Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag: førsjulsmesse på sjukeheimen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. oktober 2014

Tysdag 28. oktober arrangerer rehabiliteringsavdelinga og dagsenteret for eldre julemesse på kantina på Surnadal sjukeheim. Her byr dei fram handlaga produkt som brukarane på avdelinga har laga sjølve. I tillegg er det basrabord og sal av kaffe og kaker. Ope i tidrommet 15.00 – 18.00!

Les heile saka

Saknar raud jakke etter sanitetsbasaren

Jon Olav Ørsal Sundag 26. oktober 2014

Liv Larsen saknar ein raud jakke etter sanitetsbasaren i dag. Den er av same type som den blå som hun har på bildet, og av merket Activewear.  Hun reknar med at nokon har feilteke jakken og håpar at den dukkar opp igjen.  Ta kontakt med Liv Larsen på telefon 92 84 92 42 dersom det er du som har feilbytta jakkel eller veit noko om dette.

 


Endeleg vart det kronhjort…

Jon Olav Ørsal Sundag 26. oktober 2014

Ola Talgø skein som ei sol – for endeleg vart det kronhjort på han!  Det var under jaging i Huslia ovafor Talgø Gard at Ola fikk inn fulltreffaren på 12-spiringen. Ola var ein av jagarane og i ei lita opning hadde han nokre få sekund på seg til å få inn skudd på det prektige […]

Les heile saka

Felte stor elgokse i Vassosdumpa

Jon Olav Ørsal Sundag 26. oktober 2014

Laurdag var dagen og timen komen for den 12-takkers elgoksen som heldt til i lia ovafor Vassosen. Talgø jaktlag tok ut oksen, saman med ei elgku og oksen hadde ikkje akkurat hellet på si side, sjølv om den etter beste evne prøvde å stikke av.

Les heile saka

Markerte donordagen på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. oktober 2014

I føremiddagstimane laurdag var det livleg på Matkroken. I tillegg til at det er ein travel handledag, var det både loddsal til sanitetsbasaren og markering av Verdens donordag med infostand og minikonsert. Det var Invild Kårvatn og Fay Johansen som promoterte donordagen med eigen infostand i butikken. Donordagen har stor fokus verda over på denne dagen, for […]

Les heile saka

Nytt uthus på ein blunk….

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. oktober 2014

Torsdag var det hektisk byggeaktivitet på Kvernhaugen, hos Ragnhild og John Moe. Prosjektet er eit nytt uthus på 50 m2, og denne dagen var det klart for levering frå Elementavdelingen hos Møretre. Veggane kom som ferdige element, og vart heisa på plass med kranbilen som kom med leveransen. Dermed var det berre å montere elementa i hop på fundamentet som var klart frå før.

Les heile saka

Sauene kom til rette!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

På Todalen.no hadde vi ei sak med etterlysing av sau og 2 lam i Bjøråskaret for ei vekes tid sia. Det var sauer som Eystein Opdøl på Ålvudeidet sakna, og som har vore sett nyleg. I dag dukka dei faktisk opp i kulturbeita på Bruset, og vart etter kvart gjenforent med eigaren som kom og henta dei i kveld.

Les heile saka

Ståle overlet «roret» til Ola

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

Tysdag var det årsmøte i Todalen Bondelag. Vi har tidlegare omtalt at Ola G. Kvendset tok over ledarjobben etter Ståle Ansnes. Ståle gikk no ut av styret i laget, etter 21 år i forskjellige styreverv – dei siste åra som leiar i laget. Frå årsmøtet har vi fått eit kortfatta møtereferat frå Håvard Halset som er […]

Les heile saka

Pubkveld i Myrvang

Elinor Bolme Fredag 24. oktober 2014

Tordenskjold songlag inviterer til Pubkveld i Myrvang grendahus på Kvanne, lørdag 1.november kl.19.30. Der blir det Irskpreget stemning med mykje fin Irsk musikk lovar korleder Elsa Kvande i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

Kjøp lodd – støtt Sanitetsbasaren!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

Søndag arrangerer Todalen sanitetsforening basar i Sanitetshuset på Kvennset. Det skjer frå kl 14.00, med trekkjing 17.00 Den siste veka har det vore førehandssal av lodd på Matkroken, og dei rapporterer om godt loddsal så langt. Denne helga blir det også førehandsal både fredag og laurdag, og dei lokkar med mykje fine gevinstar.

Les heile saka

Det skjedde i «nattens mulm og mørke»

Jon Olav Ørsal Fredag 24. oktober 2014

Det var lova at spretthoppen ved Lauvåbrua skulle bli utbetra før vinteren kom, og i går kveld skjedde det. Og som Lars Arne Bøe fra Veidekke sa det – «Veidekke kom føre vinteren». Iløpet av gårdagen var den gamle asfalten fjerna, og setninga som har oppstått etter siste storflaumen i 2003 er reparert. Etter utbetring og komprimering var det klart for asfaltering. I går kveld kom Veidedekke med 3-4 bilar med utstyr for asfaltlegging, og i løpet av ein stor time var det nytt og svart asfaltdekke.

Les heile saka

Eit valg for livet, som redder andre…

Elinor Bolme Fredag 24. oktober 2014

Laurdag formiddag vil Ingvild Kårvatn og Fay Johansen ha stand for organdonasjon på Matkroken frå klokka 10 og utover. Her vil dei orientere om det valget ein kan gjera om å bli organdonor, og faktisk redda fleire liv om ein sjølv skulle felle frå brått og uventa. Her blir det kaffe, kaker og minikonset med Svein Håvard Saksen og Inge Bævre attåt.

Les heile saka