Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brann, kos og hygge

Elinor Bolme Sundag 1. desember 2013

Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet.

Les heile saka

Julegrantenninga utsett til måndag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2013

På grunn av sterk vind og mykje regne har PT-utvalet beslutta å utsette julegrantenninga ved Matkroken L. Hals til måndag kveld. Vêrmeldinga for måndag ettermiddag er mykje betre, og da blir det julegrantenning med det same programmet kl 17.30.


Innspurt til jul….

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2013

November har vore i julemessenes teikn her på Nordmøre. Det starta med Rindalsmessa, og sia har det gått slag i slag. Laurdag var det Todalen sin tur, og julestemninga var til å ta og føle på i ungdomshuset. Dei fleste utstillarane var nok frå Todalen, men det var også innslag utabygds frå. Utstillarane hadde litt tå kvart å by på; både mat, strikkavarer, tresløyd og anna pynt.

Les heile saka

Førjulsprogram med innslag frå Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 29. november 2013

Eirik Haukenes, som er videojournalist i NRK, var fleire dagar i Todalen for å lage stoff rundt hendingane dei første dagane etter raset i sommar da bygda var isolert frå omverda. Denne veka har han eit par dagar treft att mange av dei han interju den gongen, for å høyre korleis livet har arta seg […]

Les heile saka

Julegrantenning 1. søndag i advent

Elinor Bolme Fredag 29. november 2013

Førstkommende søndag arrangerer PT-utvalget i Todalen julegrantenning på Matkroken. Her blir det besøk av nisse og servering av gløgg, kaffe og pepperkaker.

Les heile saka

Månadens bilete: Morgonstemning

Ole Petter Talgø Fredag 29. november 2013

For oktober kan vi gratulere Marit Sanden Søyset som vinnar av månadens bilete med «Morgonstemning». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Førjulstreff med brannvern

Førjulstreff med brannvern

Elinor Bolme Torsdag 28. november 2013

Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.

Les heile saka

Problem med breibandet

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. november 2013

Med årsak i uværet melder Svorka at dei har problem med breibandleveransen innover til Todalen. Det er sett i gang feilretting, og Svorka Aksess rekar med at breibandsleveringa er på lufta igjen om ei lita stund. Ifølge Svorka ligg feilen i anlegget ved Bjønndulu.

Les heile saka

NRK-innslag frå Todalen

Elinor Bolme Tysdag 26. november 2013

I morgon kjem NRK Møre og Romsdal til Todalen igjen. Det er Eirik Haukås som var utegåande reporter under dei verste dagane etter raset, som no kjem tilbake for å lage ein reportasje om tilstandane no når det har normalisert seg igjen.

Les heile saka

118 dagar og 20,5 millionar etter

Elinor Bolme Tysdag 26. november 2013

118 dagar er no gått sidan raset tok med seg vegen uti stranda 31. juli. Og aller helst skulle det nok ha vore ei lita markering på det i dag, sidan alle spor etter oppryddingsarbeidet i dag vart fjerna. Betongrenoveringsmannskapet reiste i går, medan A Gjerde i dag sette opp rekkverket på nedsida av vegen.

Les heile saka

Todalslista på plass

Ole Petter Talgø Tysdag 26. november 2013

Då har vi endelig fått på plass Todalslista, etter eit års fråvær. Du finn den under menyen «Om Todalen» i toppen. Ta gjerne ein tur innom og sjå om du er oppført med korrekt adresse, og korriger den hvis du ser at noko er feil.

Les heile saka

Sikringsgjerdet: – jobben er gjort!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. november 2013

Måndag vart monteringa av sikringsgjerdet ferdig – jobben var gjort for dei tre karane frå Bjerkvikfirmaet Betongrenovering Drift AS. Jobben har gått radigt, og dei har bruka 5 arbeidsveker på jobben med å sette opp det 6 meter høge sikringsgjerdet like ovafor vegen på rasstaden. Det er no gått 4 månader sia raset tok med seg ein bit av fylkesveg 671 ned på havets djup. Det skjedde onsdag 31. juli ca kl 9,45.

Les heile saka