Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar ny sesong – første tur til Sjøasetervatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. august 2014

7. august er Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag igang igjen etter ein lang sommarferie. Den første turen går til Sjøasetervatnet, der turmålet er hytta til Torild og Tor Magne Halset. På terminlista er det 10 turar på haustprogrammet, der det er turar rundt omkring i heile kommunen.

Les heile saka

Endelig i mål etter 38 dagar på tur

Elinor Bolme Fredag 1. august 2014

I går var siste etappe endeleg ferdig for ungdomane som har gått Norge på tvers, frå Femunden til Stadt. Søsterene Ane og Erika Kårvatn og Emil Haugen Ansnes kom kl 12.18 i «mål» etter 38 dagar på tur på Kjerringa, like ved Vestkapp. Dei har heile turen oppdatert bloggen sin, og kan der berette om topp verforhold, som har gjort turen til ei kjempeoppleving. Heile 562 kilometer unnagjort på 38 dagar.

Les heile saka

Norway Cup dag 5; alle lokale ute

Elinor Bolme Torsdag 31. juli 2014

J16 var det siste av dei lokale laga som i går måtte gi seg i årets Norway Cup-turnering. Dei møtte Sykkylven til 1/16-finale i A-sluttspillet onsdag kveld, men måtte gi tapt med 0-4. Dei øvrige laga gjekk ut tidligere på dagen.

Les heile saka

Eitt år har gått…

Elinor Bolme Torsdag 31. juli 2014

På føremiddagen i dag er det akkurat eitt år sidan raset uti stranda vart utløyst etter store nedbørsmengder. Ei hektisk tid, i allefall dei første døgna, men også ei tid med mange trivelege minner som ein av og til tek seg sjølv i å savne pittelitt. I den anledning har vi naturlegvis vore i kontakt med mannskapet både på skyssbåten Tollesund og frakteskipet Maursud, for å høyre kva dei driv med året etter.

Les heile saka

Nytt og imponerande skimuseum

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. juli 2014

Rindalingane har mykje skihistorie å ta vare på, både sportsleg skihistorie og ikkje minst industriell skihistorie. Derfor er det nok på sin plass at denne historia blir teken vare på og vist fram til komande generasjonar. Det har jammen Rindal skimuseum klart på ein framifrå måte. Det nye skimuseet har fått med seg heile den lokale skihistoria, samtidig som dei har teke vare på industihistoria og presenterte dette på ein fin og balansert måte i det nye skimuseet. Eit besøk der kan absolutt anbefalast!

Les heile saka

Åpen pub lørdag

Elinor Bolme Onsdag 30. juli 2014

Førstkommende lørdag 2. august meldes det om at Pakkhuset kro held åpent. Da blir det muligheit for forfriskende drikke i forhåpentleg fin kveldssol på terrassen. Serveringa åpnar kl 21.00.


Norway Cup dag 4; J16 klare for 1/16-finale

Elinor Bolme Onsdag 30. juli 2014

J16 har i dag slått bergenslaget Askøy og er dermed videre til 1/16-finale i A-sluttspillet.
Knut HAugen melder om kjempeinnsats og solid spill av jentene. Ingrid Bæverfjord scoret på et knallhardt skudd etter corner, like før pause.
Jentene avanserer dermed og møter Sykkylven til ny kamp på Bjølsen i kveld kl 18.25.

Les heile saka


Med Snøhetta som turmål

Oda Halle, tekst og bilder Tysdag 29. juli 2014

Det har lenge vore i planane å bestige Snøhetta, og endeleg fekk vi både tid og anledning. Turen gjekk dermed for meg, Siv og Bjørn fredag kveld til Dovre, der vi pirat-campa på ein grusplass saman med likesinna, før vi køyrde til Hjerkinn laurdag morgon.

Les heile saka

Mot skivene – fem skot – eld!

Jon Olav Ørsal Måndag 28. juli 2014

Søya og Todalen skyttarlag er forlengst komne i gang med skyteprøve til årets storviltjakt. Det er berre ein stor månad til storviltjakta startar og i Ranheimsvingen er det full aktivitet med skyting kvar måndagskveld. Jaktaskyttarane må på skytebanen minst 2 gong for å avlegge skyteprøven. Det må først skytes 30 prøveskot, og så er det 5 skot mot dyrefigur, der alle 5 skota må være treff innafor ein sirkel med diameter på 30 cm.

Les heile saka

Norway Cup dag 2

Elinor Bolme Måndag 28. juli 2014

Tre av dei fire lokale laga «våre» har også i dag vore i aksjon under Norway Cup. J14 tapa dessverre 0-3 mot eit litt sterkare Skjoldar lag frå Rogaland. J16 (hovedbildet) vann derimot 3-0 over Hødd. Her var det Rakel Kvande som scora 2 mål, og Oda Ansnes som scora det siste.

Les heile saka

Norway Cup, dag 1

Knut Haugen Måndag 28. juli 2014

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen stiller med 4 lag i årets Norway Cup, med tilsammen 65 spillere fra J14, G14, J16 og G16. Den første spilledagen, søndag 27.7, startet med at G16 tapte 0-3 mot KFUM-KAM Oslo 2, før vi fortsatte med tap 1-2 for G14 mot Vind 1 og 0-2 mot Nordre Fjell/Nest Sotra. J16 klarte å snu […]

Les heile saka