Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spansk aften

Åslaug Klingen Torsdag 6. august 2015

Onsdag vart det arrangert Spansk aften på pakkhuset i Todalen. Sjølv om sommarvêret ikkje var på sitt aller beste, var det likevel god temperatur og opphaldsvêr. Frå mange meters avstand kunne ein høyre den gode stemninga frå teltet på utsida av puben. Rundt seksti todalingar og feriegjestar hadde teke turen for å oppleve den gode stemninga og den eksotiske maten.

Med hjelp frå Siri Lund og Frances hadde dei laga ein spanande og variert spansk buffet, bestående av både fisk og kjøtt. På ekte spansk vis fekk vi servert skinke, spansk pølse, oliven, kjøttbollar, klippfisksuppe, spansk omelett og mykje meir. Det var tydeleg at maten falt i smak hos gjestane, for buffeten måtte stadig fyllast opp og superlativene satt laust.
Prat og latter kunne høyres fra teltet langt inn i sommerkvelden, også etter at alle var mette og fornøgde.

Maten gjekk unna. Foto: Ole Petter Talgø
Maten gjekk unna. Foto: Ole Petter Talgø

Slike kveldar litt utenom det vanlege er populært i Todalen og vi håper det blir fleire slike på idylliske Pakkhuset. Allereie i kveld (torsdag) blir det ny sjanse til å besøke pakkhuset pub, når dei arrangerer Nordmørskveld. Det vil også då bli mogleg å kjøpe seg klippfisksuppa som blei servert i går kveld. Les meir om Nordmørskvelden her.

Publisert: 6. august 2015, 13:48