Opninga av riksveg 671 vart opna etter plana idag. Faktisk skjedde det så snart vegen var klar i 13.30-tida, og dei første bilane var alt passert da Todalen.no’s kom dit. No blir vegen open gjennom heile helga, til måndag morgon i 8-tida og skulebussane har passert.
Les heile sakaOrdinær skuleskyss frå mandag 9. september
Surnadal kommune melder no om at skuleskyssen frå Todalen går som normalt frå måndag 09.09. Det vil seie avgang frå Hals-brua kl. 07.50 og vidare rundt opp på sørsida som vanleg. Dette gjeld både elevar på Surnadal ungdomsskule og elevar ved Stangvik skule.
Tidlegbussen går som vanleg kl 07.15 frå Halset bru og køyrer som vanleg IKKJE om Brusetmarka.
Felte 13-spiring i ettermiddag
Odd Arne Vikavoll fikk full utteljing i ettemiddag, da han felte ein fin 13-spiring under ettermiddagsjakt på terrenget til Talgø- og Kårvatn jaktlag. I tillegg fikk han også ein kalv på posten, som vart felt.
Les heile sakaKlart for vegopning i morgon kl 15.00 – oppdatert
Vegen inn til Todalen åpner allerede i morgon kl 15 melder sjefsingeniør Ivar Hol i Statens Vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet har gått så bra unna dei siste dagane så Vegvesnet er glade for å kunne åpne vegen tre dagar før først antatt etter siste anslag. Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar og får lysregulering når den er åpen.
Les heile sakaOpning søndag kl 16 – 18
Søndag kl 16 – 18 er det klart for opning av idrettslagets treingsstudio dei gamle lokala til Posten (eller BP’n for dei som har lev litt lenger). Det siste året har det vore lagt ned ein stor innsats for å få til eit treningsstudio. Må berømme ungdomane som har stått med oppussing og utviding av lokala. Dei siste dagane har det vore montering av treningsutstyr og litt prøvekjøring av treningsapparata. Søndag er det endeleg klart for opning.
Les heile sakaSpent på resultatet…
196 sauer og lam sendte Bjørn Kvendset til fjells på forsommaren. 170 er alt komne heim frå beite i området ved Kjerringa og Vassnebba, medan 4-5 dyr er registrert borte tidlegare i sommar. Status er 21 sauer og lam som er igjen på fjellet. Bjørn har håp om å finne dei fleste, for det er ikkje så lenge sia dei var sett i beiteområdet.
Les heile sakaOppstart strikkekaffe
Førstkommande lørdag er det oppstart med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Da er det fritt fram for alle handarbeidslystne å ta turen til huset for ein triveleg ettermiddag med sosialt samvær og noko lite å bite i melder arrangørkomiteen.
Les heile sakaSkikkeleg framdrift på vegarbeidet
Måndag var det fullt arbeid med å rydde vegbanen på fylkesveg 671 inn til Todalen. Samtidig foregikk det boring og førebuing til sprengning i området som no skal bli ny vegbane over rasstaden. Men sjølv om 9. september er nemnt som premieredag for å starte kollonnekjøring over rasstaden er nok den endelag datoen litt usikker.
Les heile sakaKonfirmantfest og jubileum
Komande helg er det markering av 50-årsjubileum for konfirmantane i 1963. Det året var det 11 konfirmantar i Todalen kyrkje, og laurdag 7.9. om kvelden er dei invitert til jubileumsmarkering i Todalen ungdomshus, saman med årets konfirmantar og andre som har lyst til å delta. Søndag 8.9. er jubilantane spesielt invitert til å ta del i gudstenesta i Todalen kyrkje.
Les heile sakaSoknerådsvalet 2013 – kom og stem!
Det blir soknerådsval i “Skulstuå” måndag 09. september 2013, kl. 12.00 – 20.00 og det skjer samtidig med Stortingsvalet. Det er i år 2 medlemar, samt 3 varamedlemar som skal velgast; Knut Halset og Ildri Sjøland Øyen (frå det “gamle” soknerådet ) fortsetter i 2 år til, sammen med dei som bli valt inn i soknerådet under valet den 9.september. Valg for “berre” 2 år denne gong; – i 2015 blir det valg for 4 år i soknerådet.
Les heile sakaTrollheimen rundt med buss
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag arrangerte «TROLLHEIMEN RUNDT» med middag på Gjevilvasshytta og kafferast ved dammen på Granasjøen sist laurdag (31. august). Tross berre så høveleg turver fekk vi godt innblikk i og utsyn over dei største hovudvasskjeldene til både «Driva» og «Svorkmo» kraftverk. Dessuten; på Gjevilvasshytta meska vi oss med ein treretters middag.
Les heile sakaEin makalaus månad…
August har vore makalaus på alle vis. Det store raset uti Stranda gjorde att august månad var heilt annleis enn kva folk hadde planlagt. Men folk vart ikkje rådlause av den grunn, og vi har gjennom ein heil månad vore vitne til både stor kreativitet for å finne løysingar og stor innsats frå alle kantar for å gjennomføre tiltak og sette ting i system. Det har vore stor fokus på raset og aktivitetane i etterkant, både i riksdekkjande, lokale og ikkje minst sosiale media. Det høyrer nok tida til.
Les heile saka