Frå Surnadal kommune er det kome kokepåbud for abonnentane i Bjøråa vassverk, Todalen: «På grunn av svikt i desinfeksjon blir det krevd kokepåbud fra og med no. Nytt varsel gis når det opphører. Med venlig hilsen, Surnadal kommune»

Frå Surnadal kommune er det kome kokepåbud for abonnentane i Bjøråa vassverk, Todalen: «På grunn av svikt i desinfeksjon blir det krevd kokepåbud fra og med no. Nytt varsel gis når det opphører. Med venlig hilsen, Surnadal kommune»
Da er leveransen av vatn i gang i gjen frå Bjøråa vassverk. Dei får ikkje retta feilen på renseanlegget før måndag, og difor sender dei no urensa vatn ut til abonnentane til vassverket. Difor blir abonnentane inntil vidare pålagt kokepåbud for vatn som skal brukast til drikke eller matlaging. Vi stakk innom styringssentralen i Brusetmarka, […]
Les heile sakaBefalsvakt Gunnar Bøe melder at vassleveransen frå Bjøråa vassverk er komen i gang igjen, men med litt redusert trykk og ustabil leveranse. Det er problem med UV-anlegget som er årsak til problema. Det siste er at det blir heilt stopp i leveransen igjen ein kort periode, for å prøve å få leveransen stabil.
Les heile sakaDet kommunale vassverket i Bjøråa fikk driftsstans laurdag føremiddag. Teknisk vakt var raskt på plass i driftssentralen og konstaterte problem med UV-anlegget, og han rekna med å få anlegget i drift igjen ganske raskt. Bjøråa vassverk har vassforsyninga frå Gammelfabrikken og nedover til Todalshytta, samt boligfeltet på Flathaugan.
Agnete Øyen vart lettare sjokkert da ei gaupe kom spaserande etter asfalten forbi huset no i kveld. Ho sto i telefonen heime på Brustad da ho kika ut gjennom vinduet og fekk sjå gaupa som kom etter vegen. Gaupa stoppa og såg opp på Agnete, før ho forsette innover forbi Brusetbrua og innover i retning Lykkja før ho forsvann oppi skogen.
Les heile sakaStarten på årets laksesesong tyder på at det er lite innsig av laks til mange av elvane i distriktet. Etter midtsesongevaluering er det difor mange elvar som har innførst strengare kvotar og regulering av fisketida i samråd med Miljødirektoratet. Enkelte elvar har faktisk gått til det skrittet å frede all storlaksen.
Les heile sakaI fjøset hos Ola Kvendset i Viastua er det kø for å kome til verda i sommar. I løpet av eit par månader er det eit 30-tals kalvar som skal sjå dagens lys, og det er alt no kome 6 som er komne oppi samlebingen. Med andre ord er det ganske konsertrert kalving denne pereioden og hektisk for Ola som skal være «jordmor» for dei fleste.
Les heile sakaStupsi, eller Reiner Thiemann som er det rette namnet er på ferie i Todalen. Da Todalen.no trefte han og kona Karin var dei bokstaveleg fortalt på gamle tomter, på Todalshytta. Dit kom han nemleg saman med ein gjeng tyske turistar på første gruppereisa som Vikingenreisen arrangerte til Todalen i 1969 – for 45 år sia.
Les heile sakaTorsdag 24. juli går startkonserten til årets Stangvikfestival. Ein festival som set kvalitet i høgsetet når det terpast på øvingar og ikkje minst når gjennomføring av konsertane skjer på dei ulike intime konsertlokala. Åpninga under årets festival er lagt til Gammelfabrikken i Todalen med Marianne Meløy og Trygve Brøske si markering av stemmerettsjubileet; STEMT. Arrangørane lovar ei fantastisk framsyning i fantastiske omgivelsar.
Les heile sakaFredag vart det opna to nye ladestasjonar for elbilar på Nordmøre. I Amfi Surnadal, vart det montert og sett i drift ein fleksiladar. Den står på vestsia av Rema 1000, like ved trafokiosken, medan ein komplett hurtigladestasjon vart sett i drift på E39 ved Valsøytunet på Valsøya i Halsa. Ladaren på Valsøya er den første hurtigladestasjonen på Nordmøre, og ladar batteriet på elbilar på 10-30 minutt.
Les heile sakaFleire har kanskje observert fisk ved Halsabrua som ikkje ser heilt «fast i fisken» ut den siste veka. På kveldens runde rundt bygda vart det tid for ein stopp på brua, og undertegnende fekk sjølv sjå den store ruggen med særdeles store skadar i hovudregionen. Laksen ligg forholdsvis roleg under brua, og har store åpne kjøttsår. I følge fiskarar som ferdast i Toåa, skuldast dette eit soppangrep.
Les heile sakaNatt til onsdag var det storbrann på Halsanaustan, da den gamle skulebygninga ved Husmorskulen vart totalskadd i brann. Huset var fort overtent, og sjølv om brannvesenet kom fort til var det umuleg å berge den flotte bygninga. Brannvesenet i Halsa fikk etter kvart forsterkningar frå Surnadal, og med felles innsats klarte dei å berge det […]
Les heile saka