Eigedommen Byteng Gnr 143 Bnr 13 er lagt ut for muleg sal. Eigedommen ligg i privat bustadfelt i Øyagrenda, og er bygd i 1981 og er oppført i 1 etasje og har full kjellar. Byteng er bygd på sjølveigartomt på 1121 m2 og består av bustadhus med bruttoareal på 137 m2 og tilhørande garasje bygd 1985, med bruttoareal 32 m2.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Torsdag den 6. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Sjøasetervatnet. Tor Magne Halset hadde ordna med skyss, og han var sjølv sjåfør på bussen og fortalde heile vegen om plassane vi køyrde forbi,  ma. om fiske i Karlvika og om opphavet til Eilertholet.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Kampoppsettet for Søyacupen 22. august er allerede klart. IL Søya tek likevel forbehold om endringer sidan dei er ute i såpass god tid, da det er omlag 2 veker att til sjølve cupdagen. Også i år har dei opplevd stor pågang til cupen, noko som er veldig gledelig. Dessverre fører dette til at dei ikkje har plass til alle lag som har meldt si interesse, og har dermed lag på venteliste. Dei som står på venteliste vil få tilbud om plass dersom nokre lag mot formodning skulle velgje å trekkje seg.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Laurdag er det gubbetrim igjen,  og no intensiverer vi oppkjøringa til returkampen mot Bøfjorden, melder Ivar Helge Kvendset i TILs trimgruppe. Trening foregår på Bordholmen  frå kl 12.00 og utover.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Torsdag kveld var det ny runde på Pakkhuset Kro – Nordmørskveld med gode underhaldningskrefter som fikk til god stemning i eit fullsett festlokale. Det heile starta med traktering med Siri Lunds «patenterte» klippfisksuppe, som etter kvart vart avløyst av flotte kulturelle innslag med lokale aktørar på scenekanten.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Onsdag vart det arrangert Spansk aften på pakkhuset i Todalen. Sjølv om sommarvêret ikkje var på sitt aller beste, var det likevel god temperatur og opphaldsvêr. Frå mange meters avstand kunne ein høyre den gode stemninga frå teltet på utsida av puben.  Rundt seksti todalingar og feriegjestar hadde teke turen for å oppleve den gode stemninga og den eksotiske maten.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Norsk Vandrefestival er i år i all hovedsak spredt over dagene 1.-15. august, med ein konsentrasjon rundt familiecampen ved Mjølksandbukta i Bøfjorden no i helga. Her skal det enkle friluftlivet levast og nyte i fine omgivelsar ved sjøen og fjellet, skriv dei på si heimeside www.norskvandrefestival.no. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Turen går denne søndagen til Vaulen på Nordmarka i Surnadal. Her er det merka sti frå Solåsvatnet, bløtt i terrenget, ca 1 times gange til Vaulen. Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigedomsretten over til private.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Søndag 9. august inviterer TILs trimgruppe til fellestur til Storfjellet og vidare til Storbotn. Turen startar frå Innerdalsmerket kl 10 og går først til Storfjellet, vidare utover til Storbotn og ned i Litjbotn og vidare nedatt om Tristeinan og ned til Innerdalsmerket. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Vi nærmar oss haustens valg og Surnadal  Arbeiderparti har sendt oss oversikta over alle som stiller til valg for deira parti i perioden 2016-2019. Ei lang og fyldig liste, der den enkelte fortel kva dei går på valg til. Vi har også deira partiprogram vedteke 26.11.2014,  for den som ønsker å bla i det.
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Surnadal Jeger- og Fiskerforening arrangerer familiedag med elvefiske på Sommarfjøsvollen på Kårvatn fredag 7. august frå 18.00 – 20.00. Det blir servering av grillmat. Ta gjerne med ditt eige fiskeutstyr. SJFF har noko utstyr til utlån. 
			 Les heile saka
				 
	
	
	
	
	Tysdag drog Jon på tur med bil og sykkel i bagasjerommet. Målet var ein lenge planlagt tur til Trollhetta, der Jon aldri har vore før. Til tross for fleire turar både til Trollheimshytta og Jøldalshytta har ruta over Trollhetta vore innhylla i tåke når han har vore i området. Vi har fått e-post med mange fine bilder, og beretning frå turen. Sterk vind hindra Jon i å nå toppen i dag, men han kom iallfall så langt at målet var innafor synsvidda.
			 Les heile saka