Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimen rundt med buss

Trollheimen rundt med buss

Martinus Torvik, Styremedlem i Pensjonistlaget Sundag 1. september 2013
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag arrangerte «TROLLHEIMEN RUNDT» med middag på Gjevilvasshytta og kafferast ved dammen på Granasjøen sist laurdag (31. august). Tross berre  så høveleg turver fekk vi godt innblikk i og utsyn over dei største hovudvasskjeldene til både «Driva» og «Svorkmo» kraftverk. Dessuten; på Gjevilvasshytta meska vi oss med ein treretters middag.
Reinskav og alt det gode som høyrer attåt samt kaffe og dessert. Der vart også soga om todalingen som meinte han la ned ei steik i sin nye frysar og seinare, da det drog ut med å få pakken hard, måtte konstatera at det var ei særleg lodden skinnhuve som låg der. Ved Granasjøen vart Brit, Grete og Lisbet sin bakst bydd rundt og gjekk unna. Veret hindra dei lange marsjane, men Per losa dei ivrigaste eit stykke på vegen mot Jøldalshytta og Ingrid, snart 93 år var ein av dei ivrigaste. Det var forresten berre så vidt at todalingane kom med på turen, i det hard vind hindra bilferga «Førdefjord»å legga til ved Sandkaia, men rik på sjøtransportalternativ som bygda for tida er, køyrde vi berre over til Nessakaia og vart derifrå skyssa med «Tollesund» til Svinvika og vidare inn på vegnettet. Buss-sjåføren vår, i år som i fjor, var Sverre Kjølstad. Trygg og sikker, også som fotograf. Takk for laget til alle 37 som deltok!
Bildegalleri frå turen finn du nedafor.  Alle foto: Sverre Kjølstad.
 
Publisert: 1. september 2013, 18:05