Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik leirskule på Bjørnsund

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mai 2015

I veka som gikk var elevane i 7. klasse i Surnadal kommune på tradisjonelt leirskuleopphald på Bjørnsund. Det var ei stor oppleving for elevane og det var både mykje å lære og mykje å prøve. Frå Britt Mossing ved Todalen skule, som var ein av lærarane som deltok i opplegget, har vi fått mange fine bilder og litt informasjon om opphaldet på Bjørnsund.

Ho skriv. «Bjørnsund er eit fråflytta fiskevær ute ved storhavet. Til Bjørnsund høyrer 4 øyar og fleire holmar og skjer. Vi bodde på Nordre Bjørnsund, og hadde flott vêr under opphaldet frå måndag til fredag sist veke. Elevane fekk vere med på praktiske aktivitetar ute. Alle fekk lære å ro, og å sette garn og krabbeteiner. Fangsten vart undersøkt, artsbestemt og sløydd. Smaksprøvar var det å få av både krabbe og strandsnegl. Vi var på havfiske, og på rotur til Søndre Bjørnsund. I tillegg fekk vi høyre om historia til dei som budde her ute og dreiv fiske.
Torsdag var vi ein tur til Bud, der vi fekk omvisning i Ergan kystfort etablert av tyske tropper i 1941.»

Bildeglimt frå opphaldet på Bjørnsund – alle foto: Britt Mossing

Publisert: 11. mai 2015, 12:00