På heimtur fra kaffebesøk hos naboen oppdaga eg skummelt besøk ved redaksjonslokala. Tenkte først på ransbølga i Oslobøgda, men oppdaga fort at dei var meir troskyldinge og vennlegsinna enn som så. Klarte iallfall med litt sjokolade å opprette ein god kommunikasjon med gjengen, sjølv om dei så skumle ut i førstninga. Klarte også å overtale gjengen til å bli med på fotografering, slik at eg fikk sikra meg bevis med eit bilete.
Les heile sakaHektisk på nisseverkstedet
På denne årstida er det nok stor aktivitet på mange «nisseverksted» rundt i distriktet. I Moa-fjøset er det ikkje noko unntak, for der er Magne Søyset i full gang med sine tresløydprodukt. No er han i innspurten, for alt neste helg (8. og 9. november) er han på plass på julemessa i Rindalshuset for å by fram sine produkt, saman med mange likesinna.
Les heile sakaNo monteres sikringsnettet
Betongrenovering Drift As har no starta monteringa av mastene som skal halde sikringsnettet på plass. Dei er 6 meter høge og er tunge løft som tøyer krankapasiteten til bristepunktet med tanke på rekkevidde. De 3 første av i alt 10 master var komne på plass onsdag, og dei blir no forankra med kraftige virar.
Les heile sakaNetcomdekning – normal drift igjen.
Arbeidet med utskifting og oppgradering av utstyr på Netcoms basestasjon i Todalen er fullført, og området har igjen full dekning med 3G-nett med både breiband og GSM-telefoni. Onsdag har Todalen vore uten mobildekning deler av dagen, berre sporadisk dekning frå baser utafor bygda har vore tilgjengeleg. Men no er altså det nye utstyret på plass og det er normal drift.
Les heile sakaRasande morosamt…kanskje??
Neste veke brakar det laus med revy på Surnadal kulturhus. Det er Svarrabærje Teaterlag som sett opp forestilliga «Klar så etj ægg» med både nye og gamle aktørar på scena, etter ein liten pause på 3 år. Og som da kanskje ikkje var til å unngå; Todalen bli representert, og om muleg parodiert.
Les heile sakaHar du flyfoto?
Laurdag 23. november arrangerer Todalen historielag «bokbad», med lansering av det nye årsskrift for 2013. Dette arrangementet var opprinneleg planlagt til påfølgande søndag, men da er nok mange opptekne med cupfinalen på Ullevål, og den er det nok ikkje lurt å kollidere med, seier John Moe i Todalen historielag. Men laurdag 23. november, utpå ettermiddagen, blir det altså arrangement i Todalen ungdomshus. John fortel vidare at eit av programinnslaga denne dagen blir temautstilling av flyfoto. Historielaget oppfordrar derfor alle som har flyfoto som kan stillast ut til å ta kontakt.
Les heile sakaAmerikabrev: – Vindruene er komne i hus
I dag tidleg «tikka det inn» amerikabrev i e-postkassa. Det var ei helsing frå Jean og Olav Kvendset, som forlengst er attende på farmen i Pope Valley i California etter sommarferien i Todalen. No er det travle tider med innhausting av vindruene dei har på farmen, som dei driv saman med familien til Jeans bror Mark. Jean og Olav har sendt oss nokre bilde frå arbeidet med innhaustinga, og dei nyttar samtidig høvet til å helse både til Todalen og til lesarane på Todalen.no. I «amerikabrevet» skriv dei mellom anna:
Les heile sakaBasarrekord!
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Med eit litt for lite lokale, nok ein gong, var det til tider varmt og høglytt med besøksrekord frå bygdafolket. Saniteten har vore sterkt frampå siste veke, med ein finger med i spelet på Stememrettsjubileet på Gammelfabrikken torsdag, og damene var derfor overvelda over kor mykje som kom inn etter at dei tok ei opptelling etter trekninga på basaren.
Les heile sakaTorstein endeleg ute med plata si
Endeleg er debutplata til Torstein Snekvik her! «Ut av det blå» er eit album fullt av energi med fengande rockelåtar som heilt klart kler Torsteins stemme, stil og vesen. I tillegg finn ein også vakre balladar og songar med tematikk der Torsteins engasjement og modenheit skin igjennom.
Les heile sakaFotballavslutning
Søndag var det fotballavslutning for KUST sine 13- og 14-årslag.
Lagledere, trenere, spillere og foresatte var invitert til Ungdomshuset i Todalen for å markere at fotballsesongen 2013 er over.
Les heile sakaSøndag: Haustfest i Start 4H
Søndag 3. november ønsker Start 4H alle saman velkomne til den årlege haustfesta i Todalen skule. Kl 17.00 opnar utstillinga og underhaldninga startar kl 18.00. Det vert enkel servering samt loddsal, melder Start 4H.
Blir du med og lager julerevy?
Det var ein entusiastisk gjeng som var samla til første møte om julerevy. Det er fotballgruppa som står som arrangør av 3.-dagsfesta og dei følgjer tradisjonane vidare med revy på programmet. Dei ligg enno i startgropa, og treng mange til å være med for å få til dette, og vi går no ut for at alle som har lyst skal få sjangs til bli med. Vi treng folk til å være med på skriving, på scena, bak scena og til mange andre jobbar. Du treng slett ikkje å væra «proff» – vi har bruk for alle, seier ledar i fotballgruppa Borghild Talgø.
Les heile saka