærien»…
Vi går no inn i siste uka i januar, og kan glede oss over at sola er på veg tilbake. I Todalen er det nok i første omgang i Sissigrenda og på Kvennsetørå at vi hittil har kunna nytt dei første solstrålane, men neste veke vil nok både Smålandsgrenda og Husbygrenda få føling med sola igjen. Og resten av bygda følgjer nok etter kvart….
Les heile sakaFredag 7. februar: Landbrukskonferanse i kulturhuset
I neste veke arrangerer Surnadal Sparebank og Surnadal kommune Landbrukskonferansen 2014, saman med Todalen bondelag og Surnadal bondelag. Det skjer på Surnadal kulturhus fredag 7. februar, og har eit rikhaldig og aktuelt program. Konferansen startar kl 9.30 og går fram til kl 15.30. Dei kan by på mange interessante foredraghaldarar gjennom dagen, berre avbote av ein lunchpause under vegs.
Les heile sakaStem på «Årets bilete 2013»
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2013. No er det snart fire år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i sommar er det fem år sidan Todalen.no starta opp, med dagens bilete som ei viktig brikke.
Les heile sakaKM i friidrett på Tingvoll
Laurdag 1. februar inviterer Tingvoll IL til innandørs kretsmesterskap i friidrett i Tingvollhallen. Ski- og friidrettgruppa i Todalen håpar at nokon frå vårt idrettslag også kunne tenkt seg å delta. Leiar Ole Martin Øyen lokkar både med fri reise og deltakaravgift.
Les heile sakaTømmerdrift med helikopter
Det er ikkje første gongen det er tømmerdrift med helikopter i Todalen, men det er kanskje første gongen at det fraktar ned furu som skal brukast til takspon på stavkyrkjer. Tysdag var det full fokus med både helikopter og mykje pressefolk i Øyalia i ein av skogteigane til Ståle Ansnes.
Les heile sakaFortsatt ein av gutta!
Ola Polden, seniorkonsulent ved industrimekanikklnja på Surnadal vidaregåande skule, er fortsatt engasjert med ungdommane som går på den mekaniske linja. Og som seg hør og bør var det storveies kakelag når han fylte heile 89 år. Og jubilanten sett pris på både den sosiale og faglege biten med sitt engasjent på skulen.
Les heile sakaNytt design på Porten
Trollheimsporten.no fekk i løpet av mandag føremiddag nytt og oppdatert design på nettsida si. Forvandlinga er umiddelbart ganske stor, då framsida er vorte ein god del ryddigare å sjå til. Ellers er stort sett dei samme infoknappane på plass med den informasjonen som alltid har vore der.
Les heile sakaNy strømutkobling
Svorka melder om nok ei strømutkobling, i morgon 21. januar. Da er det strekninga Falløya-Kårvatn som blir berørt i tidsrommet 9.30-15.30.
Les heile saka