Dette blir ein spanande vinter for Oda Halle. Måndag 18. august reiser ho til andre sida av jordkloden – eller nærare bestemt til Auckland på New Zealand. Saman med venninna Liv Ingrid Helgetun set dei seg på flyet i Trondheim, og første mål er Gardermoen og vidare til Qatar og vidare til Singapore, der det er stopp i første omgang.
Les heile saka
Sist det var open gard i Viastua, var arrangementet ein del av Todalen idrettslags 100-årsjubileum i 2008. Sia den gongen har det skjedd mykje i Viastua, sist med utbyggjing av fjøset og installering av mjølkerobot i perioden 2011 til 2013. No er det Ola Kvendset som er eigar og drivar, og Gudmund og Wenche er kårfolk. Open gard er eit arrangement i regi av Todalen Bondelag.
Les heile saka
Det var amnge som tok i mot invitasjonen frå Ingvild og Laila og tok turen til onnakafé på Kårvatn. Dei fleste kom pr bil, men det kom også folk på sykkel og sågar til fots. Ingvild hadde rigga seg til med kaffesalg i butikken, med kortreiste kaffebrød og sjølvsagt nasjonalretten «graut og bakels».
Les heile saka
Neste søndag den 24. august er det stordag for todalen.no. Da fyller nettstaden heile 5 år og dette tykkjer vi ikkje kan gå ubemerka hen. Derfor vil vi lage til stand på Matkroken denne dagen under kioskåpent, med gratis kaffe og kaker for den som stikk innom.
Les heile saka
Laurdag melder Ingvild Kårvatn at det er onnakafé på Kårvatn Fjellutstyr. På tross av minimalt med innhausta todalskorn, prisar dei at slåtten går mot slutten og serverer alskens godt til dei som tek turen på Låven denne dagen. Ingvild kan friste med kaffe, bakels og græt, eplekake med epler frå Ålvundforden og egg frå Pestua, lefser fra Viastua og ingefærte med gjeldneshonning.
Les heile saka
Sist laurdag var det storstilt redningsaksjon på Vassnebbvatnet. Båten der oppe hadde blåse vekk etter ei vindkule i vinter, og har vore sakna sidan. Båten var fram til da alt som var igjen etter at Dagmar tok med seg hytta som sto ved vatnet.
Les heile saka
Kampoppsettet for neste helgs Søyacup er no klart. Dessverre blir det ingen J12-serie, da det vart berre to påmeldte lag i denne klassen. I staden kjem Tingvoll G12 og Surnadal med enda eitt G 10 lag.
Gjeldende oppsett finn du her, med mulighet for små endringar da nokon av dei aller yngste har for lang kampdag i følge arrangør IL Søya.
Les heile saka
Torsdag 14. august møttest stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag i Sollia i Settemsdalslettet. Her vart vi møtt av Edna Skrøvset og Kari Sollid Heitmann, som hadde ordna med heile opplegget for turen.
Les heile saka
For juli kan vi gratulere Reidar Østvik som vinnar av månadens bilete med «En dramatisk dag oppe i fossen». Det var nesten 200 stemmer i avstemninga, og tett bak vinnaren kom «Utsikten fra båthuset» av Linde Valcke. Premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka
Guttene på A-laget til Søya/Todalen har brukt sommerpausen til masse god trening. Torsdag fikk Valsøyfjord kjenne på det. Inspirert av sommerens fotball-vm og en ny 3-4-3 formasjon stoppet ikke Søya/Todalen før de hadde skåret 7 mål. Målskårere Amund Talgø, Erling Øie, Ole Martin Øyen, Gjøran Stenberg x 2 og Ola Heggset x 2.
Les heile saka
Det er fortsatt rå for den med rette kvalifikasjonar å få seg jobb i surnadal. Sist vi hadde sak på dette kom vi nesten ut av tellinga på antall utlysningar. Også no, ei stund seinare er det fleire utlysningar. Amfi Kreativ, med hovedkontor på Landbrukshuset på Skei har no ledig stilling som prosjektledar reklamebyrå.
Les heile saka
Denne veka har det vore montering av eit nytt stort trefjøs på Mauset i Surnadal. Det er Sivert Mauset som er byggherre, og Monteringa starta så vidt måndag ettermiddag. Tysdag i kvelding var alle dei 56 elementa heisa på plass og montert på grunnmurane. Det er eit såkalla kaldfjøs, som er bygd for 53 ammekyr med kalv, – i tillegg til påsettkviger, fortel Sivert Mauset som sjølv har planlagt heile prosjektet.
Les heile saka